cover

Linger Songs

Johnny Hide

CD (2005) - HoneyMilk / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countrypop / Americana / Norwegian depression / Visepop

Spor:
Please Tell Him I've Tried
Have You Seen Him Lately
I Don't Say Much
One Draught More
To Make It Through the Night
It Could Have Been Anyone
Pull Away
He Doesn't Know
Some Facts of Life (We Could Easily... )
Linger Song

Referanser:
Sgt. Petter
Christer Knutsen
William Hut
Number Seven Deli
Richard Buckner
Jim Stärk

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Songar som blir

Enkle, melodifokuserte og haustfarga norske depresjonar. Ein Number Seven Deli søker countrymarker.

Ein ung norsk mann med eit knippe vemodige songar i grenselandet mellom country, pop og rock. Sannsynlegvis ikkje ein setning som får musikkinteresserte til å gispe av spenning. For dei er mange, dei syng på engelsk og dei opererer innan eit ikkje altfor vidstrakt melodisk landskap. Men er det nå eingong slik fatt at ein likar å ferdast i desse landskapa, kan ein definitivt gjere verre ting enn å oppsøke Johnny Hide.

Nå har nok ein del av dykk møtt på Johnny tidlegare (og då tenkjer eg ikkje på området rundt bardisken på Mono). Dette er nemlig den same hr. Hide som syng i det vitale poporkesteret Number Seven Deli. Sidan gitarist og medkomponist Rune Berg den siste tida har vore oppteken med sitt andre band The Margarets, har Hide nytta høvet til å samla saman eindel musikkvener for å spele inn sin solodebut. På denne har han altså flytta uttrykket eit stykkje bort frå dei Beatleske sfærene Number Seven Deli svang seg rundt i på Falkner Street, og stig i staden inn i det same landskap som William Hut, Sgt. Petter, Christer Knutsen, Vidar Vang og mange andre frå vårt langstrakte land har vitja dei seinare åra. Enkle, melodifokuserte og haustfarga norske depresjonar, eller sidan det går på engelsk; Norwegian Depression.

Mannen utfordrar på ingen måte dei norske skrankane for countryinfisert framferd, men med ei ledug og til tider utsøkt melodikjensle som sitt fremste våpen siktar Hide seg like fullt inn på dei innerste sirklane i hjarteregionen. Han treff også, fleire gonger. Heilt innerst allereie i åpningssporet Please Tell Him I've Tried, ein fabelaktig toneflott og elegant countrypopsak, pynta med vene steelgitar-bølgjer. Like nær det blødande sentrum finn vi også den noko meir saktegåande To Make It Through the Night (hallo Kristoffersen), for øvrig ein duett med Claudia Scott. Ho er ikkje den einaste frå det norske countryfikserte miljøet som er innom og hjelper til, dei før nemnte tvillingsjelene Christer Knutsen og Vidar Vang yter til eksempel også sin skjerv. Og på det fele- og mandolin-spenstige folkrocknummeret Have You Seen Him Lately er stemma til driftige Martin Hagfors langt framme i miksen. Men først og fremst er det stemma til Hide som regjerer, og den er meir enn god nok den. Noko han mellom anna får vist på Bruckner/Drake-injiserte One Draught More, og det friske tredje tilfellet med fokus mot hankjønnet He Doesn't Know.

Nest siste akt heiter Some Facts of Life (We Could Easily Have Done Without), og her spankulerer Johnny Hide i litt andre retningar enn på resten av plata. Versa har ei resiterande form, medan refrenget og avslutninga smyg over mot eit meir uregjerlig og fele-psykedelisert terreng. Han avsluttar heile seansen med tittelsporet, og er tilbake på velkjente tonetomter, lengtande og vemodsvakkert, sydd i eit velfungerande mønster. Temaet er også av det velkjente slaget; sviket, angeren og kvinna.

Linger Songs er ute på den vesle tomannsbedrifta Honeymilk, ein label som etterkvart har fleire fine utgjevingar bak seg (frå mellom andre Cinnamoon, Sister Sonny og Wunderkammer). I Johnny Hide har dei gjeve plass i stallen til ein låtskrivar og sangar som i alle fall fortjener langt meir merksemd enn det neste "idolet" til BMG (selskapet som gav ut Number Seven Deli debuten, men som ikkje kjem til å gje ut oppfølgjaren).

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo