cover

Yours, Mine and Ours

Pernice Brothers

CD (2003) - Ashmont / One Little Indian

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Orkesterpop / Indiepop / Poprock / Indierock

Spor:
The Weakest Shade of Blue
Water Ban
One Foot in the Grave
Baby in Two
Blinded by the Stars
Waiting for the Universe
Judy
Sometimes I Remember
How to Live Alone
Number Two

Referanser:
Brian Wilson
The Smiths
Scud Mountain Boys
Chappaquiddick Skyline
New Radiant Storm King
The Sadies
American Music Club
The Cure

Vis flere data

Se også:
Discover a Lovelier You - Pernice Brothers (2005)
Live a Little - Pernice Brothers (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Lutrande pop-melankoli

I'm as lonely as the Irish Sea and as willing as the sand.

Joe Pernice gjorde seg første gang bemerka på midten av 90-talet saman med alt-country laget Scud Mountain Boys. Etter at han tok turen ned frå det fjellet og danna Pernice Brothers, er uttrykket blitt meir pop- og rockorientert. Men den melankolske sinnstilstanden og outsider-rolla er stadig dominerande faktorar i musikken.

På sine to første utgjevingar nytta Pernice Brothers seg ofte av strykarar som ein av dimensjonane i lydbildet. Dette har dei forlatt på denne sin tredje plate, slik at Yours, Mine & Ours framstår som eit meir reindyrka gitardrevet prosjekt. Det som imidlertid ikkje har forandra seg er Joe Pernice sine evner til å trylle fram medrivande poptonar. Lett gjenkjennelig er også hans honningdraperte og suverene røyst, som i fleire enn ein samanheng har sine klare likhetstrekk med Morrissey sitt vemodige toneleie.

Nå er det meir enn likskapen med den nevnte Smiths-vokalisten som gjer at ein kan hefte fleire låtar her opp mot britisk 80-tals pop og rock. Dei tydeligaste i så måte er One Foot in the Grave og Sometimes I Remember, der ein i tillegg til sutre-rockarane frå Manchester også kan finne spor av The Cure, samstundes som alt er gjort med ei New Ordersk framdrift. Slett ikkje ueffent.

Om Joe og gjengen har lånt øyra til norsk musikk, er vel kanskje meir tvilsomt. Uansett fører eit par låtar her tankane mine i retning av nokre norske band. Det friske åpningssporet The Weakest Shade of Blue med sine hooks og flotte harmoniar er slett ikkje ulikt noko The Margarets kunne funne på. Medan deler av den stødige og stemningsfulle Waiting For the Universe får meg av ein eller annan grunn til å tenke på 80-tals bandet Matchstick Sun. Strengt tatt er det vel ikkje så rart, då desse banda har henta atskillig med inspirasjon frå mange av dei samme kjeldene som Pernice Brothers, les: Brian Wilson, The Byrds, The Beatles...

Som vanlig frå Joe Pernice si side er det lite med høg-optimisme og strålande solskinnshistoriar å spore. Mannen har nok heller ein sterk hang til å la sine tonesatte betraktningar dvele ved livets meir tungsindige og problemfylte sider. Noko han til tider gjer så vel lyrisk vakkert som bitande effektivt.

Den nydelige Water Ban er ein slik pop-lyrisk triumf, der det mellom anna blir brukt tørke og vannforbud som metaforer for eit skakkøyrd kjærlighetsforhold. Medan den meir forstyrra Baby In Two besøker det mørkaste rommet i kjellaren til Crowded House, der det som ein slags siste utveg refereres til den kjente Salomonske dommen; "I'd be the King if I could say to you, Cut the baby in two". Avslutningsvis i albumets kanskje beste og rikast fasetterte låt, Number Two, blir vi så presentert for det mest bitande og bitre tilfellet, der ein hevnlysten person fører ordet i ein temmelig uforsonlig tone, og har eit sterkt ynskje om at "this letter finds you crying/It would feel so good to see you cry".
Alt formidla med Joe Pernice si ganske så humane stemme, var det nokon som antyda "ulv i fåreklær"?

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo