cover

Third

Portishead

CD (2008) - Go! Discs / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk

Stiler:
Psykedelia / Krautrock / Folk / Eksperimentell / Jazz

Spor:
Silence
Hunter
Nylon Smile

The Rip

Plastic

We Carry On

Deep Water

Machine Gun

Small

Magic Doors

Threads

Referanser:
Silver Apples
Stereolab
Underworld
Primal Scream
Om

Vis flere data

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Ein mørk og eventyrleg mosaikk

Trip-Hop er for Portishead noko som var. I 2008 utfordrar dei oss med andre tonar, og er minst like interessante.

Det hausta vel ikkje akkurat stormande jubel i stova då eg for ei stund sidan snappa opp ryktet om at eit nytt album frå Portishead var i tjømda. Det var vel meir eit likegyldig trekk på skuldrene etterfylgt av eit litt oppgitt "ikkje dei også"-sukk som fant stad. For erfaringa viser som kjent at slike forsøk på å komme tilbake etter fleire år i opplag sjeldan fører så altfor mykje godt med seg. Intensjonane bakom verkar veldig ofte å vere langt meir styrt av økonomiske tilhøve enn lysta og viljen til å skape noko vitalt og interessant. Forventningane var derfor ikkje av den skyhøge sorten då lyden av Third for første gong skulle absorberast. Redselen for at bandet som serverte meg nittitalets kanskje beste debutalbum (og ein dunklare og tyngre fordøyelig men meir enn solid oppfylgjar) skulle rote det til for seg var nok større.

Etter nokre rundar i selskap med albumet skamma eg meg. Skamma meg over at eg kunne tvile på integriteten og verkelysta til trioen. Skamma meg over at eg kunne tvile på Portishead si evne til å vere interesseskapande i 2008. Så eg daska meg sjølv tre gonger over lanken, sette meg tilbake, og vart fullt av ei grenselaus beundring. Beundring over eit band som på den eine sida hadde klart å omskape sitt eige uttrykk, og på den andre sida gjere det så livskraftig og ektefølt at den sitrande kjensla som berre vert dei største musikkopplevingar tildel hadde byrja overmanna meg.

Mot slutten av 1998 var det ikkje lenger særlig levelig i Portisheadleiren. Sjukdom, personlege vanskar og ein groande trøttleik i forhold til det dei hadde blitt, overskygga lysta til å halde fram. Så, utan å proklamere bandet for oppløyst, gjekk dei tre kvar til sitt og byrja sysla med andre ting.

I løpet av dei fire åra som då hadde gått sidan Dummy kom listande ut på platemarknaden hadde bandet så definitivt fått sin dose med merksemd. Ei merksemd dei nok sikkert ikkje venta seg då dei, inspirert av hip-hop, dub og sekstitalets spionfilmar, satt og klipte og limte, sampla og skratsja i hop det som til slutt skulle bli Dummy. Men kombinasjonen av fantasirike lydkollasjar i eit dovent tempo og Beth Gibbons si både plaga og eteriske røyst skulle vise seg å gå sin seiersgang frå musikkritikarane sitt skrivebord og ut til eit etterkvart rett så stort publikum. Og til liks med sine Bristol-bysbarn i Massive Attack og Tricky skulle dei ganske så snart få merkelappen trip-hop klistra ved seg.

Nokre år på midten av nittitalet var trip-hop det coolaste ein kunne like. Og i dei meir møblerte og designforma heimar var det lite som var meir korrekt å putte i stereoanlegget under middagsselskapet enn Dummy. Portisheads initiativtakar Geoff Barrow såg ikkje berre med blide auger på korleis musikken deira vart lytta til (eller snarare ikkje lytta til, kan ein kanskje heller seie). "They turned our songs into a fondue set" har han snerra ved eit par høve. Noko som var ganske så fjernt frå det han hadde sett føre seg då tonane vart skapt.

At Dummy er eit stilfullt album kan vel alle som har falt for det einast om. Men i motsetnad til det aller meste som trippa fram i etterkant av trip-hop bølgja har albumet også slitestyrke og substans. Eg tvilar derimot sterkt på at eit Portishead anno 2008 i trip-hophumør ville surfa den bylgja noko særlig meir overtydande enn andre. Det har dei sikkert tvilt på sjølv også. Eller snarare sett som ein totalt meiningslaus måte å komme tilbake på. Derfor er ikkje Portishead 2008 trip-hop, og heller ikkje leverandørar av bakgrunnsmusikk til middagsselskapet. Portishead anno 2008 har gått motsatt veg av det dei fleste band gjer 15 år etter at dei starta opp. Dei er blitt ei bistrare, farlegare og langt meir pågåande greie. Dei sender sushien i vrangstrupen og sjampanjen ut vindauga. Dei inngår ingen kompromissar.

Third er ingen lettfordøyelig og enkel plate. Third er eit komplekst og mangesidig stykke musikk som veks seg stadig meir interessant. Third er detaljrikdom, men også ei sonisk presis og rasjonelt arrangert affære. Third har ikkje eit lydbilde like nyskapande som Dummy. Men Third har det klart mest varierte lydbildet noko Portisheadplate kan skilte med.

Portishead har eit eksperimentelt og utforskande vesen, men ikkje eit improvisatorisk vesen. Av alle detaljane på Third trur eg særdeles få er der som følgje av ein tilfeldigheit. Dei er der fordi Geoff Barrow har ein tanke om at dei vil gjere låta ei teneste. Han kunne sjølvsagt ha fare feil av stad (mange perfeksjonistar gjer det, og rotar seg rett som det er inn i ein sterilitet som blir lite fruktbar), men han gjer det ikkje. Han og hans medsamansvorne bygger ein mosaikk som i ferdig form glinsar og gnistrar i ein psykedelisk månedans, ganske så langt borte i frå dei lykkelige poplåtane og trivielle stemningane.

Det var hip-hop som var den store inspirasjonskjelda då dei starta ut, denne gongen er det andre tonar som har figurert som incitament. Då Portishead fekk tildelt kuratorrolla til All Tomorrows Parties-festivalen før jul i fjor, vart festivalen gitt undertittelen Nightmare Before Christmas og doom-artistar som Sunn O))), Boris og Om stod på plakaten side ved side av gode gamle electronica akter som Silver Apples og dei hengslelause balkanistane i A Hawk & The Hawkshaw. Portishead hevdar at den plakaten gjenspeiler kva dei har høyrt på, og latt seg inspirere av, den seinare tida.

Dei går altså ikkje oppatt gamle stiar. Klipping og liming og sampling og skratsjing er eit tilbakelagt stadium. Det er ikkje det same som at dei ikkje er til å kjenne att. Først og fremst er dei å kjenne att igjennom røysta til Beth Gibbons. Den har ikkje endra seg nemneverdig i løpet av desse åra. Ho opptrer på Beth Gibbonsk vis same kva som kjem i hennar veg. Og det er ikkje så lite.

Albumet startar med at ei mannsrøyst resiterer eit vers på portugisisk. Dei neste par minuttane er Silence alt anna enn stille. Den dansar fram i eit hektisk driv medan skingrande gitartonar, ein manande cello og programmerte lydprosjektil skaper ein groovy psykedelisk atmosfære. Sånn cirka midtvegs stilnar det meste av og Beth startar synge. Skjørt, sombert og vakkert; "Tempted in our minds, tormented in silence", før ho litt seinare fangar essensen i låta med eit par sentrale spørsmål; "Did you know what I lost? Do you know what I wanted?".

Det er ikkje mykje lys og optimisme som slepp til der Beth Gibbons syng sine tonar. "I stand on the edge of a broken sky, and I'm looking down, don't know why" lyde det ein stad, "I can't deny what I've become, I'm just emotionally undone" ein annan stad. Det kan vere bittert, lengtande eller sårt. Eller det kan vere sjølvransakande som i den gnagande og rytmisk marginale Nylon Smile; "I don't know what I've done to deserve you, and I don't know what I'll do, without you".

Songtonen til Beth har ein blåfarga og folksy skapnad. Det har ikkje åtferda som programmerar, keyboardist og synthtraktør Barrow legg for dagen. Og heller ikkje i særlig grad tonane som kjem frå gitarane til Adrian Utley. Når han ikkje sitt med den akustiske i fanget då, og akkompagnerer Beth i dei stillare parti, før stormen, regnet eller toreveret tar tak. Den umåtelig flotte The Rip er eit eksempel på nett det. To minuttar med Utley og Gibbons i viseslag før eit myndig og skånsellaust synthtema dukkar opp og dreg låta med seg inn i eit meir truande landskap. Det verkeleg outrerte tilfellet i så måte er Small, som etter at Gibbons i varlege former konkluderer med at "you're just a man, hoping to score just like me" skaper seg om til noko heilt anna; eit feitare enn feitt keyboardsdriv på strake taumar inn i eit progressivt terreng.

Langt meir einsarta i si form er We Carry On. Utan at den blir lagt mindre merke til av den grunn. Rytmisk spenning og ei jumpande synthdrone går som ein konstant glødetråd tvers gjennom dei seks minuttane låta varer. "The taste of life I can't describe, it's chocking on my mind" syng Beth, og når så Utley kjem på banen med eit gitartema så sjukeleg frenetisk at han kan bli mistenkt for å ha vore på gravrøveri i katakombane til Joy Division, ja då når låta sitt mest nervedirrande stadium. Og eg tenker, medan prikkinga i ryggraden går amok, at ei betre låt enn dette kan det fort gå fleire år før dukkar opp på mine breiddegrader att.

Det er ikkje lett å komme seg vidare etter We Carry On. Portishead løyser det på ein smått genial måte ved å legge inn ei kort lita vise, Deep Water, der det einaste akkompagnementet til Beth er ein ukulele. Når den er ferdig har ein fått litt orden på systemet. Machine Gun gjer sitt beste for å skurre det til att, med eit abnormt gnissande synthtema som fortel det meste om kvifor låta heiter det den heiter. Magic Door er på si side det næraste Portishead har vore ei konvensjonell rockelåt, om ein trekker frå den viltre saksofonen som tar ein snarvisitt innom og gjer litt sonisk ugagn då. Medan dei i avslutningsnummeret Threads syr i hop Twin Peaks-stemningar med tunge doom-riff. Beth konkluderar med eit opent "where do I go?", før Barrows får det siste ordet med ei kongruent rekke av kraftfulle synthsukk.

Når det var på dette viset dei skulle vende tilbake, ja då får ein vel kanskje håpe at det ikkje var deira siste sukk.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

...
17.10.17 - 17:35

god jobb, har lurt etter informasjon...
15.10.17 - 22:49

glad for å bli med i...
15.10.17 - 22:48

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo