cover

Whiskey Rabbi

Geoff Berner

CD (2005) - Black Hen

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Folkrock / Humor / Klezmer / Cabaret / Sigøynermusikk

Spor:
Whiskey Rabbi
Lucky Goddamn Jew
Song Written in a Romanian Hospital
Drunk All Day
The Unlistenable Song
The True Enemy
And Promises to Break Before to Sleep
The Traveller's Curse
The Violins - Al Kamanjat
Volcano God

Referanser:
Tom Lehrer
Billy Bragg
The Pogues
Jacques Brel
Dan Bern

Vis flere data

Se også:
We Shall Not Flag or Fail, We Shall Go On To The End - Geoff Berner (2003)
We Shall Not Flag or Fail, We Shall Go On To The End - Geoff Berner (2003)
The Wedding Dance of the Widow Bride - Geoff Berner (2007)
Klezmer Mongrels - Geoff Berner (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Av fulle folk får du sanninga

Fordjup deg i Ordet, la delirisk Palinca-rus rase gjennom systemet og kast deg inn i eit sirkus av heftig sigøynardans og sørgmodige klezmer-tonar.

Det står ein fordrukken gateprest på hjørnet. Med edle whiskeydråpar rennande nedover det ustelte skjegget og med skjelvande hender pumpande på sitt antikvare trekkspel, brølar den høgverdige ut si anklage mot alle svikefulle menn, kvinner og barn som hastar seg brydd forbi - "You've all been worshipping a false messiah. I pray to God that I got here in time to guide you..." Presten går under namnet Whiskey Rabbi og er det sjølverklærte Lyset som skal redde deg som er kvalmande stolt av å halde deg edru. Bodskapen er av det fuktige slaget - drikk deg full og opplev verkeleg lukke.

Karakteren Whiskey Rabbi legg premissane for den nye utgjevinga til den canadiske vandraren Geoff Berner. Skiva blei innspelt i selskap med litervis av den rumenske brennevins-typen Palinca, og Berner omtalar sjølv resultatet som "a drunken klezmer album". Om du allereie har fått oppleve trekkspelmannen på ein av hans mange mini-turnear i Norge, eller kanskje kjøpt skiva We Shall Not Flag or Fail, We Shall Go On to the End (2003), veit du sånn omtrent kvar i det musikalske landskapet vi befinn oss. Med sin cocktail av drivande aust-europeisk klezmer-punk, livat og hurtig sigøynermusikk og sørgmodige serenader miksa med ein ofte absurd og gjerne makaber stand-up humor i ånda til Bill Hicks - formulert gjennom Berner sin punk-influerte vokal og alltid medrivande trekkspel - er det vanskeleg å halde seg passiv når belgen vert klemt saman.

Berner kan ikkje skuldast for å ha verdas fremste stemmeprakt, men det er likevel noko med måten han slyng ut orda som verkar så forbanna riktig. Røysta er klar og truverdig med eit smittande engasjement, anten han skrik med tøysete heliumsvokal på Drunk All Day, prøver ei meir avdempa tilnærming på The Unlistenable Song eller snerrar ut sin avsky på Whiskey Rabbi. Han spelte tidlegare i eit namnlaust punkband i Vancouver, og har her tatt punken sin aggro-mentalitet og i-ditt-tryne-attityden med seg vidare inn i folkmusikken. Men all kreditt her bør ikkje gå til Berner åleine. Velspelt fiolingnukking av Diona Davies og drivande perkusjon av Wayne Adams er med på å skape riktig fylde i materialet. Samtidig forsterkar dei stemningane Berner manar fram med trekkspelet og si spydige tunge. Whiskey Rabbi er både energisk, humpete og går tidvis ganske vilt av seg, men blir aldri uforståeleg eller kjedeleg.

I dei originale historiene til Berner lever altomslukande misantropi og burlesk humor side om side, anten det bæljast om "det ondes problem", skummel voodoo, jødisk ironi, lukkeleg grøftefyll eller meir klassisk boy-meets-girl-problematikk. Velvalgte tema, men kanskje ikkje akkurat kva ein ville forvente av ein person som tidlegare livnærte seg som manusforfattar til det koselege barneprogrammet Sesam Stasjon. Kanskje fikk canadiske småunger den gangen kjenne til ein meir radikalisert versjon av Max Mekker; ein blå og tjukk sjarlatan med eit vanedannande forhold til gledespiker, heimevin og lystig sang?

Tekstane til Berner kan nok stemplast som både hysteriske, fjåsete, grove, geniale, hedenske og religiøse. Men sjølv om det er humoren og dei mange drekkevisene som blir mest framtredande, kan nok fleire av forteljingane synast å romme meir enn regelrett fjas og tjas. Under klezmer-dansen Lucky God Damn Jew angrip jødiske Berner fundamentalistiske krefter i Israel-Palestina-konflikta ved hjelp av sine fremste våpen, ironi og sarkasme ("Lucky! Lucky! All the time! Now I've got my own country, Where I am free to persecute People with less luck than me."). I The True Enemy diskuterer han alt frå Adam og Evas eplenasking, canadisk politibrutalitet og 11. september åttaket, og skrik med heile si røyst at Boredom! - kjedsomheitas monotoni, er årsaka til slike ekstreme handlingar. Den nemnte drikkehymna Whiskey Rabbi er eit anna gullkorn. Det samme kan seiast om den sprudlande sigøynerdansen Drunk All Day, der hovudpersonen drøymer om å forlate sitt kjedelege A4-liv til fordel for eit vakkert utopia beståande av sprit, pot og kvinner. Og jammen har ikkje fengande Volcano God frå føregåande album sneke seg med her i nyrestaurert form.

På coverillustrasjonen ser Berner ut som ein gal sirkusdirektør kledd i svart dress med eit sett hatske og blodskotne auge retta mot deg. Fullt så skummel er han derimot ikkje. Under konsertar framstår han som ein riktig triveleg og omgjengeleg kar med godt humør, frekke historier og høglydt trekkspeling. Ynskjer du å sjå "entertainaren" Geoff Berner opptre er det fleire moglegheiter for det. Rundt månadskiftet august/september skal Geoff underhalde i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim, nokre av konsertane som support for Kaizers Orchester.

Gå dit og rus deg lukkeleg.

comments powered by Disqus

 



Tom Haakon Brekke
2005-08-25Geoff Berner nå ute på CCAP!

Whiskey Rabbi av Geoff Berner (anmeldt 4/8 av Arild Ness i Groove.no) gis nå for første gang ut i Norge. Stavanger selskapet CCAP har lisensiert utgivelsen og har offisiellt slipp 29. August (distribusjon EMI Norge). Geoff reiser sammen med Kaizers på Europa turne i september, og gjør også noen solo jobber i Norge i August og September. Se turneliste på www.geoffberner.com

Darija Jamina
2005-10-22Geoff Berner - Live

Jeg var på p3-Sessions med Kaizers Orchestra og som oppvarming hadde de Geoff Berner. Fyren kan synge, og låter enda bedre live . Itillegg til dette er han også hysterisk morsom , og kom med et par vitser underveis , som til og med Håkon Moslet lo av.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo