cover

Modern Lovers

The Modern Lovers

CD (1976) - Beserkley / Sanctuary

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Punk / Garasjerock / Powerpop

Spor:
Roadrunner
Astral Plane
Old World
Pablo Picasso
She Cracked
Hospital
Someone I Care About
Girlfriend
Modern World
Dignified & Old
I'm Straight
Government Center
I Wanna Sleep in Your Arms
Dance With Me
Someone I Care About (Alternative Version)
Modern World (Alternative Version)
Roadrunner (Alternative Version)

Referanser:
The Velvet Underground
The Stooges
Dictators
Eddie Cochran
The Real Kids
Violent Femmes
Beat Happening
deLillos

Vis flere data

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Ein annleis rock'n rollar

Tidlegare i år runda Jonathan Richman 60 år. I sin ungdom effektuerte han nokre rock'n roll grep som framleis er like verknadsfulle.

Mitt første møte med Jonathan Richman skjedde tilbake i 1983. Plata heitte Jonathan Sings. Og det var det han gjorde. Song, om That Summer Feeling, om The Neighbors, om This Kinda Music som var så ukomplisert, romantisk og sjenerøs på solskin. Men også litt snål, og annleis enn noko eg hadde høyrt før. Ei nasal røyst som teknisk sett var langt unna det fullkomne, men som var så oppriktig og emosjonell at eg aldri tvilte på at innehavaren meinte kvart einaste ord i dei smått naivistiske strofene han formidla.

Han hadde spelt i eit band ein gong fant eg ut. The Modern Lovers heitte dei, og hadde visstnok berre gitt ut ei plate. Den var alt anna enn enkel å få tak i. Eg måtte vente meir enn ei veke, meir enn ein månad, ja meir enn eit år, før eg hadde den i mi varetekt. Den var annleis. Stemma kjente eg lett att. Strofene den formidla var heller ikkje så fjerne frå 1983 utgåva. Låtane sin struktur var ikkje vanskeligare, absolutt ikkje. Men det soniske trykket kom frå ein heilt annan stad.

They were wild like the USA

A mystery band in a New York way

Rock and roll, but not like the rest

And to me, America at it's best

How in the world were they making that sound?

Velvet Underground.


Slik song Jonathan Richman det i 1992, på plata I, Jonathan. Det er hans hyllest til bandet som for alvor drog han inn i musikken. Ein hommage til tonane og lyden som flytta merksemda hos den einsame og veloppdregne tenåringen frå Boston bort frå Elvis Presley og The Crystals, og mot ein annan slags energi. Den destruktive, farlige og nihilistiske energien som driv så stygt og så vakkert, ja så altfor uimotståelig, utav tonane til kvartetten frå Lower Manhattan.

"Heroin, it's my wife and its my life" syng Lou Reed. Eller: "If you close the door, the night could last forever, keep the sunshine out and say hello to never". Slike saker. Jonathan Richman syng om noko heilt anna. Den mørke livstrøtte og rusdominerte dekadensen som i høg grad er The Velvet Underground tar han aldri med seg over i The Modern Lovers. Han nøyer seg med energien.

Ein energi han også henta frå sitt favorittband nr 2, The Stooges. Ein energi fundamentert i eit bastant og angripande groove, ein primitiv og uforedla gitarlyd, og Jerry Harrison sitt framoverlena tangentarbeid. Utav høgtalarane larmar eit fortetta stykke fågreps-rock'n roll som berre tek dei mest essensielle verkemidla i bruk. Intenst, pasjonert, og verksamt, men gjennomtrengt av ei uskuld og ei omfamning av såkalla trygge verdiar som står i kontrast til Iggy Pop, Lou Reed og det utsvevande rock'n roll-livet.

I eit sonisk sjølvglødande opptrinn med tittelen Someone I Care About gjer Richman uttrykk for at han vil vere sikker på at han synest om jenta før han tek skrittet fullt ut. "I don't want just a girl to fool around with, I don't want just a girl to ball, what I want is a girl that I care about, or I want nothing at all". Medan han i songen mange reknar som hans manifest, I'm Straight, funderer over kvifor jenta vil ha "hippie Johnny" som heile tida er "stoned" i staden for han sjølv. Helst vil han ringe henne opp og proklamere " I'm proud to say I'm straight, and I want to take his place". Den telefonen blei det neppe noko av.

Ein nerd? Ein underlig fyr? Ein eksentrikar? På mange vis ja. Men også ein vågal rock'n roll-pioner. Ein gjenstridig jypling som tørr stå for noko eige. Og som det til sjuande og sist sannsynlegvis finst vel så mange lyttarar som kan identifisere seg med, som med ein Lou Reed, eller ein Iggy Pop.

Jonathan Richman vaks opp i ein Boston-forstad. Hadde få eller ingen venner. Spelte saksofon, klarinett og akustisk gitar. Drøymte seg vekk derifrå. Då han i ein alder av 18 år tilta fullstendig til The Velvet Underground pakka han sekken og drog til New York. Sov på sofaen til bandets manager og tok inn på eit shabby hotell. Fekk mast seg til ein oppvarmingsjobb (for Velvet Underground og Grateful Dead). Ingen av tilhøyrarane skjøna kva han dreiv på med. Drog etter 9 månadar tilbake til Boston. Starta eit rock'n roll band.

"Eg starta eit band fordi eg var einsam, og tenkte at det var ein måte å få venner på" fortalte han nokre år seinare. Eit stort publikum fekk han aldri. I hippietidas etterdønningar, singer/songwriter-tidsalderen, og prog-rockens barndom var det vel ikkje heilt passande og stovereint det han hadde føre seg. Med rockens opphavlige vesen som våpen tala han på eit vis den same rocken midt imot. Med høvisk hårsveis og tilkneppa skjorte slo han eit slag for verdiar som folk med ein gitar på den tida helst skulte olmt imot. På scena kunne han også, midt inne i ein songs emosjonelle kjerne, finne på å felle nokre tårer. Og, visst han synst publikum fylgde for dårlig med, ba han gjerne bandet stoppe opp, og så resiterte han teksten i staden.

I tidsrommet 1971-73 var The Modern Lovers tre-fire rundar i platestudio og spelte inn demoar av eit knapt tjuetals låtar. John Cale var involvert som produsent på fleire av innspelingane. Plateselskapa stod ikkje å trippa rundt hjørna for å få gitt sakene ut. Etterkvart byrja bandet å gå i oppløysing, (for så å reinkarnere seg sjølv i eit sonisk mildare uttrykk med andre songar, og så vidare, og så vidare). Uansett, eit rock'n roll kapittel var komme til ende utan å ha blitt verken forstått eller oppdaga av si samtid.

Så, i 1976, då punken byrja å murre frå ein og annan kjellar tok den vesle labelen Beserkley ansvar, samla ni av låtane på ei plate, og sendte den ut i den utakknemlige verda. Oppover hitlistene tok den ikkje vegen, men eit lite publikum klemte den til sitt bryst. Med åra eit gradvis større publikum. Plata fekk eit kultstempel, og nye utgjevingar har komme, også i CD-alderen. Den siste er frå 2003, der plata har vokse til 14 låtar (+ alternative opptak av tre av dei). Tilsaman 62 minutt med udødelig rock'n roll.

I skjeringspunktet mellom det å skikka seg ordentlig og det å kjenne den kløande attråa mot det syndige og forbodne formidlar Richman seg oppriktig og originalt. Han har hjerta i den gamle verda og driftene høgst til stades i den nye. Han meddele at han elskar sine foreldre, men hevdar også å vere "in love with the modern world". Når vennene seier til han at han motseier seg sjølv, repliserer han "hey kids, someday we'll be dignified and old". Men først er det ein del dametrøbbel som skal gjennomlevast.

Angsten for å bli droppa av dama slit uuthaldelig i hovudpersonen i Astral Plane: "Tonight I'm all alone in my room, I'll go insane if you won't sleep with me". Medan misunning vel skulle vere det best dekkande ordet for kjenslene som har tatt bustad i fyren som fører ordet i Pablo Picasso: "Some people try to pick up girls, and they get called an asshole, this never happened to Pablo Picasso".

Og så var det dette med å vere den sunne og skikkelige guten som er forelska i den der jenta som definitivt ikkje er like sunn og skikkelig. "She'd eat garbage, eat shit, get stoned, I stay alone, eat healthfood at home" lyde det oppgitte sukket i She Cracked. I den kjensledirrande balladen Hospital er det eit par auger hos ei heller upålitelig jente helten vår ikkje klarar viske bort frå tankane sine: "I'm in love with this power that resides in your eyes".

Den sjelelige støtta finst i rockemusikken. Den han kan tune inn til på AM-kanalen. Den fyller bilen og tilværet hans der han cruiser rundt i byen, åleine. Slik han formulerer det så treffande i fantastiske Roadrunner. Den ultimate billåta.

Going faster miles an hour

Gonna drive to the Stop 'n' Shop

With the radio on at night

And me in love with modern moonlight

Me in love with modern rock & roll

Modern girls and modern rock & roll

Don't feel so alone


Moderne eller gammaldags? Forut for eller etter si tid? The Modern Lovers var på mange vis ute av si tid den gongen, på syttitalet. Kanskje vil dei alltid vere det? Eller, kanskje vil dei aldri vere det? Kanskje syng Jonathan Richman om slikt som alltid er der? I ein sonisk skapnad som aldri vil vere feil. Som er moderne, i år også. Eg hellar mot å meine så.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

...
17.10.17 - 17:35

god jobb, har lurt etter informasjon...
15.10.17 - 22:49

glad for å bli med i...
15.10.17 - 22:48

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo