cover

Stories You Wouldn't Believe

Sam Shinazzi

CD (2005) - Laughing Outlaw

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Folkrock / Countryrock

Spor:
Breakdown
I Don't Belong Here
Until Sunrise
Out of the Question
My Friend and a Free Day
Scotty Come Home
The Drifter
A Night For Remembrance
Wyoming
Game Over
Getting Too Old
Trying Not To Think About It

Referanser:
Bruce Springsteen
Evan Dando
Pernice Brothers
Josh Rouse

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Ein bleik fyr frå Sydney

Fra Sydney kjem eit knippe låtar som gjer altfor lite av seg.

No har eg sete her i fem minuttar og stira på eit stort kvitt felt, samstundes som eit par låtar av den heller ukjente Australiaren Sam Shinazzi har surra forbi.

Tanken var å skrive noko om mannen sitt andre album, Stories You Wouldn't Believe. Veit berre ikkje heilt kva eg skal skrive, for det er så tomt, så anonymt, så grenselaust uinteressant. Pliktskyldig har eg vore gjennom "verket" nokre gonger allereie, og tru meg, det har vore ei stor utfordring for konsentrasjonsevna.

- Hmm, der var vi komme til spor 6 ja, utan at eg har fått med meg kva som skjedde denne gongen heller, vi byrjar om igjen. Men no gidd eg ikkje meir. Det finst trass alt så mykje anna, og langt meir meiningsfullt å bruke tida på. Telle trea på andre sida av elva for eksempel.

Sam Shinazzi er frå Sydney. Han er ein stor fan av Bruce Springsteen & the E Street Band. Han spelar gitar, syng og skriv låtar. Han har med seg ein gjeng til å fylle ut lydbiletet, dei brukar standard-instrumenta keyboards, bass og trommer. Verken han eller bandet får det til å gløde. Hovudproblemet er låtkvaliteten. Her baskast det i melodisk motbakke, her trampast det i arrangementmessige hengemyrer. Det er songar og historier vi har høyrt før, av Pernice Brothers, Josh Rouse, Bruce Springsteen, Evan Dando. Men der desse kan få slikt til å skimre, vert det i Shinazzi sine hender berre preglaust og fargelaust.

Skal vi legge tekstane til grunn, så er Shinazzi ein tungsindig fyr. Det handlar om sakn, svik og einsemd, men av og til med ei spore av håp. Hadde tonefylgjet vore levedyktig, kunne sikkert tekstane fungert bra. Slik det er her har dei lite å tilby.

OK då, tre passasjar eg finn litt attraktive:

1. Måten han spyttar ut linja "this coffee tastes like cigarette, feels like I'm drinking nicotine" i opningskuttet Breakdown.

2. Det dobbelvokaliserte augeblikket "take my mind and give it sunshine" i Until Sunrise.

3. Mesteparten av låta Wyoming. Der han kjem opp med tonar av meir velflytande karakter, og skaper ei låt av typen absolutt sympatisk, både melodisk og tekstlig. Det siste kortfatta og banalt, men sjarmerande; "we went walking through Wyoming, not Wyoming USA, but the Central Coast Australia..."

Meir er det vel ikkje å seie.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo