cover

Eclectic Guitar

99th Floor

CD (2007) - Cafe Superstar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Powerpop / Countryrock / Psykedelia

Spor:
He Will Get to Call You Sweet Things Now
Headspin
Cool is Dead
Big Boys
Hairbrush Rules
Brilliant Water
Earthquake in My Head
Everybody Else Was Cool
Like a Dog
Trampoline
Graceful Fall From Grace

Referanser:
Swim
The Kinks
Big Star
The Byrds
XTC
Buzzcocks
The Posies
The Lovethugs
The Jessica Fletchers

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ujålete comeback

Eit comeback som absolutt har noko for seg.

La oss ta ein liten haik med tidsmaskina tilbake til 1988. Verken Jokke & Valentinerne eller deLillos gav ut plater dette året. Og både Motorpsycho og Midnight Choir er fleire år fram i tid. Likevel var det eit av dei betre plateåra i norsk rockehistorie. Og ikkje nødvendigvis fordi dette var året då fire trønderar oppkalla etter ein Iggy Pop-låt for alvor meinte Blodig Alvor Na Na Na Na Na. Like mykje fordi ein dreven trio hadde sett dama på land og fyrte opp The Mercury Motors, og endå meir fordi Sister Rain mana fram sin første og beste dose med perfekt psykedelisert og velvetfarga rockstoff. Utan at så altfor mange fekk nett det med seg. Enda færre var det vel som opna pakka med Little Painkillers føreskrive av den unge og debuterande trioen The 99th Floor.

Dei hadde tatt namnet sitt etter ei legendarisk låt av garasjerockbandet The Moving Sidewalks, og dei spelte gitarkvass power-pop med både rotekta 60-tals vinkling og energisk postpunk-mot rennande gjennom systemet.

Eller for å seie det slik, Little Painkillers var tufta på melodisk teft og stort pågangsmot. Little Painkillers er framleis ikkje gått ut på dato.

Eit par år seinare kom det ein EP, og så vart The 99th Floor borte. Etter den tid har dei sånn dann og vann dukka opp att som Swim. Men har altså i år, 20 år etter sin spede fødsel, henta fram att sitt opphavlige namn. Låtskrivar, songar og gitarist Morten Solli må vel framleis reknast som frontfigur. Bassist Kjetil Moberg er stadig med. Trommisen frå 80-talet Jacob Bordahl er derimot borte, og er blitt erstatta av to blad Jørgensen, der den eine slår på trommer og den andre spelar gitar og trakterer tangentar.

Eclectic Guitar har dei kalla verket, men kan vel neppe skryte på seg gitarvandringar inn på altfor forskjelligarta felt. Lange soloar låg ikkje for gjengen i 1988, og gjer det ikkje i år heller. Det er helst dei korte konsise avleveringane som er deira våpen. Når det er sagt, dei har utvida det soniske vesenet sitt. Først og fremst ved at dei stundom flyt litt saktare av garde, og då gjerne i ein liten straum av psykedelia. Fremste representant for dette er Hairbrush Blues, ein ustø og makeleg sak henta frå ei intoksikert kjelde mellom Waterloo Sunset og Kangaroo. Og då har vi fått tak i to av banda eg meiner å høyre litt ekko frå i The 99th Floor sitt uttrykk. The Kinks og Big Star.

Eit slikt 20 år etter (eller der omkring) opplegg har opp gjennom historia meir enn ein gong vist seg som ein ikkje særlig god idé. Eclectic Guitar går ikkje inn i den tradisjonen. Kanskje er ikkje lommene like fulle av friske tonar og vaken popfinesse som dei var på debuten, men såpass er det at The 99th Floor ikkje kjem seg forbi utan å vekke ei viss interesse denne gongen heller. Brilliant Water er brilliant gitarpop. Earthquake in My Head, litt røffare og slett ikkje ueffen. Om ein type som ikkje heilt klarer å fokusere på dei store hendingane og problema rundt omkring i verda, fordi "the sound of the door you slammed in my face was an earthquake in my head".

He Will Get to Call You Sweet Things Now er soulpop med innleigde blåsarar og dugande framdrift, sjølv om eg kunne tenkt meg den enda litt saftigare. Trampoline har dette herlig popidiotiske refrenget som nektar å sleppe taket; "are you up, cause I'm down, are you down, cause I'm up, I don't know". Og så avsluttar dei gildet i countryrockfasong. For Graceful Fall From Grace, som den heiter, har strengelyd med både slark og twang.

Dei er ujålete og dei har overskot. Du skal sjå det blir eit album nummer tre også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo