cover

Superamerican

The Dirty Faces

CD (2005) - Brah / Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Hardrock / Punk / Hip-Hop / Funkrock

Spor:
New Wicked Stepson
Nosedive
Bump
1974
Cleopatra
Connie/Commie
Superamerican
A New Hope
Headlights
Stonewash
Drug Free America
High Holy Days
Amplify (Like a Prayer)

Referanser:
The Stooges
The Fall
Faith No More
Red Hot Chili Peppers
Royal Trux
ZZ Top

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Energiske og skitne amerikanarar

Ein Pittsburgh-gjeng med punk-attityde og funk-impuls går rett på så rock'n roll søla skvett.

Så søla skvett og hårfeste vibrerar forsvarar denne høglytte gjengen frå Pittsburgh namnevalet sitt med solid margin. I ei energisk og vågal musikkhistorisk linje, som strekk seg frå Stooges via The Fall og Faith No More til Royal Trux, leverer dei ein kraftdose skitten, frenetisk og forvridd rock'n roll. Vokalist, låtskrivar og generell frontfigur Terry Glitter syng, rappar, gryntar, spyttar og skrik i kapp med brunstige gitar-riff, hardtslåande rytmikk og støyande avstikkarar.

Superamerican er Dirty Faces sitt tredje album sidan starten i 1997. Så dei kan neppe få status som særlig produktive plateutgjevarar. Deira to første album har ikkje nådd mine øyrer, og sikkert ikkje så mange andre her på berget heller. For verken debuten Covered In Lime (1998) eller oppfylgjaren More Lies (2002) vart ute for høgfrekventert distribuering. Begge platene kom ut på den vesle lokale labelen med det svært så passande namnet Rickety Records, og tok ikkje vegen jorda rundt i dei store kvanta. I forkant av sin tredje utgjeving har bandet blitt signa til Brah Records, labelen til det støyelskande og psykedeliske New York-bandet Oneida. Og gjennom eit samarbeid med den glimrande Jagjaguwar-labelen når dei no eit godt stykke lengre ut i verda med dei heftige basketaka sine.

Det er nok å ta hardt i å kalle Dirty Faces sine rabiate åtak for originale, til det har dei plukka opp og tatt til seg alt for mange triks frå likesinna. Den grunnleggande låtkvaliteten kan det nok også til tider virke som om den godaste Glitter har tatt litt lett på. I melodisk utforming er det enkelt og primitivt med enkelte komplekse fakter, men der ein del låtar slit med melodilinjer som ikkje heilt klarar å hekte seg. Ein problematikk som til dels blir retta opp og køyrt over av den entusiastiske og tøffe åtferda til karane.

Kva Glitter har på hjertet reint tekstlig kan nok vere vanskelig å oppfatte. Men sterke gloser sit laust, kjønnsdrifta er sterk og revolusjonen synes å vere på plakaten. Kva slags revolusjon, og kva Glitter måtte meine om den finn eg ikkje heilt utav, men med tanke på albumet sin tittel og det faktum at dei har dedisert det til dei amerikanske soldatane i Irak, anar eg ein viss oppviglersk og politisk ukorrekt attityde. Kanskje gjort vel så mykje av rein provokativ glede som av djupfølt patriotisme, men slett ikkje heilt uproblematisk å svelgje.

Til sjuande og sist trur eg likevel ikkje ein skal ta Glitter og hans uvaska kameratar for alvorlig. Deira misjon er først og fremst å spreie funky, riffsterk og uregjerlig rock'n roll. Og når dei gjer det med slikt glødande pågangsmot som i den desperat tilbakeskodande, og fortvilt håpefulle 1974 er det lett å gje dei plass i varmen. Melodisk vital og dynamisk effektuert er også den heftige proklamasjonen Drug Free America. Medan spasmane når si mest ukontrollerte fase med Headlights. Og aller først i løypa ligg den sarkastiske og kvasse New Wicked Stepson og skrapar vekk all unyttig glasur. Innimellom skrålinga tar dei seg tid til ein liten spretten folkpoppig låt også, treffande nok titulert A New Hope. Som avslutning på seansen kjem dei opp med to seks minuttar lange låtar som er forma under litt andre tilhøve. High Holy Days er balladen. Sakte svevande på ei døsig keyboards-drone, og med vokalen i front, der Glitter etterkvart får støtte frå Killerina Choirs. Eg er litt usikker på om dette eigentlig kler dei så godt. Nei, då er den episke og psykedeliserte Amplify (Like a Prayer) ein betre affære. Herlig utilpassa, grovkorna, hissig, krypande og ikkje heilt enkel å få tak på.

Tar gjerne i mot eit nokre fleire av den sorten ved neste korsveg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo