cover

Til Skogen

Bergen Mandolinband

CD (2010) - Grappa / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Bluegrass / Folk / Vise

Spor:
Mari
Granitt
Kald, Kald Jord
Fru Jonson
One Step
Når Eg Kjem Heim
Strekke Ikkje Te
Kvit Av Snø
Til Skogen
Brättnevalsen
Ingenmannsland

Referanser:
Ila Auto
Onkel Tuka
The Carter Family
Bruce Molsky

Vis flere data

Se også:
Lang Veg Til Tysvær - Bergen Mandolinband (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Festen, kløen, og livet etterpå

Med Vestlandet i ryggmargen, strengar som gnistrar, og tonar som fengjer, gjer dei seg fortent til ei smule merksemd.

Livet er som kjent ikkje eit ferdigteikna kart. Livet blir til undervegs, det. Oftare som eit offer for det planlause og tilfeldige, enn som eit resultat av det strikt uttenkte og skarpt gjennomførte. Derfor må det ikkje så reint sjeldan finne seg i å fjerne klunger og skitne spor, der det sannsynlegvis heller kunne tenkt seg å supe sol og danse barbeint.

Så når det sprudlar som best, kan det avgjort vere lurt å forsikre seg at ein er eigar av ein redningsvest. Ein fest kan nemlig aldri vara evig (sjølv om ein stadig likar lure seg sjølv til å tenke annleis om nett det). Og det som kjem krypande fram i andre enden er sjeldan særlig attraktivt, og kan gjere vondare enn du anar. Like fullt, bøna går slik den: "Ta ikkje frå oss det vonda, for det er det vonda som gjer alt så fint".

Orda er Gaute M. Sortland sine. Songar og tekstforfattar i den fleirstemte mandolinbanden som i desse dagar har ei ny plate å by på. Etter å ha framført sine rotfesta folktonar (rotfesta i ein evig nordatlantisk tradisjon, som strekk seg frå dei svenske skogar til den amerikanske prærien) i engelske språkformer sidan det tidlege 2000-talet, slo dei i 2008 over på dialekt. Eit smart val, for med eitt ankra tonen deira seg fast i noko som virka vera deira eiga sjel. Deira vestlandssjel. Ei sjel farga og skaka av dei moralske krava og fuktige vilkåra som har tråla fjordane og svevd over vatna her sidan lenge før olje-alderen.

Det handlar mykje om dette å stadig drive inn på dei spora der den håplause kjærleiken gror, og festen alltid sluttar for seint. Der fridomen må sjå seg zooma inn i tronge lykteskjer, og bussen sjeldan kjem før dagen etter. Der bonangeren kanskje helst burde vore eit viskelær, galskapen på veg sørover, og døden eit avskilta alternativ. Ein landsdel verdt å flykte frå. Men kanskje endå meir; ein landsdel verdt å lengte tilbake til.

Frå sitt eksil i hovudstaden fangar Sortland og hans fylgjesvenner dei heimlige trakter med ganske så treffande formuleringar. Heimlige trakter, som slett ikkje er Bergen men strekninga Haugesund/Tysvær. Heimlige trakter, der mandolinen var eit populært våpen på den tida då unge folk elles lot grungeskjegget gro. Etter nokre år i opplag på loftet fekk den sin renessanse på studenthybelen i Bergen. Derfor Bergen. Derfor Mandolinband. Endå gitaren, banjoen, fela, kontrabassen, og meir til også gjer seg gjeldande. Friskt gjeldande.

Tonane, ein lett elskelig og veldig uproblematisk miks av bluegrass og visesong, er oftast henta frå Amerika. Dei er av typen tradisjonelle, eller står oppført med ein komponist som enten ikkje lever lenger, er veldig gammal, eller heiter Tom Waits. Frå sistnemnte si hand har dei henta Cold Cold Ground, døypt den Kald Kald Jord, latt den fylgje opphavsmannen sitt opprinnelige spor pensla med pietisme, sprit, innavl og innestengt opprørstrong, og på ingen måte tatt frå den gufset. Eit gufs som ikkje slepp taket før Fru Jonson sin son, i songen som fylgjer, er trygt bura inn, etter å ha utført simple handlingar på oppdrag frå eit par sjofle englar.

Tekstane tar Gaute M. Sortland på seg ansvaret for. Frå den innleiande historia om den vel sjølvgode typen som stadig bankar på døra til Mari, via den rastlause og utrangla skikkelsen som Ikkje Strekke Te, til han som står tynnkledd saman med dama si i Ingenmannsland, og ventar på bussen til festen.

Granitt har Sortland heile ansvaret for. Eit audmjukt stykke musikk, om ein fyr som har latt bandet i stikken for å krype under dyna med henne. Ein strykekvartett stryk vemodig, og alt er på sin plass. Konflikten band/privatliv/fest blir forresten gjort gjeldande som tema også ved eit par andre høve. Turnebussen har då dratt, og ein stakkar står att. Eller kanskje ikkje så stakkar, for når sjølvransakinga verkelig set inn lyde den slik; "Eg brydde meg aldri, og så fekk eg svi".

Bergen Mandolinband etterlet seg slett ikkje noko inntrykk av å ikkje bry seg. Tvert om, dei bryr seg om songen, dei gjer den puls, dei gjer den pust, dei gjer den varme. Ja ikkje minst varme. Dei burde snart dukke opp på ein fest nær deg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo