cover

Jim Stärk

Jim Stärk

CD (2005) - Sweet Recordings / Sonet / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Pop

Stiler:
Voksenpop / Softrock / Poprock / Visepop

Spor:
I Do
You Know Better
Don't Stop
Morning Song
The Word That Makes You Sing
How to Get Around
Do It Right
Going Down That Lonely Road
The Girl With the Sun
No Flowers

Referanser:
James Taylor
Jackson Browne
Keith Carradine
America
Bread
Elton John
Neil Diamond
Johnny Hide
William Hut
Billy Joel
Cat Stevens

Vis flere data

Se også:
Reading Time - Jim Stärk (2002)
Ten Songs and Hey Hey - Jim Stärk (2002)
You're the One That I Want - Jim Stärk (2003)
No Time Wasted - Jim Stärk (2003)
No Time Wasted - Jim Stärk (2003)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Blant døs og spenst

Den motstandsfrie popmusikken på Jim Stärk sitt tredje album varierer frå det frodige til det matte.

James Dean sin rollefigur Jimmy Stark var ein opprørar utan sak. Den norske popgruppa Jim Stärk er slett ikkje opprørarar, dei har derimot ei sak. Spørsmålet er berre kor god den er.

Saka deira er å lage rimeleg motstandsfri popmusikk med ein solid injeksjon mjuke syttitals-tonar i årene. Musikk det kan vere lett å like, men også musikk det kan vere lett å kjede seg i selskap med. Og då er vi framme ved essensen i opplevinga av Jim Stärk. For bakom kvar pulserande Morning Song finst det også ein vissen No Flowers. Dei maktar tidvis å fange lyttaren i enkle men tillitvekkande poptonar, for så til andre tider å så døsepulver i øyregangane.

Sidan sist har Jim Stärk blitt ein trio. Tangent-traktør Asbjørn Ribe har sagt farvel, og lyden av han er faktisk litt sakna. Noko mellom anna nærveret av fjorårshiten Morning Song minnar oss om. Den er jo som kjent rett så orgelfrisk og flott. Trur nok enkelte av dei resterande låtane også kunne hatt godt av ein dose og to med næringsrikt orgeltilskot. Den godmodige og enkle instrumentelle omgangen trioen nyttar seg av fører nemlig sekundærvarene blant låtane inn i eit unødig anonymt og traurig tilvere.

Enkelte vil sikkert også stille spørsmål med kvifor bandet tek med nettopp Morning Song på denne utgjevinga. Var det tynt med godt nok stoff til å strekke opplegget særleg utover halvtimen? Kvaliteten på dei svakaste spora kan nok kanskje bygge opp under ein slik mistanke. Velgjer likevel å tru at årsaka meir ligg i retning av at karane syntest den fortjente album-tilhøyrsle. Låta gjer uansett Jim Stärk sin tredje full-lengdar ei teneste. Noko den har tilfelles med dei to spora som følgjer i hælane. Singelen The Word That Makes You Sing er Jim Stärk på sitt aller friskaste. Eit særdeles elskeleg og melodisterkt stykke popmusikk som gjerne må bli ein hit herfrå til Mexico for min del. Soulpop-affæren How to Get Around har saftig brassfølgje, og lever ellers på velfunderte melodilinjer ("no one ever told me, life was going to be this busy").

Så var det desse "Do" låtane. I Do og Don't Stop er avgjort levedyktige saker i eit visepop-lende der både James Taylor og ein veldressert Cat Stevens kunne funne seg tilrette. Do It Right er The Eagles anno The Long Run, om lag like kjedeleg som tittelen indikerer, med andre ord. Ei skjebne den deler med dei resterande spora. Going Down That Lonely Road er til eksempel ein pianoballade som like godt kunne vore fruktene av eit halvhjerta møte mellom Elton John og Billy Joel.

Så når det kjem til inspirerte tonar vert det heile ei slags fifty/fifty oppleving. Der spensten til Sing og Song hjelper albumet over firar-høgda.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo