cover

The Secret Migration

Mercury Rev

CD (2005) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Psykedelia / Prog / Drømmepop

Spor:
Secret For a Song
Across Yer Ocean
Diamonds
Black Forest (Lorelei)
Vermillion
In the Wilderness
In a Funny Way
My Love
Moving On
The Climbing Rose
Arise
First-Time Mother's Joy (Flying)
Down Poured the Heavens

Referanser:
The Flaming Lips
Spiritualized
Syd Barrett
The Beatles

Vis flere data

Se også:
All Is Dream - Mercury Rev (2001)
The Essential Mercury Rev: Stillness Breathes 1991-2006 - Mercury Rev (2006)
Hello Blackbird (OST) - Mercury Rev (2006)
Snowflake Midnight - Mercury Rev (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Den søte psykedeliaen

Mercury Rev er tilbake. Fargerikt og håpefullt, lyst og levande, velkjent og psykedelisk.

På sitt sjette album sidan debuten i 1991, inviterer Mercury Rev nok ein gong til ei vandring blant stjernene, årstidene, fargane og draumane. Noko dei gjer med tonar trygt forankra i lydar dei har presentert for verda tidlegare.

Då albumet Deserter's Song dukka opp hausten 1998, hadde Buffalo, NY-bandet flytta seg ein del lydmil sidan starten av karrieren. Via interne konfliktar og fleire utskiftingar, hadde dei bevega seg frå eit liv blant mykje vilter ramling og over i eit meir velordna bilete. Noko dei gjorde utan å leggje av seg ein tøddel vitalitet. Snarare tvert imot. Deserter's Song er eit friskt, originalt og melodirikt stykke musikk, og fortjener alle høge liste-plasseringar og mesterverk-titlar det har vorte tildelt.

Den overordna tonen på Deserter's Song var av håpefull og lys karakter. Tre år seinare var tonen litt annleis. I sin balansegang mellom draum og realisme var All Is Dream nokre skritt i retning av eit mørkare og meir demonisk hjørne. Og intuisjon-psykedeliaen som alltid hadde vore bandet sitt varemerke, både i viltre og søte samanhengar, vart halde litt meir i taumane. Taumar dei slakkar ein god del opp på når dei i 2005 presenterer The Secret Migration. Ei plate som tar tak i dei lysaste stundene frå forgjengaren, men som også gløttar litt i retning Deserter's Song. Sjølv om den nok aldri når høgder som Tonite It Shows, Endlessly eller Goddess On a Hiway.

Underteikna har ikkje tilgang til tekstane i visuell form (rår kun over ein uopplyst promosak). Når så ein del ord forsvinn i den psykedeliske virvelvinden, har eg nok ikkje eit godt nok grunnlag for å tolke den tekstlige tilstand i all sin breidde. Inntrykket er likevel at denne gongen glimar sola, skyene er (fio)lette, tilværet er handterleg og draumane er stort sett godlynte. Så når Jonathan Donahue inviterer på "dark country ride", går i nærkamp med gamle englar eller uttrykker anger over manøvrar på kjærleiksfronten, representerer ikkje det grunntonen på albumet. Den er vi nok meir i kontakt med når Jonathan i Secret For a Song proklamerer fylgjande; "I give you my soul babe, and one day you give me your own". Ikkje kjøpslåing av Robert Johnson karakter akkurat. Ein fantastisk låt forresten, inderlig tone med Zeppelinsk rytmegang, instrumentelt velfødd utan å bli overdådig. Slett ikkje den einaste godlåten på albumet. In the Wilderness er eit godt døme på korleis bandet kan lukkast i sin balansegang mellom det smektande og vare, det mektige og kjælne. Vellykka er også Arise der den skapar ein glødande møteplass for melodi-idyll og varleg vridd støy.

Ved sida av låtskrivar og vokalist Donahue er gitartraktør Grasshopper stadig tilstades. Ellers består bandet av nyare ankomne Jeff Mercel på slagverk og piano. Eks-medlem, no kun fast produsent, lyd/ulyd leverandør og bass-utforskar, Dave Fridmann skal også ha sin del av æra for at The Secret Migration vert nok ein funksjonell omgang med varm kvikksølv rus. Slik som den den psykedeliske godlyden på Across Yer Ocean, med innlagt Grasshoppersk westerngitar. Nå er ikkje alt på plata av same interesse. For når dei prøver seg med fyldigare tilfeller som Black Forest, Diamonds og The Climbing Rose, tykkjer eg dei slit litt meir i motbakke.

The Secret Migration er på sett og vis det Mercury Rev-albumet med dei tydeligaste trådane tilbake til poptonen slik mange framstilte den mot slutten av 60-talet. Fargerik og håpefull. Utan at eg trur det er så veldig mykje her som kjem til å bli huska til evig tid. Men ei låt som In a Funny Way trur eg det går an å ha det kjekt med lenge ennå. Vemodig, idyllisk og mektig. Tufta på enkle (ja nesten banale) men særdeles tiltalande tonar, og med ein vers/refreng dynamikk som skapar artige vibrasjonar både her og der.

Sikkert ikkje verdens viktigaste plate, men derimot ei som kan framkalle litt sommar midt på vinteren. Det trengs slike også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo