cover

Songs For Swinging Lovers

Philip Kane

CD (2002) - Corrupt / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Indierock / Soul / Singer/songwriter

Spor:
Me, The Ladyboy, and Gloria Estefan
Oh Mercy
Sally's Birthday
The Morning After the Morning After
Tonight
Barcelona
After the Shipwreck
To Be Free
Pearl Necklace
A Million Kisses (will not heal you)

Referanser:
Leonard Cohen
Lou Reed
Nick Cave
Al Green
Jeff Buckley

Vis flere data

Se også:
Time: Gentlemen - Philip Kane (2005)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Livet etter havariet

Ikkje akkurat Sweet Soul Music frå Phillip Kane.

I innleggsfoldaren på Songs For Swinging Lovers fortel Philip Kane ein kortversjon av dei siste 10 åra av livet sitt. Det er ein historie om havarerte kjærlighetsforhold, ugunstige relasjoner, dødsbegjær, alkoholisme, narkomani og overlevelse, og om dei som hjelpte han til å bli ein overlevar. Det er også blitt meg fortalt at Philip Kane lider av ein sjelden hudsjukdom som gjer at andre folk helst ikkje bør komme i berøring av han. Er alt dette sanning? Sannsynlegvis, men ein skal kanskje ha i mente at Kane virkar å være ein mann som ikkje går av vegen for å "forbedre" myten om seg sjølv. Like fullt, kor langt ute på tippen han truleg har vore, og om fornedrelsane der, seier følgande sitat kanskje det meste:

We couldn't even find the nails,
with which to crucify each other.

Dette livet er også tema for dei fleste sangane på Songs For Swinging Lovers. Så det er berre til å stålsette seg for ein skikkelig dose seriøs faenskap. I ein verden der sanning og løgn er likeverdige størrelsar, og der verkeligheten møter illusjonen i ein bisarr dans rundt kloakk-lokkene. Blir den menneskelige atferd sine nattsider skildra med ein ufrisert åpenhet, og alle dunkle drifter og angstdrevne lidelsar får lyskastaren retta mot seg.

Philip Kane, med ei fortid frå meir eller mindre obskure band som Ennui og Avalanche (ikkje The Avalanches), er ein sangar og låtskrivar som kanskje har sine nærmaste slektningar blant forfattarar à la William Burroughs, Charles Bukowski og Henry Miller. Medan hans nærmaste åndsfrendar i musikkverden finn vi i folk som Lou Reed, Nick Cave og Leonard Cohen. Men Kane har noko ingen av desse er i besittelse av; han har stemma til ein engel. For desse til dels sterke skildringane blir ofte gitt oss av ei røyst som mest av alt kan minne om ein Al Green. Soul altså? Tja, kanskje det, men som dei fleste nå sikkert skjønar er det ikkje akkurat snakk om Sweet Soul Music når herr Kane trør til, og vrenger sjela på eit vis få har gjort før han.

Det heile startar med ein sang med den fantastiske tittelen Me, The Ladyboy, And Gloria Estefan. Og sjølv om heller ikkje denne er heilt fri for litt aparte tekstlige innfall, er den først og fremst ein sjarmerande forsvarstale for det mange likar å betrakte som lettare popmusikk, og kva slik musikk tross alt kan bety for mange folk, for også "Gloria Estefan understands that life is painful and ultimately futile". Låta er på samme tid både enkel og mangfoldig, i tillegg er den utstyrt med eit utsøkt groove samt eit smakfullt arrangement, ja når alt kjem til alt står den fram både som platas store glansnummer, og hvis eg fekk bestemme; ein framtidig popklassikar.

Men her finst meir, då først og fremst i form av fleire variantar av sjelfulle balladar. Sånne som mektige Oh Mercy med sine tog-metaforer, eller den strykar draperte After the Shipwreck. Medan Philip i den både smarte og intense Sally's Birthday byr på tekstlinjer som; "I'm sorry I said, when I pissed in your bed, it was your fault for keeping me drinking, but you know how I get, when my tonsils are wet, I was never much too good at standing".

Dei aller mørkaste tildragelsane, i ei skildring av alt anna enn hyggelig laurdagskos, kjem imidlertid i Tonight, som startar med ein lengre monolog der Kane kan minne litt om Ministrys Al Jourgensen, før låta beveger seg over i dyster funk.

Song For Swinging Lovers er i sanning ei besynderlig plate, som det ikkje går an å ha eit likegyldig forhold til. Alt sammen satt i scene av ein forunderlig, men uten tvil evnerik engelskmann.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo