cover

Blunderbuss

Jack White

CD (2012) - XL / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Blues / Bluesrock / Folk / Country

Spor:
Missing Pieces
Sixteen Saltines
Freedom at 21
Love Interruption
Blunderbuss
Hypocritical Kiss
Weep Themselves to Sleep
I'm Shakin'
Trash Tongue Talker
Hip (Eponymous) Poor Boy
I Guess I Should Go to Sleep
On And On And On
Take Me With You When You Go

Referanser:
The White Stripes
The Raconteurs
The Dead Weather
Led Zeppelin
The Black Keys
Robert Plant
Bob Dylan

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Jack og damene

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

Eg har slett ikkje sitte her og venta på Jack White. Sant å seie kan eg vel ikkje minnast at eg nokon gong har gjort det. Men, tilliks med mange andre har eg treft på han, fleire gonger. Den første gongen, for drygt ti år sidan, kom han innom saman med søstera (eller var det ex-kona) og presenterte ei pakke med påskrifta White Blood Cells. Utav den ramla det minimalistisk, angrepslysten og popsvolten bluesrock. Høgst attraktive saker var det, så eg sa meg særdeles nøgd med at han hadde gjort seg til kjenne. Slik har eg ikkje alltid følt det når eg har treft på han sidan.

Då han (og hans kvinne med stikkene) kom med Elephant-steg eit par år etter, opplevde eg det litt for ... vel, elefantstegete. Og seinare, enten plata har heitt Icky Thump, eller bandet The Raconteurs eller Dead Weather, så har opplegget oftare evna å kjeda meg litt, enn å verkelig rive meg med. Unntaka har vel i grunn berre vore to. Først då han friska til og produserte eit comebackalbum for countrylegenda Loretta Lynn, og deretter då han (saman med sin stadig trufaste trommis) kom med oppfordringa Get Behind Me Satan, og leverte sitt mest varierte og spirituelle verk til dags dato.

Men hei, eg har lytta på Blunderbuss i det siste. Jack White sitt første album under eige namn. Og no er påstanden frå siste linje i førre avsnitt oppe til revurdering. Blunderbuss er bortimot det beste Jack har hatt fingrane borti (om ikkje det aller beste). Den er frisk, vinglar ikkje, men er stram, konsis og har retning. Samstundes er den fyrens kanskje mest varierte og eksperimentelle utgjeving. Den har blues, køyrer rock'n roll, møter folk, og er country. Den er luftig, har lys og skugge, og er skitten og rein i funksjonell foreining.

"Jack White er den kulaste, underligaste og listigaste rockestjerna i vår tid" blei det hevda i ein artikkel i New York Times nylig. Det kan nok kanskje vere riktig. Han veit i alle fall godt kva han vil, og kva han driv med. Dei kvite stripene som gjekk tvers gjennom det raude og svarte i The White Stripes var der aldri av vilkårlige grunnar. Han slenger ikkje inn tonar, ord eller bilde, eller kler seg, heilt tilfeldig. Han er absolutt noko for seg sjølv, og han er fullt klar over det, for det er han sjølv som står for designet.

Såleis kan han jo kanskje avskrivast som ein velkalkulerande posør. Ein som drar inn blueshistoria, filmhistoria, gule bilde og mørke myter i eit velfundert konsept underteikna han sjølv. Blir det eigentlig kjøtt og blod, meining og substans, av slikt? Skal ein tru han når han syng "I want love to grab my fingers gently, slam them in a doorway, put my face into the ground"? Har desse ord noko anna meining enn sin eigen ibuande raffinerte tøffskap? Vel, vel, vel, it's only rock'n roll var det nokon som hevda for ein mannsalder sidan. - Så kom igjen Jack, sleng på deg hatten, farg coveret blått, og stir den svarte fuglen i augo. Det er lov. Dessutan, eg trur han har vore der, Jack også, så absolutt vore der, i døropninga, med fingrane sine, alle ti.

Det har alltid vore ei dame til stades i ei viktig rolle når Jack White har laga sine beste plater. På Blunderbuss er det meir enn ei dame. Heile bandet er damer. Og jaggu handlar det om damer også. Damer, og den uhandterlige kjærleiken. Ganske så skånsellaust skildra.

"When they tell you that they just can't live without you, they ain't lyin'" erklærar Jack i opningssporet Missing Pieces. Det er sjølvsagt damene han har i tankane. Noko han også har når han legg til: "They'll take pieces of you, and they'll stand above you, and walk away, and take a part of you with them". Når han cirka førti minutt seinare avsluttar med ei halvkvalt bøn til ei kvinne om å få bli med henne når ho går frå han, har han vore gjennom fleire nyansar av mellommenneskelige tilhøve. Sånn bortsett frå dei utprega optimistisk lada.

I den sonisk sett tøffaste saken på plata, Sixteen Saltines, stiller han stadig vekk spørsmålet "who's jealous of who" og omtalar seg sjølv som "solo rowing, on one side of the boat". Innimellom intense pianotriller og ein ilsken gitarsolo syng han, i Weep Themselves to Sleep, om menn som blir slukt av kjærleiken. Den drivande Trash Tongue Talker er eit Dylansyrlig åtak på ei kvinne som ikkje lar hovudpersonen i fred. Eit snev av noko syrlig bles også gjennom sing-a-long folklåta Hip (Eponymous) Poor Boy. Og når han i nest siste vers syng "you'll be watching me girl, taking over the world, let the stripes unfurl" dukkar det opp ein vag liten mistanke om at her kjem det eit lite stikk til ein viss eks-trommis.

Coveret er dyppa i blått. Kjærleikslivet vassar i trøbbel. Men tonen er mindre blues enn nokon gong så langt i White sitt liv. Pianoet har ei dominerande rolle, og den akustiske gitaren er vel så ofte i Jack sine hender som den elektriske. Tittelkuttet går countryvegen, har ærverdige Fats Kaplin på steelgitar, og ei dame, Ruby Amanfu, bidrar med formålstenlig koring. Sistnemnte dukkar også opp, i meir framtredande former, i den lauslig-intense og suverene visa Love Interruption. Ein song der White, saman med kvinna, i ganske så brutale ordelag gjer eit forsøk på å skildre kjærleikens ambivalente vesen.

Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk. Eg satt ikkje her og venta på det, men det var sjølvsagt greitt å få det i hende likevel.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

sign post
10.10.14 - 12:56

sign post
10.10.14 - 12:53

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: