cover

Unknown Pleasures

Joy Division

2 x CD (1979) - Factory / London / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Post-punk

Spor:
Disorder
Day of the Lords
Candidate
Insight
New Dawn Fades
She's Lost Control
Shadowplay
Wilderness
Interzone
I Remember Nothing


Dead Souls
The Only Mistake
Insight
Candidate
Wilderness
She's Lost Control
Shadowplay
Disorder
Interzone
Atrocity Exhibition
Novelty
Transmission

Referanser:
The Velvet Underground
David Bowie
Iggy & The Stooges
Roxy Music
Can
Kraftwerk
Wire
Bauhaus
The Sound
New Order

Vis flere data

Se også:
Closer - Joy Division (1980)
Still - Joy Division (1981)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Inn i mørkret

I ei kjenslemessig sone ein eller annan stad mellom Heart of Darkness og Danse Macabre er det at Joy Division sitt debutalbum stig fram.

Punken retta sin aggresjon utover. Mot makthavarane, det etablerte og dei som hadde stivna i ei form. Då den sjølv ganske så fort tok til å stivne i form, byrja det dukke opp band som sendte dei aggressive signala i ein litt annan retning. Innover. Innover mot eit ustabilt og nervøst sjeleliv. Eller som Anton Corbijn så presist har sagt det. - Medan punkerane sa "fuck you", kom det i staden no nokon som sa "I'm fucked". Dei vart snart kalla for postpunkerar.

Og ingen var vel meir postpunk, og meir fucked, enn Joy Division.

Men det var punken som sparka dei i gang. 4. juni 1976 spelte Sex Pistols på The Lesser Free Trade Hall i Manchester. Det var 40 gjester der den kvelden (sjølv om det i ettertid har vist seg at mange hundre hevdar å ha vore der). Peter Hook og Bernard Sumner frå den vesle nabobyen Salford hevdar at dei var der. Ian Curtis og kona Deborah frå ein annan liten naboby, Macclesfield, var der visst også. Dei forlot alle lokalet med ein sterk hug etter å gjere det same som kvartetten på scena hadde gjort.

Nokre veker seinare hadde Curtis, Hook og Sumner (samt ein trommis med namn Terry Mason) funne saman. Dei kalla seg Stiff Kittens, og dei spelte punk. Året etter skifta dei namn til Warsaw (etter ei låt på David Bowie sin Low). Nokre trommeslagarar seinare, i januar 1978, vart dei så til Joy Division.

Det er ikkje ei heilt uproblematisk sak å elske Joy Division. Bandnamnet stammar frå ei bok, House of Dolls, skrive av ein som overlevde fangenskapet i ein konsentrasjonsleir under 2. verdenskrig, og er namnet på lokalet der tyske soldatar hadde kvinnelige fangar for seksuell forlysting. Det er ikkje den einaste nazi-flørten ein kan ta dei for. Bernard Sumner tok ein periode etternamnet Albrecht, og ein kan høyre han på ei tidleg innspeling brøle "You all forgot Rudolf Hess!". Deira første EP Ideal For Living har eit cover sannsynlegvis inspirert av nazistane sin arisk-ungdom propaganda. Og når bandet gjekk vidare etter Curtis sin død kalla dei seg New Order. Det kan ein sjølvsagt tolke på fleire vis, men eit av dei har som mange veit med Hitler sine feberfantasiar i Mein Kampf å gjere. I Joy Division si korte levetid svarte bandmedlemmene aldri tydelig på spørsmål omkring nazikoplingane. I ettertid har Sumner sagt at det var den vakre kunsten, uniformene og arkitekturen som tiltalte dei. Absolutt ikkje det hatefulle, rasistiske og diktatoriske politiske programmet.

Ian Curtis sin fascinasjon med det tyske skuldast sannsynlegvis vel så mykje at hans musikalske heltar, Bowie, Iggy Pop og Lou Reed, hadde eit nært forhold til Berlin. Sjølv om ein nok ikkje skal underslå at han også var fascinert av korleis ein sterk leiar kunne makte å få ein heil befolkning til blindt å akseptere groteske handlingar. Men eg trur ikkje det var ein politisk motivert fascinasjon, eg trur det meir hadde si årsak i Curtis si nærast morbide fordjuping i det meste som hadde med menneskelig svartsyn, liding og død å gjere. Det var dette siste som i sterk grad var med å fargelegge tonane til Joy Division.

Vel, fargelegge og fargelegge. Det var ikkje så mange fargar i skrinet til Curtis. Det var vel eigentlig berre to. Grått og svart. Så derfor kunne aldri Joy Division sine låtar bli så mykje anna enn noko av det mest angstfulle og ravnsvarte som er blitt festa til tape. Og då er eg vel framme ved problem nummer to. For ser ein på seg sjølv som eit rimelig friskt og livsglad menneske, og det gjer i alle fall underteikna, så burde ein vel kanskje latt Joy Division bale på for seg sjølv der nede i katakombane, og heller danse rundt i dagslys til meir oppbyggelige tonar, som f.eks. U2. Men ikkje faen om eg vil. Eg vil heller, mykje heller, inn i mørkret der Ian Curtis syng I've seen the nights, filled with bloodsport and pain, and the bodies obtained, the bodies obtained, the bodies obtained. Ei god forklaring på kvifor det er slik har eg i grunnen ikkje. Kanskje det også er best å ikkje forsøke å leite den fram?

Uansett, det er ikkje berre orda til Curtis eg blir fanga av. Sjølv om dei nok hadde klart seg åleine på papir langt betre enn det meste av rocklyrikk. Det er heile det suggererande uttrykket som dreg meg innafor. Eit uttrykk Joy Division var åleine om den gongen. Eit uttrykk ingen har klart å gjenskape. Sjølv om gudane skal vite at mange har prøvt. Frå 80-talets frakkekledde goth-aktørar og fram til våre dagars Interpol og Editors.

Det var når dei i april 1979 entra Strawberry Studio i Stockport for å spele inn sitt første album at det skjedde. Det var då Joy Division tok steget frå å vere eit frenetisk band med både punk og hardrock i bagasjen, og ikkje så veldig forskjellig frå ein del andre aktørar på den tida, til å skape ein lyd som skulle gjere dei til eit av rockehistoria sine verkelig legendariske band. Det var dei ikkje berre fire om å få til. Dei var fem. Den femte var produsenten Martin Hannett, og hadde ikkje han vore der ville nok spesielt Joy Division men også rockehistoria ha sett litt annleis ut.

Martin Hannett har i ettertid uttalt at bandet var ei gåve for ein produsent, fordi dei eigentlig ikkje hadde peiling, og derfor protesterte lite. Men han har også sagt at før han sette seg i produsentstolen hadde han høyrt bandet live fleire gonger, og han likte kva han høyrte. Han høyrte masse rom og luft i lydbilde deira. Han høyrte eit enormt potensiale. Og du verden som dette potensialet materialiserar seg på Unknown Pleasures.

Tempoet blir skrudd ned. Gitaren til Sumners blir dytta bak i bildet, der den får selskap av effektfulle synth-påfunn. Trommene og bassen blir flytta fram og jobbar fram groove av både syndig og dansbar karakter. Men aller lengst framme står den tynne og skjøre mannen med det brennande blikket og dommedagsrøysta og syng om ukjente gleder, tapte kjensler og klaustrofobiske tankar.

Ein eller annan stad skin sola, men ikkje på tonane til Joy Division. Dei skjær seg sylskarpt fram gjennom eit overveldande mørkre. Dei er bastante, dei er nervøse, dei er under kontroll. Dei blir aldri utsett for unødige tilskot. Dei har god plass og mykje luft rundt seg, men dei rotar seg ikkje bort, og dei nøler aldri. Dei prøver kanskje å finne vegen ut, men det er altfor langt opp dit.

"Feeling, feeling, feeling, feeling, feeling, feeling, feeling". Joy Division er komme fram til klimakset på Disorder, og Curtis går ut i ein epileptisk vokalspagat. Nokre minuttar før har han introdusert seg med den legendariske opningslinja "I've been waiting for a guide to come and take me by the hand". Låta har skalet til ein konvensjonell rockelåt, men den bryske bassen, dei galvaniserte trommeslaga, det rått vakre gitartemaet, og Curtis sin konsise veg mot senit bles skalet til sides, og legg grunnlaget for ei sonisk utferd få vil unngå å bli merka av.

"This is the room, the start of it all". Til seige rytmar, dystre tonar, og med klamme dråpar piplande i nakken og frå taket stiller Curtis spørsmålet "where will it end?", og eit smertande og forstyrra portrett av Day of the Lords vert teikna med lumske og skarpe strekar. Litt seinare; "It was me" tilstår songaren medan New Dawn Fades snik seg alt anna enn anonymt forbi. Heilt til slutt; "me in my own world, yeah you there beside, the gaps are enormous, we stare from each side". Alle tekstane på plata dveler utan unntak med dystre tema, men eg trur likevel det er ein viss distanse mellom han som har laga dei, og det dei tar føre seg. Den distansen trur eg ikkje er der i avslutningslåta I Remember Nothing. Den trur eg handlar om Curtis sitt no skrantane ekteskap med Deborah. "Weeeeeeee were strangers" er mantraet i denne langsame dystervalsen, der Stephen Morris slår trommer med pisk, og Hannett knuser glas (eller er det eit hjerte?).

Innimellom desse låtane finn ein ikkje så mykje som eit spor av noko uinteressant. Ein finn Candidate med sine presist plasserte desorienterte gitarlinjer. Ein finn Insight med sine spretne synthstrofer, spooky haldning, og Curtis som på randen av undergangen slår denne skrøna; "I'm not afraid anymore". Dei grev seg ned i eit Wilderness av synd, religiøs liding og tårer. Og det vert jaga gjennom Interzone i hektisk, riffy, call-response skapnad.

Dei to største klassikarane på albumet er nok likevel She's Lost Control og Shadowplay. Den første eit spastisk nerveritt om ei epileptisk jente Curtis vagt kjente (Curtis hadde ikkje så lenge før sjølv utvikla epilepsi, noko som skulle plage han i tiltakande grad det siste året av hans liv). Medan vi i Shadowplay, til tonen av truande basslinjer og eit frenetisk flott gitarmellomspel, blir presentert for ein svikta og hutrande fyr og hans personlige inferno.

Det er eit skilsettande og manisk groove plata igjennom. Det er ikkje eit smil å få auge på, eller eit håp i sikte. Og verre skulle det bli. Og betre. Utruleg nok.

PS. Den delikate nyutgjevinga som nyleg har komme ut på London records har eit velskreve essay forfatta av Joy Division-kjennaren Jon Savage. Her er også ein bonus-CD som, på trass av at den har ein noko skral lyd, dokumenterer at Joy Division i konsertutgåve var eit energisk og meir utagerande tilfelle. Opptaket er frå The Factory i Manchester i juli 1979, og er også å finne i boksen Heart and Soul. Det har mellom anna det fantastiske "ikkje-album" nummeret Transmission å by på:

Dance, dance, dance, dance, dance, to the radio.

comments powered by Disqus

 



2009-07-2430 år og like aktuell !

Et praktstykke av en debut fyller 30 år i sommer !
Flott beskrivelse av et band og en plate som alltid vil være aktuell i mine ører !

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo