cover

A Ghost is Born

Wilco

CD (2004) - Nonesuch / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Eksperimentell rock

Spor:
At Least That's What You Said?
Hell Is Chrome
Spiders (Kidsmoke)
Muzzle of Bees
Hummingbird
Handshake Drugs
Wishful Thinking
Company in My Back
I'm a Wheel
Theologians
Less Than You Think
Late Greats

Referanser:
Uncle Tupelo
Loose Fur
Neil Young
The Beatles

Vis flere data

Se også:
Yankee Hotel Foxtrot - Wilco (2002)
Yankee Hotel Foxtrot - Wilco (2002)
Sky Blue Sky - Wilco (2007)
Wilco (The Album) - Wilco (2009)
The Whole Love - Wilco (2011)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Ein eventyrlig fødsel

Rock gjort på Wilcovis er ikkje heilt som an rock. Eller: Endå ei frilyndt plate frå bandet som aldri spør om kva som er lov.

Det er lettare å reagere enn å være original, blir det hevda. Det er vel ikkje så vanskelig å være einig i nett det. Jeff Tweedy syslar ikkje med det lettvinte, det opplagte. Han går gjerne fruktbare omvegar eller tek uredde sidesprang. Jeff Tweedy er ein original, ein musikalsk innovatør. Nå har ikkje Jeff funne opp rock'n'roll-kruttet. Men han og resten av Wilco-banden foretar seg ganske så særeigne ting med dette kruttet, så smellet lyde litt annleis, røyken har ein annan farge og lukta blir ei anna.

Sånn høyrer og ser eg det i alle fall.

Eg var inne på tanken allereie for 12 år sidan då Jeff saman med Jay Farrar var grunnstamma i legendariske Uncle Tupelo, men gjekk likevel ikkje heilt for det den gongen. Ikkje for det, Uncle Tupelo var eit fantastisk band, og gav endåtil navn til ei heil lita bølge av rockinfisert countrymusikk på første halvdel av 90-talet (No Depression). Dei gjorde vel til og med enkelte små ting litt annleis enn kva nokon andre hadde gjort før. Men kanskje dei var litt for mykje av ei naturleg vidareføring av ting Hank Williams, Gram Parsons, Neil Young og The Long Ryders hadde foretatt seg tidlegare til at eit skråsikkert innovatørbegrep kunne få innpass. Likevel, insisterar nokon, skal ikkje eg stå i vegen.

Eg høyrde definitivt ingen musikalsk nybrotsmann for 9 år sidan då Jeff og ein handplukka gjeng debuterte under Wilco-signaturen. Albumet bar tittelen A.M. og var spekka med trivelig nok countryinspirert rockemusikk, men slett ikkje originalt.

Eg såg imidlertid kraftige konturar av eigenarta rockemusikk i 1996, då dobbeltalbumet Being There dukka opp. Albumet var nemlig eit solid steg i retning gullkanta melodi-riker for den godaste Tweedy. Ein overflod av små sprelske idear kombinert med skarp meloditeft. Ein hyllest til rock'n'roll og dens evner til å kunne kommunisere enkelt, ærlig og direkte.

I 1999 dumpa han på nytt inn i stova mi med flott musikk. Summerteeth heitte Wilco-albumet dette året. Mange av låtane var denne gongen i ei sommarfrisk og Beatlesk poplei. Og stilt saman med elektrisk glødande balladar som She's a Jar og Via Chicago vart det ei strålande plate. Sjølv om heller ikkje den representerer steget inn i innovasjonen sine kammer.

Det steget tok Tweedy og Wilco i 2002. Plata heitte Yankee Hotel Foxtrot og var så makelaus at plateselskapet deires egentlig ikkje ville gje den ut (eit lite teikn på originalitet, berre det). Eigenarta og gnistrande arrangementer. Atonalitet og varsom støy får lov å fargelegge bildet, men er aldri i nærleiken av å spolere grunntonen. Fortsatt er melodien i sentrum. Men i eit meir spennande sentrum enn nokon gong før. Kompromisslaust utført etter intuisjon og innfallsmetoden, frilynt og utan å skue for mykje i retning normal framferd. Jodå, dette var originale tonar.

No skriv vi 2004. Framføre meg ligg Wilco sitt femte album (hvis vi ikkje reknar med dei to dei har gjort saman med Billy Bragg). Eg er spent, veldig spent. For vil denne vesle dingsen klekke ut samme originale musikken forgjengaren gjorde? Statistisk sett har det jo vist seg at det er få artistar unt å ha i seg meir enn eit formidabelt album. Derfor ber eg ei stille bøn; Wilco, please make it two!

A Ghost Is Born.

Eg spelar den ein gong, to gonger, tre gonger. Hmmm, eg tvilar litt.

Eg spelar den fire gonger, fem gonger, seks gonger. Eg tvilar mindre.

Eg spelar den sju gonger, åtte gonger. Eg tvilar ikkje.

Ni gonger. Eg er overbevist.

Ti gonger. Og no trur eg ikkje eg klarar å slutte å spele den. Elleve, tolv ...

Sånn, då får eg vel gjere eit spinkelt forsøk på å beskrive kva eg har opplevd desse siste dagane i samvær med det nyfødde spøkelset.

Songane, tolv stykker denne gongen, er rota i velkjente melodi- og rytmemønster. Vers, refreng, pop, rock, balladar. Rett nok har komponist Tweedy eit nærare tilhøve til forgylte tonar enn dei fleste andre, men han brukar avgjort den gamle velkjente formelen, han også. Likevel, sluttresultatet blir litt annleis i Wilcoland.

Jeff Tweedy er ein frilynt låtsmed. Han er aldri redd for å ta sjansar med sine små låtskattar. Han lar bandet leike med dei, utforske dei, men aldri drukne dei eller forhalde seg likegyldig til dei. Det er små og litt lengre stykker, nokre er vare, nokre atskilleg meir hardføre. Men dei er alle blitt granska inderlig, snudd på, rista på, smilt til, kjælt med og gjort små rare ting med.

I eit forsøk på å lokalisere Wilco på det store og uoversiktlige musikk-kartet, meiner eg å sjå dei vandrande rundt der borte i spenningsfeltet mellom struktur og fridom. Ein stad det er lov å flytte grenser og å vidareutvikle eigne musikalske idear. Men sjølv om dei er eit band i stadig forandring (arbeidstittelen på denne plata var høvelig nok Wilco happens), har dei også sin lett gjenkjennelig signatur. Den står skreven der, innimellom den store handlefridom, dei lettbeinte utfluktene, den dempa uroen, og det åpne minimalistiske bildet, bakom Tweedy sine resignerte men sjelfulle vokale avleveringar, i hjarta av hans låtskrivarkunst.

A Ghost Is Born skil seg frå forgjengaren først og fremst med å redusere på mengden av synthbaserte og maskindrevne lydinnfall. Nå får nyankomne Mikael Jorgensen lov til å lure med små godsaker frå synth-hjørnet sånn av og til, men denne gongen er det dei såkalla organiske instrumenta som regjerer grunnen. Slik blir bildet på A Ghost Is Born meir jordnært og varmt enn dei noko meir bistre og eksotiske strekane Wilco farga (med magnetisk kraft) forrige gong. Fortsatt skuer imidlertid bandet villig inn på uutforska territorier. Men aldri gjer dei slikt for å være sære, vanskelige eller pretensiøse. Her er ingen fakter og tull og tøys, berre pur kjærleik til musikken. Og gløym alle ideane om alt-country, No Depression og slikt. Det som måtte være av slike tilknytingar hos Wilco pr. i dag har vore inkorporert i rockemusikken heilt sidan Elvis song That's Alright Mama for femti år sidan.

"I attack with love, pure bug beauty, curl my lips and crawl up to you".

Sitatet er henta frå låta Company In My Back, og kan få være ein metafor over korleis ei Wilco låt oppfører seg. Anten den frambringar kraftfulle lydar, eller går litt meir varsomt til verks. Aldri før har pianoet vore så dominerande på ei Wilco plate som tilfellet er denne gongen. Både avtroppande medlem Leroy Bach, assortert medlem Jim O'Rourke og nyankomne Mikael Jorgensen vekselsvis trillar og dunkar fram tonar frå elfenbeinbrettet. Nennsomt i første del av At Least That's What You Said, før Bach etterkvart blir overkøyrt av virile gitarangrep frå sjefen sjølv, frå dei Neil Young-farga til dei komplett tøyleslause.

Hell Is Chrome er neste påstand. Ein ny pianodreven affære, meir intenst og skal vi sei djevelsk denne gongen. Bak i bildet stikk det fram små lumske flammar frå Tweedy sin gitar. Låta sin hovedperson finn seg etterkvart vel til rette hos den kromdekte luringen, så det heile blir avslutta i nær gospelstil; "come with me".

Jammen har Wilco gjort mykje flott, men eg lurer på om ikkje spor tre på A Ghost Is Born toppar alt. Låta heiter Spiders (Kidsmoke), varer i drøyt ti minuttar og er vidunderlig i kvart eit sekund. Bass, tromme og piano dannar i beste Neu! ånd ein monoton og hypnotisk metallisk bærebjelke. Rundt denne krøllar Tweedy ein magnifikk sang, og ikkje minst ein stadig veksande mengde av kriblande, klatrande og glødande gitarfigurar. Eg seier med Damo Suzuki; Halleluwah.

Vakre Muzzle of Bees lever i eit akustisk lydbilde men får vitjing av litt meir høglytte tonar mot slutten. Medan den Beatleske Hummingbird blir tilført fiolintonar, og tar slett ikkje skade av det. Tekstane til Tweedy synest eg også har tatt endå eit skritt vidare i poetisk kraft. "His goal in life was to be an echo" syng han i Hummingbird. Om den rastlause og noko forvirra fyren som ikkje klarer å gløyme den der dama. Sjølv om sanninga dessverre er slik at; "a cheap sunset on a television set could upset her, but he never could". Det er som før ofte tvedydige og langt frå opplagte tekstlinjer Tweedy byr på. Men noko ein kan grunna på er jo alltid kjekkare å få servert enn ferdigløyste problemer. Akkurat kva som foregår i Handshake Drugs har eg ennå ikkje heilt funne utav. Men hovedpersonen her er også i farta. Planlaust, ute av seg sjølv driv han av gårde i baksetet på ein taxi. Låta er av det lausslupne og småviltre slaget, helde i taumane av John Stirratt sin bassgang. Den samme Stirratt er for øvrig den einaste ved sida av Tweedy som har deltatt på alle Wilco sine utgjevingar. Wilco er nemlig ein stadig endrande combo, der folk blir henta inn og kasta ut alt etter kva ritt Tweedy er ute på.

Eg nemnte Hummingbird som eit Beatlesk tilfelle. Det samme kan det vel også gå an å seie om yndige Wishful Thinking. Mens Company In My Back har meir tilfelles med Handshake Drugs, og er ein viril og smart rockande sak. Ja, ein skikkelig liten bluesy lurendreiar faktisk; "I move so slow, steady crushing hand, holy shit! there’s a company in my back". I'm a Wheel er på si side ein kåt Replacements-rockar av beste merke. Og er utstyrt med nokre suverene nonsenslinjer; "one, two, three, four, five, six, seven, eight, nine, Once in Germany someone said nein". Albumtittelen dukkar opp mot slutten av den piano-borne midt-tempo saken Theologians. Her er vi også på veg. Kor, er eg ikkje sikker på (antakelig ikkje Tweedy heller), men det er i alle fall til ein plass der kunnskapslause teologar ikkje har adgang.

Less Than You Think er albumet sitt lengste spor. Det dreg seg så vidt over 15 minuttar, og er delt opp i to dramatisk ulike akter. Den første varer i tre minuttar og er ein skjør og nydelig pianoballade. Akt to tar resten av tida og er ein langsomt stigande drone bygd opp av synhetiske og maskinstyrte lydar. Og er sannsynlegvis eit forsøk på å gjenskape eit migreneanfall i auditiv form. Om det i så måte er vellykka? Eg lid heldigvis ikkje av denne sjukdommen, så det kan eg ikkje svare sikkert på. Men det gjer Jeff Tweedy. Og det i så sterk grad at han vart misbrukar av smertestillande medikamenter. Noko som igjen førte til ei lita utsetjing av A Ghost Is Born, sidan han valgte å legge seg inn til behandling for denne avhengigheten. Eg maktar dessverre ikkje heilt å halde på interessa drona igjennom, men eit lite ankepunkt skal jo eitkvart mesterverk slite med. Dette blir uansett veldig fort tilgitt og gløymt når den vesle godlåta Late Greats dukkar fram heilt tilslutt.

Til særdeles spretne og lett likte tonar syng Tweedy om bekymringar av meir solskinnsgrad. Om dei (fiktive) låtane, banda og sangarane som aldri nådde opp. Før han avsluttar i litt større målestokk; "the best songs will never get sung, the best life never leaves your lungs".

Sjølv om den siste påstanden kan virke nokså kategorisk trur eg det er nett desse songane, dei beste, dei usungne, Tweedy og hans Wilco heile tida jaktar på. Og dei tolv han har fanga denne gongen, og gjeve ein sonisk fødsel i ei mangefarga spøkelsesdrakt må då komme veldig nær nett slike skussmål.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo