cover

Brighter Than Creation's Dark

Drive-By Truckers

CD (2008) - New West / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Sørstatsrock / Countryrock / Folk

Spor:
Two Daughters and a Beautiful Wife
3 Dimes Down
The Righteous Path
I'm Sorry Huston
Perfect Timing
Daddy Needs a Drink
Self Destructive Zones
Bob
Home Field Advantage
Opening Act
Lisa's Birthday
The Man I Shot
Purgatory Line
The Home Front
Check Out Time in Vegas
You and Your Crystal Meth
Goode's Field Road
A Ghost to Most
Monument Valley

Referanser:
Lynyrd Skynyrd
The Rolling Stones
Ozark Mountain Daredevils
Green On Red
The Bottle Rockets
Whiskeytown
Oakley Hall

Vis flere data

Se også:
Decoration Day - Drive-By Truckers (2003)
Decoration Day - Drive-By Truckers (2003)
Southern Rock Opera - Drive-By Truckers (2001)
The Dirty South - Drive-By Truckers (2004)
A Blessing and a Curse - Drive-By Truckers (2006)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Tonar som brenn

I skuggen av lyset fortel dei nitten historier som avgjort tåler dagens lys, men som meir enn gjerne også søker mørkret.

Ingen har, dei seinare åra, helde liv i sørstatsrocken og dens meir eller mindre ufjelga slektningar like overtydande som det Drive-By Truckers har gjort. Deira trilogi Southern Rock Opera, Decoration Day og The Dirty South er ein røff, hardbarka og solid søknad om evig plass ved Lynyrd Skynyrd si høgre side.

På sitt førre album, A Blessing and a Curse, lot dei litt av sørstatseimen dunste bort. På dette tidspunktet i karriereløpet sannsynlegvis ingen dum idé. Men det som var dumt, var at mange av låtane hadde eit noko bleikare drag over seg enn kva gjengen hadde skjemt oss bort med. Så litt skuffa vart eg.

Ikkje så lenge etter tikka det inn ei melding om at mannen som hadde laga banden sine kanskje to aller flottaste låtar (Outfit og Danko/Manuel), Jason Isbell, tok farvel med både band og dame (sistnemnte, bassist Shonna Tucker). Så eg putta Decoration Day i spelaren, og tenkte med meg sjølv at så bra blir nok aldri Drive-By Truckers igjen. Eg tok feil.

Med Brighter Than Creation's Dark viser Patterson Hood, Mike Cooley, ei plutselig låtskrivande Shonna Tucker og deira medsamansvorne at dei har minst like mykje saltsmak i kjeften og rammande tonekraft som det dei nokon gong har hatt. Med på laget har dei også invitert den gamle heidersmannen Spooner Oldham, ein kar som veit meir om korleis ein skal fargelegge med tangentane enn det dei fleste gjer.

Sørstatseimen er vel heller ikkje denne gongen fullt så dominant som på trilogien. Historiane dei fortel, heile nitten i talet, kunne heilt sikkert ha funne stad over heile USA. Ja dei fleste kunne sannsynlegvis også blitt plukka opp i mitt nabolag, eller ditt. Som tittelen lovar vert vi aldri tatt med inn i det mest altoppslukande av mørke. Vi møter ikkje på dei aller mest motlause, forkrøpla eller uforsonlige av individ. Det handlar stort sett om folk vi kjenner att. I oss sjølv, i nabohuset, i det målingavskala huset borte ved kiosken, i familiefaren på andre sida av gata, eller i den rastlause fyren i tredje etasje som stadig er på farten med Buicken sin. Folk midt i livet. Dei har sitt å strid med. Dei har sitt å fryde seg over. Stundom stirer dei nok inn i mørkret, men dei rettar også blikket mot håpet. Og mest av alt prøver dei å gjere det rette. Kva no det måtte vere.

Eller for å seie det med hovudpersonen i den Hood-komponerte og røft pulserande The Righteous Path, ei låta som på eit vis summerer opp mykje av grunntonen på plata:

I got a brand new car that drinks a bunch of gas
I got a house in a neighborhood that's fading fast
I got a dog and a cat that don't fight too much
I got a few hundred channels to keep me in touch
I got a beautiful wife and three tow-headed kids
I got a couple of big secrets I'd kill to keep hid
I don't know God but I fear his wrath
I'm trying to keep focused on the righteous path


Som vanleg er det Patterson Hood som har skrive flest låtar. Han hevdar hardnakka at han hadde femti ferdigskrivne då innspelingane starta. Ni av dei fekk til slutt plass på plata. Sonisk sett dekker dei området frå buldrande uvær til banjoplukkande og folksy tonar. Hood sin næraste våpendragar gjennom desse åra, Mike Cooley, har sjeldan hatt for vane å komme dragande med så veldig mange låtar. Men dei han kjem med plar visstnok alltid komme på plata. Denne gongen hadde han med seg fleire enn nokon gong. Sju stykker. Dei kom sjølvsagt alle med. Det kan eg godt skjønne. For det er Cooley sine bidrag som heilt utan unntak treff dei inste sirklane i sanseapparatet. Nokre gonger boogierockande i riffskarpe former, andre gonger langt meir akustisk, sordinert og twangfiksert. Dei tre siste låtane på albumet er det kvinna i banden, Shonna Tucker, som er opphavet til. Dei har alle ein countryfeeling, men avgjort med ulik grad av elektrisitet i ryggen.

Om du gjennom opplysningane i føregåande avsnitt har fått ei kjensle av at Brighter Than Creation's Dark er mindre buldrande og rockande og meir folk og country lada enn tidlegare utgjevingar, ja så skal du stole på den kjensla. Fjorårets semi-akustiske The Dirt Underneath-turné har med andre ord sett sine spor. Drive-By Truckers har gira ned eit hakk, og svinga inn i eit litt meir sordinert landskap. Når eg tenker meg om så er det nett inn i eit slikt lende eg hadde håpa Drive-By Truckers ein dag skulle køyre løpet sitt. For det er når dei har dempa pulsen, slått av litt av elektrisiteten og øvd litt mindre press på stemmebanda at deira aller mest minneverdige augeblikk har dukka opp. Det er fleire slike augeblikk på Brighter Than Creation's Dark. Fleire enn på noko tidlegare Truckersplate tør eg hevde.

Cooley si lakoniske countryvise om Bob, den middelaldrande ungkaren som bur heime hos ho mor, og som har "more dogs than he ever had friends", høyrer med blant desse augeblikka. Det gjer også same mannen sin Lisa's Birthday. Der vi i klassisk countrytapning får servert historia om den ikkje heilt edruelige Lisa som har sett fyr på mangt eit dansegulv i Texas, som har hatt fleire bursdagar "than there are sad country songs", og som ringer heim til sin trufaste beilar når festen er over og bilen ikkje er å finne der ho parkerte den. Like klassisk country er balladen Daddy Needs a Drink, ein heller tragisk kvardagshistorie, der tidlegare assortert medlem, og no meir eller mindre fast medlem John Neff, understrekar armoda med gråtkvalte steelgitartonar.

Frå eit meir elektrisk og fritert hjørne dukkar Cooley opp med den sprekt gyngande 3 Dimes Down. Ei ordknapp skildring av ein udåd og dens etterdønningar. Frå same hjørne, med eit erobrande melodisk vesen, kjem også Self Destructive Zones. Der Cooley flekker tenner og tar føre seg rock'n roll angst, kynisme, dei døde, dei feite og dei rike.

Patterson Hood er på si side meir opptatt av å bringe dei familiære og nære ting inn i eit kanskje litt større perspektiv. I det folksy opningssporet Two Daughters and a Beautiful Life møter vi ein nyleg avdød familiefar rett utanfor perleporten, derifrå skodar han tilbake på eit godt liv han nødig ville reise frå. I den dorskt slentrande The Opening Act fortel ein reisande i opningsaktørbransjen om eit ikkje altfor glamourøst liv frå stad til stad, og alltid så altfor langt heimanfrå. Medan Irak-krigen får sin kommentar gjennom dei alt anna enn marerittfrie funderingane til ein heimvendt soldat og far i den Ragged Glory dampande That Man I Shot.

I'm Sorry Huston syng Shonna Tucker med ei slepande southern-røyst. Og viser at ho både har ei stemme og låtskrivareigenskapar som gjer ho til eit definitivt aktivum i gjengen. Den sterkaste låta hennar, ja ein av dei aller mest skilsetjande songane på heile plata, er den stillferdig huskande The Purgatory Line. Der det handlar om å prøve å finne balansen midt i ein lengsel så stor; "lovin' you is so easy, but waitin' here just ain't".

Det er Checkout Time In Vegas for ein av dei heller paranoidiserte individa på albumet. Men det er definitivt ikkje checkout time for Drive-By Truckers. Ti år etter at dei gav ut si første plate, verkar dei å ha meir å by på enn nokon gong. Med Brighter's Than Creation's Dark har dei skapt sitt meisterverk. Med Brighter's Than Creation's Dark har dei skapt noko som veldig vel kan vise seg å vere noko av det beste som har årstalet 2008 trykt på seg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo