cover

Essex Hideaway

Kimberley Rew

CD (2004) - Bongo Beat

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock

Spor:
Bless This Album
Phoenixstowe
Short Smart Haircut
Jerome K Jerome
Tourists of Insanity
Arterial Road
That's Soft Boy
Ballad of the Lone Guitarist
Your Mother Was Born In That House
Essex Hideaway
Even Shorter Haircut
Epilogue

Referanser:
The Soft Boys
Katrina and the Waves
The Kinks
Steve Harley

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


That Soft Boy

Tjue år etter at han vandra på solskinn leverer Kimberley Rew stadig anstendige låtar.

For 20 år sidan var Kimberley Rew den vesentligaste bylgja i Katrina & the Waves. Kven av oss som opplevde 80-talet har ikkje sunge med til låtar som Que Te Quiero, Going Down to Liverpool og Walking On Sunshine? Alle er dei komponert av Kimberley Rew. Eit drøyt tiår etter sin glansperiode gjekk bandet til topps i Melodi Grand Prix med Kimberley Rews Love Shine a Light, utan at det kanskje auka mannen sin kredibilitet. Kredibilitet så det held har derimot det første bandet Rew vann åtgaum ihop med. Hans ringande og glødande gitartonar spelte ei viktig rolle i det fabelaktige Robyn Hitchcock-leia garasje/ folkpsykedelia/ powerpop-bandet The Soft Boys. Deires andrealbum Underwater Moonlight frå 1980 er ein rock-klassikar god som nokon, og ei viktig inspirasjonskjelde for amerikanske band som R.E.M, Rain Parade, Dream Syndicate og The Replacements.

Medan hans eksentriske Soft Boys-kompis Robyn Hitchcock har vore ganske så produktiv på soloartist-fronten (minst 20 utgjevingar bak seg), er det først etter årtusenskiftet at Kimberley Rew har stabla ein solokarriere på beina. Essex Hideaway er hans tredje album sidan 2000. Før det var hans einaste soloframstøt den forlengst utgåtte Bible of Bop, gjort i 1982 i vakumet mellom Soft Boys og Katarina & the Waves.

Framleis opererer Rew innafor det vide poprock-området, utan å legge seg så altfor tett opp til lyden av sine tidlegare band. Det er to andre namn som dukkar langt klarare fram i bryninga når ein høyrer på Essex Hideaway. To eksentriske engelskmenn; Ray Davies og Steve Harley. Det er Village Green-era Kinks, det er Judy Teen og Make Me Smile-egga Harley. Det er noko veldig engelsk, både i aksent og kjensle. Det er ein Rew som kastar skrå blikk på tilværet, kjentfolk og seg sjølv, som flirer og viser fram eit relativt lyst sinnelag.

Seansen vert innleia og avslutta i St. Bartholomew's Church. Det er orgel, Rew og fire venner som i andaktsfull stil ber; Bless This Album, og takkar nesten like andaktsfullt; Epilogue. Mellom desse "høgtidelege" aktene får vi servert ti popstykker av større og mindre interesse. To låtar om hårklipp, den første (Short Smart Haircut) er vuggande, plystrande, music hall-aktig og artig, den andre (Even Shorter Haircut) er kraftpoppig men litt meloditrang. Dei barske poprockarane Phoenixstowe og Ballad of the Lone Guitarist nyttar han til å briljere litt på den elektriske gitaren sin. I melodifine Tourist of Insanity ser han tilbake på eigen og muligens også Robyn Hitchcock og Syd Barrett sin skjebne (Soft Boys og Pink Floyd har begge sine røter i frå same by, Cambridge); "Be anything you want to be, psychedelic, folk rock or James Last, just make sure your records, aren't buried in the past". Han presenterer ein sang om attenhundretals forfattaren Jerome K Jerome, ei toneferd nesten like vital som Jerome si skildring av ein båttur på Themsen (Tre Menn I En Båt). Vakrast tonelagt er nå likevel tittelkuttet, ein gitar frisk og orgel dreven soulpop sak i nærleiken av slikt Van Morrison har dreve mykje med.

Eit for så vidt hyggelig gjenhøyr, sjølv om Essex Hideaway nok aldri kjem til å bli spelt i nærleiken like ofte som Underwater Moonlight, eller Waves anno 1985.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo