cover

Down The Way

Angus & Julia Stone

CD (2010) - Flock / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Softrock / Poprock / Countryrock

Spor:
Hold On
Black Crow
For You
Big Jet Plane
Santa Monica Dream
Yellow Brick Road
And The Boys
On The Road
Walk It Off
Hush
Draw Your Swords
I'm Not Yours
The Devil's Tears

Referanser:
Fleetwood Mac
The Mamas & the Papas
Crosby, Stills, Nash & Young
Neil Young
Carole King
J. D. Souther
The Magic Numbers
She & Him

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Søskenharmoni

Vennlegsinna og vestkystforma tonar for ein døsig sommarettermiddag.

Ingenting er annleis. Kjærleikens vilkår er det sentrale temaet på Down the Way også. Den som brenn, den det er eit håp for, og den som er rusta eller heilt fordufta. Formulert og sunge i roterande rekkefølgje av dei to som har sett sitt namn på coveret. Søskenparet Angus og Julia Stone.

Då dei to vaks opp skoda dei utover Stillehavet frå utkanten av Sydney. Tonane dei omgjer seg med her gjer lite for å skjule at dei meir enn gjerne skodar utover det same havet frå ei strand i California også.

Down the Way er det andre albumet til søskenparet. Dei har ekspandert den nøkterne kassagitarlyden som prega det tre år gamle debutalbumet. No er gitaren rett som det er elektrisk, trommene markante, og strykarar kringset mang ei strofe. Stundom kunne eg tenkt meg at dei hadde helde meir tak i det varlege. For det hender at intensiteten ein sporar der svinn hen for dei når lyden veks.

Men dårlige blir aldri desse songane deira. Til tider vert dei endåtil riktig så gode. Som når California, Heart Of Gold, og regnbogen vert omfamna i Angus sin døsigelektriske Yellow Brick Road. Eller når Julia seier adjø til sine Santa Monica Dreams i eit skjørt folkarrangement, og broderen korar med lengt i sinnet.

Dei skriv altså songar kvar for seg. Men syng dei med ein veldig så nyttig harmonibistand frå den andre. Julia syng sine med ei pre-pubertal røyst, som kan skape inntrykk av noko skjørt og naivt. Litt er det kanskje slik også, men ho seier også klart i frå. Som når ho i opningskuttet Hold On ganske så bestemt gjer fylgjande linje til eit mantra; "hold on, what did you say that for?".

Angus syng sine songar med ei slentrande smått uvøren røyst. Songar som tematisk spenner over eit rimelig vidt register. Frå kald djevelskap i Black Crows til høgtflygande lykke i Big Jet Plane. Av songane som fortener stempelet riktig så gode, kjem nok fleire frå hans hånd, enn frå søstera si.

On the Road heiter ein i denne klassen. Grepet om el-gitaren er bra, vestkystlyden blir tilført eit southern-sting, og refrenget står opp for det enkle; "she don't like it when I'm on the road". To til: Hush med sitt eggande driv, si luftige utforming, og sine attraktive countrykolorerte tonar. Og Draw Your Swords, som klorar seg fram frå ulmande desperasjon, til full desperasjon, med ein Angus som hevar røysta meir enn nokon annan stad; "you are the only one".

Tretten songar pluss eit bonusspor, og det tar ikkje slutt før timen er passert, og vel så det. Litt meir enn eg vel eigentlig kjenner at eg treng. Men den bunka av gode songar som veks seg anstendig høg undervegs tar eg gjerne med meg vidare.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo