cover

Come Home

Annbjørg Lien & Bjørn Ole Rasch

CD (2009) - Grappa / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Folkemusikk

Stiler:
Slåtter / Folk

Spor:
Funk Trunk
Kjempe-Jo
Kom Heim
Tusshallingen / The Buckin' Mule
Kongshavn
Woody's Bounce
The Old Car
Phelia / Januar
Roquebrune
Hässleholm
Tusseliten

Referanser:
Bukkene Bruse
Knut Buen
Hallvard Kvåle

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Feler og trøorgel

Ein duo inviterer lyttaren inn i sin midte med enkle middel, og god meloditeft.

- Du må slutte med disse synthesizerane, og få deg eit trøorgel mann, var folkemusikklegenda Halvard Kvåle si melding til Bjørn Ole Rasch, etter ein konsert med Bukkene Bruse i 1998. Så trøorgel vart det. Eit gamalt svensk eitt, som sidan har vore med Rasch nesten kvar gong han har spelt inn musikk. Denne gongen også. Ja veldig denne gongen, saman med felene til Annbjørg Lien.

Denne Rasch har ein lang og brokete bakgrunn som musikarar. Han starta ut med å skolere seg innan klassisk musikk, har sidan laga musikk for teater, spelt i jazz/prog/rock band, vore utstrakt nytta som studiomusikar, og var med då Secret Garden hausta ein Melodi Grand Prix-siger midt på nittitalet. Sidan den gong har han for det meste spelt i ulike folkemusikk-konstellasjonar.

I gruppa Bukkene Bruse saman med mellom andre Annbjørg Lien. Ei dame som i over tjue år no, på frodig og frilyndt vis, har traktert felene sine innafor folkemusikk tradisjonen. Med ein uttalt ambisjon om å dra den utav tronge båsar, og over proteksjonistiske grenser.

Denne gongen er det berre dei to, og ingen andre. Frå ei innspeling i deira eige studio i Kongshavn. Her skaper dei lyden av nærleik. For slik er desse tonane arrangert at ein får kjensla av å vere midt i blant dei. Men overmannande er dei ikkje. Dei opnar gluggar og slepp inn luft. Godt med luft. Og det vert gjeve rom for tramp, for klapp, og for knirk. Mykje knirk.

Frå den motsette sida av kompleksitet og lydrikdom kjem dei til oss med få middel. Utan å ende opp som ein einstonig duo. Langt i frå. Rasch er akkompagnatøren. Orgelet hans ligg litt bakom, derifrå gjev det frå seg tonar, eller utfører ei meir perkussiv teneste. Dei melodiske hovudlinjene spelar Annbjørg Lien. På hardingfele, eller andre feler. Og ved eitt høve syng ho.

Tittellåta, Kom Heim, er ei salme frå tradisjonen. Om den villfarne, som vert kalla heim. Dama syng bra ho, og mannen harmonerer forsiktig. Det er no likevel som instrumentalistar dei verkelig fyrer opp. Frå heftig og funky, til ære for eit minnerikt Redwood Tree, i Funk Trunk, til lyrisk og vemodig lågande i Hans Brimi-slåtten Tusseliten.

Innimellom desse har dei laga det meste sjølv. Hässleholm, ei oppstemt og vårleg hyllest til staden der orgelet hans Rasch vart laga. Phelia/Januar, ei sindig og tidvis smått intrikat affære til ære for gode vener, og ein bror. Woody's Bounce, ein hastig sak med spanske taktslag. Og inspirert av ei gamal folkevogn har The Old Car blitt eit friskt og raudlett høgdepunkt tufta på solid melodisk teft.

Det er titlar på norsk, og titlar på engelsk. Tonane har nok likevel hovudsaklig sitt utspring frå ein norsk tradisjon, sjølv om dei tidvis også kan vere farga av amerikanske fjelltonar med ein litt meir ymse bakgrunn. Det kan høyrast i nemnte The Old Car, og endå meir i Tusshallingen/The Buckin' Mule, der siste sekvens er henta frå repertoaret til Old-time ambassadøren Bruce Molsky.

Viktigare enn kva dette er, er no likevel den kjensla av ekte varme som spreier seg i tjømda av desse flotte tonane.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo