cover

Quit +/or Fight

Holopaw

CD (2005) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Poprock / Drømmepop / Folkpop

Spor:
Losing Light
3-shy-cubs
Curious
Holiday
Velveteen (All is Bright.)
Clearing
Little Shaver
Needle in the Sway
Found (Quit +/or Fight
Ghosties
Shiver Me

Referanser:
My Morning Jacket
Will Oldham
The Decemberists
Ugly Casanova
Fruit Bats
Bright Eyes

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Jordnært og svevande

Med beina på bakken og blikket mot skyene serverer Holopaw tonar for haustleg hygge.

På coverbiletet til si andre plate har Holopaw skrevet namnet sitt i skyene. Brune skyer. Noko som er ganske illustrerande for korleis dette lyder. For Gainesville, Florida kvintetten har visse atmosfæriske drag, samstundes har dei også sterke relasjonar til meir jordnære tonar. I fellesskap trekker denne dualiteten tonane til bandet i gunstige retningar.

Det svevande elementet i teksturen deira har nok auka litt på sidan den sjølvtitulerte debut frå 2003. Like fullt bygger Quit +/or Fight vidare på lydbiletet dei skapte på denne. Det er folk og countrytonar plassert inn i eit miljø der elektroniske klangar, sindige strykarar og mangslungen perkusjonsutfolding lever side ved side av gitaren og den menneskelige røyst. Det er americana med både ørkensus og digital tonnasje. Deira tonesfære er ikkje av den veldig varierte sorten, men innafor sitt innsirkla område inviterer dei på fleire turar vel verdt å henge med på.

På sitt mest høglytte er dei i 3-Shy-Cubs, der både gitar og synth yppar seg ein smule, men der det likevel er dei vitale og lett intrikate perkussive gjerningane som sette aller mest spor etter seg. Rytmisk vital er også Losing Light, innafor sitt skjøre og nesten samanramlande vesen. Medan forsiktige trakk på fuzzpedalen fører den nydelige klagesongen Velveteen (All Is Bright.) inn i grøderik dynamikk.

I og med at songaren John Orth var sterkt delaktig i Isaac Brock sitt prosjekt Ugly Casanova kan det jo vere fristande å trekkje parallellar til Modest Mouse. Kontaktpunktet må i så fall vere å finne blant dei mest lågmælte Mouse-stundene. Sånn ellers skuldar dei nok sikkert både Will Oldham, Jason Molina, My Morning Jacket og Bright Eyes eit og anna, og vel så mykje.

Den kanskje klaraste signaturen til Holopaw er røysta til nemnte Orth. På sitt varlege vis, og med ein vemodsfull og tydelig vibratoeffekt tar han tak i tonane og plasserer sitt personlege avtrykk på dei. Den einaste innvendinga mot Orth må vere at han kanskje kunne spart litt på vibratoklangen ved enkelte høve. Han legg den til side på singelvalet Curious, og erstattar den med yndefull falsett-song. Særlig yndefulle er ikkje tankane han framfører i Found (Quit +/or Fight). Til sterke tonar (som dessverre er over før det er gått 2 minutt) talar han mellom anna ein vraka soldat si sak; "So I'm no longer the best of the best, my shit smells like anybody else's, so I'm no longer defending the USA, no talents, skills, abilities."

Sjølv om tonen ofte kan virke resignert og elegisk, oppfattar eg likevel ikkje albumet som overvettes depressivt. I sine skildringar av livet sitt lunefulle vesen gjer dei seg slett ikkje angsten fullstendig i vold, men kontrar med bittersøte eller surrealistiske overlevingspiller. Som til dømes eit håpefullt og gjentakande "yo-hoo" i den ellers noko skjelvande Shiver Me.

Så får vi berre håpa at ikkje skylaget med tida tar eit for kraftig grep om gjengen og fører dei inn i ingenting. Men at dei i staden, som her, sug til seg nyttige ingrediensar frå svevande former og samstundes hektar dei saman med tonar som pustar. Slikt vert det nemlig levedyktig atmosfærisk folkpop av.

Den gamle, ærverdige grungelabelen Sub Pop er forresten i ferd med å verte svært så interessant igjen. Fruit Bats gjorde juli friskare, Holopaw fargar august vakrare, og i september kjem Wolf Parade.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo