cover

Flora In the Darkroom

Al DeLoner

CD (2006) - Playground / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Blues

Spor:
Revenge
Watertest
Frankie and Lou
Rock'n'roll Sucks
Killer
Pistol
Two Steps
Religious
Still Country
Wake Me Up
Sex, Violence & Death

Referanser:
Midnight Choir
Chris Eckman
Red House Painters
Norfolk & Western
Nikki Sudden

Vis flere data

Se også:
The Mess Age Is Joy - Al DeLoner (2004)
Itchy And The Girl Dancing - Al DeLoner (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Fantasiar frå mørkerommet

Ein hardkokt dose med fengslande grums frå mørkerommet.

I omtrent same grad som Ian Curtis fanga sanninga om låtane sine bakom namnet Joy Division, så kasta Al DeLoner det korrekte lys over stoffet på solodebuten sin ved å kalle den The Mess Age Is Joy. Ei angstfull og forhutla affære var det, nesten ut i den totale paranoia. I sitt andre framstøyt er det framleis dei mørke sfærar som omkransar han, men no står han oppreist, og han er ikkje aleine.

Flora In the Darkroom er spelt inn saman med ein gjeng tyskarar i eit studio i Erfurt. Ein fyr med det snodige namnet Ringo Fire har produsert, den nyleg avdøde britiske kultlegenda Nikki Sudden stakk innom, og cover-illustratøren Gerd Mackensen inspirerte i si tid Velvet Underground til å lage Venus In Furs. I den uraffinert og telegramstil-liknande framstillingsmåten til den tidlegare Midnight Choir dirigenten kan ein vel også få ein og annan assosiasjon i Velvetske retningar. Og i ei låt, Frankie & Lou, meir enn som så. Her gjengjev Al DeLoner nokre utsegn frå homofile Frankie, omhandlande ein mann denne visstnok trefte i ein bar i Hamburg ein gong; "Lou Reed's dick is big and mean, proper size, a real fucking machine". Hmmm... han blir visst observert både her og der den gamle travaren, for nokre månader sidan hevda Norah Jones å ha sett han i suspekt omgang med kyr nede i Texas ein stad.

Det er ikkje historier skapt for å gjenforteljast i familievennlige kaffislabberas DeLoner har med seg utifrå mørkerommet. Her er stoff som kan vere tungt og fordøye, stoff som veks til ein uggen sleip masse, og som ein definitivt heller vil spytte ut enn å svelgje. I fylgje DeLoner var det dei morbide skandinaviske hekseprosessane under middelalderen som var utgangspunkt for prosjektet. Den gongen ein kasta ei heksemistenkt kvinne på elva; flaut ho så var ho ei heks og blei brent, drukna ho så vart ho frikjent. Den melodisk velformulerte, og tekstlig hardkokte countryvisa Watertest vart det første resultatet. Og det er stort sett i denne krattskogen rundt den lumske elva det meste på albumet har sitt utspring. Det er rifftung og hatsk blues, sjuke idear og raudt begjær, og jammen om det ikkje er snev av håp ved eit par tilfelle også.

Al DeLoner er kanskje ikkje så altfor interessant når han skrur på elektrisiteten og riffar seg inn i meloditomme bluesrock-strøk, men når han derimot dempar lyden og teiknar intense skisser frå livet bakom fernissen, då byrjar i alle fall merksemda til underteikna å melde seg. For det er då fyren kan komme opp med låtar som Religious. Ei sakral og hudlaus vandring i skitne bakgater og skremmande hjertekammer. Ein akustisk gitar, litt skjør tangentklang, varleg skurr og ein blå saksofon. Ei bøn. Eller kanskje han ser ein annan veg og sansar eit visst håp berre Two Steps unna. Ei låt der versa kjem avmålt mot ein i spørjande bluesfasong, før den i refrenget tar form som ein måneskodande og håpefull kåt faen; "there's a moon and I feel fine ... I'm in the mood for something else than talking".

Ein plass hevdar han at Rock'n Roll Sucks, i alle fall den substanslause og forretningsfokuserte delen av den. Han omtalar seg sjølv som ein framand i slike lag. Det var vel Nikki Sudden også. Sin siste opptreden hadde han når han på sitt uhøvla vis song Wake Me Up saman med DeLoner. Ein vemodstung sak dei to har skrive i hop. Langt ute på den mørkaste sida av alt som heiter vemod høyrer avsluttande Sex, Violence & Death til. Tre vers som i kronologisk orden tar føre seg dei tre omgrepa i tittelen. Sakte, og intenst brennande, sig låta fram mot hovudpersonen si miskunnlause erkjenning av sjølvforakt.

Eg burde kanskje ikkje likt dette her... men eg gjer det.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo