cover

Lavinia

The Veils

CD-EP (2003) - Rough Trade / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Britpop

Spor:
Lavinia
A Break in the Waves
Citadel

Referanser:
The Verve
Placebo
Bernard Butler

Vis flere data

Se også:
The Runaway Found - The Veils (2004)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Triveleg forrett

Med eit strålande debutalbum i sekken, leverar The Veils ein ordinær singel.

"Hype" er eit ofte brukt (skjells)ord som beteiknar situasjonen der nyetablerte artistar får store mengder spalteplass i musikkpressa. I daglegtalen har ordet gjerne ein negativ klang ved seg, og vert ofte sett på som ei form for kynisk marknadsføring av udugelege artistar/band som ikkje fortjenar alt ståket rundt sitt musikalske produkt. Musikkskribentar er og i høgste grad medverkande til denne situasjonen. Men "hype" kan også sjåast i meir positiv forstand, der mengde spalteplass er proporsjonalt med genialiteten på tonane. The Veils har uansett blitt heftig omtala for debutalbumet The Runaway Found som kom ut i år, og då særlig i den britiske musikkpressa.

Bandet har kontrakt med plateselskapet Rough Trade, eit selskap som husar blant andre Belle & Sebastian, Sufjan Stevens og The Libertines. Singelen Lavinia viser at The Veils ikkje synast å ha blitt influert av desse artistane, men heller henta inspirasjon frå artister som Suede og Placebo. Den 19-årige vokalisten Finn Andrews rår over ei nasal stemmekraft som får meg til å tenke på både Brett Anderson og Brian Molko, utan at han dermed skal skuldast for å drive plagiat i så måte. Andrews vekslar utan blygsel frå eit særs lågmælt til eit desperat uttrykk, noko som er med på å tilføre musikken ein behageleg variasjon.

Av låtane på singelen er det ikkje overraskande bittersøte Lavinia som utmerkar seg som den sterkaste. Forutan ei veldig catchy melodilinje låta gjennom, har den og eit vakkert avslutningsparti der voldsame strengearrangement blir kombinert med fleirstemt koring og vokalen som manar fram ein lengsel etter "my sweet lavinia..." A Break in the Waves er produsert av ex-Suede medlem Bernard Butler, og er ironisk nok den av dei tre låtane som ikkje høyrer heime i eit opplagt Suede-landskap (anno Dog Man Star). Absolutt ein likandes rockelåt, men på ingen måte revolusjonerande. Singelen avsluttast med den pianostyrte balladen Citadel, som har eit forlokkande kvinnekor i bakgrunnen. Til forsiktig applaus frå mi side. Lavinia er den fjerde utgjevne singelen frå The Runaway Found. Kanskje kan det være noko av grunnen til at det gjeng litt på tomgang her.

Har The Veils gjort seg fortent til den hypen som er skapt rundt bandet? På bakgrunn av denne singelen aleine kan ein nok stille seg tvilande til akkurat det. Men det er sjølvsagt på albumet du vil finne godsakene, noko eg no kan konstatere då eg nettopp har hørt gjennom det.

Så oppsummerande: The Runaway Found anbefalast på det varmaste, singelen Lavinia er eit kjekt-å-ha objekt.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Pow Pow - Last Days On Earth

(Fysisk Format)

Pow Pow har blitt helelektronisk, og gjennomfører forvandlingen med stor stil og kosmisk eleganse.

Flere:

Gerd og Otto - Et Luftslott på Månen - Kapittel 1: 1934-1948
Robert Plant & Alison Krauss - Raising Sand