cover

First Light's Freeze

Castanets

CD (2005) - Asthmatic Kitty / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Folkrock / Countryrock / Avantgarde

Spor:
(The Waves Are Rolling Beneath Your Skin)
Into the Night
A Song Is Not the Song of the World
Good Friend, Yr Hunger
(We Drew Uncertain Breath)
Bells Aloud
First Light's Freeze
Evidence (A Mask of Horizon, Distortion of Form)
No Voice Was Raised
(Migration Concentric)
All That I Know to Have Changed In You
Dancing With Someone (Privilege of Everything)
Reflecting in the Angles

Referanser:
Palace Brothers
Palace Music
Palace Songs
Songs: Ohia
The Microphones

Vis flere data

Se også:
Cathedral - Castanets (2004)
In the Vines - Castanets (2007)
City of Refuge - Castanets (2008)
Texas Rose, the Thaw & the Beasts - Castanets (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Natta er lang, lyset er svakt

Natta er lang og tonen er dvelande, men americana-oppskrifta er litt meir ustabil og vågal enn kva normalt er, og det er jo bra.

For eit år sidan presenterte Castanets seg med den skjøre og upolerte Cathedral (2004). Eit album av dvelande komposisjonar kokt i hop etter ei americana-oppskrift med vågal krydderbruk. Den samla strukturen kunne kanskje virke ein tanke uferdig, men dei fleste delane viste seg fram i så melodisterk form at verket stod temmelig så trygt. Både byggeteknikken, den melodiske forma og lengda (33 min.) er mykje den same når First Light's Freeze no prøver å trenge seg igjennom haustlauvet.

Til saman 15 personar er kreditert som medverkande. Det er likevel ein mann, den skjeggete og ikkje så lite uflidde Raymond Raposa, som må ta på seg hovudansvaret. Han er låtskrivaren, songaren og den kreative frontfiguren. Grunntonen har han funne i det "altraktive" området som Will Oldham, Jason Molina og Phil Elvrum også har ransaka. Avant-country blir opplegget kalla i den offisielle website-biografien, og gjerne det, for Raposa har nok ein litt avantgardistisk innfallsvinkel til korleis opplegget hans skal henge i hop. Ein faktor som nok kan fortone seg som både fruktbar og sjenerande, men mest det første.

Castanets gjev metaforen "ein parantes" ein ekstra dimensjon ved å sette den buande klamma rundt fire korte instrumentalsnuttar. Snuttar som isolert sett ikkje har så stor verdi, men som likevel fungerer greitt som overgangar eller bindeledd. For det viser seg med First Light's Breeze slik det gjorde med Cathedral at på trass av at enkeltlåtar skil seg ut som meir berande enn andre, så fungerer den aller best som ei kronologisk album-oppleving.

Tematikken den godaste Raposa puttar inn i tekstane sine er av den heller dystre sorten. "Let's go outside dear, in the murderous night" lyder den første strofa, "get the hell out of Denton, with the privilege of everything" er noko av det siste han ytrar. I halvtimen som ligg mellom er det få teikn på optimisme. Det langsame og ekstraordinært nattsvarte opningssporet Into the Night tar ytterlegare eit steg mot avgrunnen når det fylgjer opp turen ut i den morderiske natta ved å konstatere at "the war is on, and all our friends are dying". Tempoet vert skrudd litt opp i A Song Is Not the Song of the World, der den driv fram på ei monoton elektronisk søyle. Den noko Oldhamske uttalen "I'm not walking with a wife, she's not running with the dogs, she is not the world" står sentralt, og skarpe gitaranfall oppå ei dyne av keyboard-tonar trenger seg på.

Good Friend, Yr Hunger sig av stad i eit Violent Femmes møter Palace Brothers lune, med frisk akustisk strengeleik som fremste våpen. Bell Aloud er saktegåande meditativ nattangst (visst slikt går an å tenkje seg). "The night is long, come light" vert det sukka i det litt haltande tittelkuttet. No Voice Was Raised er den einaste låta som passerer fem minuttar. Det er også albumet sin beste og mest fullendte låt. Den startar forsiktig med akustisk gitar og grashoppe-lydande perkusjon for så gradvis å vekse inn i meir og meir uro, og endar i eit brennande kaos og eit druknande; "no voice was raised, no song was sung". På denne som ved fleire andre høve får Raposa effektfull og flott harmoni-hjelp frå Bridgit DeCook.

Etter at (Migration Concentric) har fått eit halvminutt til å klimpre ned temperaturen kjem All That I Know to Have Changed In You skjelvande som ei sår messe. Når denne har lagt seg til ro finn Raposa det passande å komme med programerklæringa; "I do not want to explain, and I'm not going to". Dette skjer oppå eit spartansk gitarkomp og i eit luftig landskap, og han fortsetter i vemodig tone; "I wanna get high on something, go dancing with someone". Men utan at den store tilfredsstillinga kjem rekande hans veg.

Seansen når sin ende med den skjøre instrumentalen Reflecting in the Angels. Då er det som ein brått kan skimte ein lukkeleg slutt, dansande på nokre solstråler som endelig har klart å bryte gjennom. For sjølv ei lang natt tar slutt, i alle fall for den som ynskjer å opne auga.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo