cover

Five Roses

Miracle Fortress

CD (2007) - Secret City / Rough Trade / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Drømmepop / Synth / Shoegaze / Indiepop

Spor:
Whirrs
Have You Seen in Your Dreams
Next Train
Maybe Lately
Beach Baby
Hold Your Secrets to Your Heart
Little Trees
Poetaster
Five Roses
Blasphemy
Fortune
This Thing About You

Referanser:
Beach Boys
Badly Drawn Boy
Yo La Tengo
Radical Face

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Gode popvibrasjonar

Eit einmannsprosjekt med fine poptonar og driftig lydleik på programmet.

Blant dei tusenvis av plateomtalar som etterkvart har blitt ein del av groove sin database vil det ikkje overraske meg om Brian Wilson/Beach Boys er den hyppigaste gjesten i referanse-feltet. Han blir å finne der i tilfellet Miracle Fortress også. Øvst oppe.

Miracle Fortress er ein av desse einmannsprosjekta som stadig dukkar opp. Ein ung lett gusten mann med ein computer, eit keyboards, ei trommemaskin, nokre gitarar og eit lite innspelingsstudio. Då han kom til Montreal for eit par år sidan - ja for det er i Montreal han held til denne karen også - kalla han seg Hidden in Buildings. Hans eigentlige namn er Graham Van Pelt. Innimellom spelar han også i det rett så energiske bandet Think About Life.

Energisk er nok ikkje ordet som renn meg først i hu når eg høyrer på Five Roses. Først og fremst tenker eg vel på den som ein pastellfarga vev av yndig popmusikk og tempererte lydløp. Men den er nok litt meir enn det. Den har også sine små truande stikk, og sine fortvila augeblikk.

Den store Brian Wilson-kjensla kjem ikkje over ein i løpet av dei første låtane. Her er det vel snarare ein slags mild shoegaze tekstur som blir vevd i hop. I det instrumentale opningssporet Whirrs, med sine suggererande kvalitetar. Og i den sfæriske draumepop-saken Have You Seen In Your Dreams.

I den håpefulle Maybe Lately derimot, har Van Pelt lånt dugelig frå prime time Beach Boys. Når han så kallar låta som følgjer for Beach Baby gjer han vel ikkje akkurat sitt for å dempe inntrykket av sine band til Wilson. Men eg oppfattar han aldri som ein bleik og brysam etterplaprar. Eg oppfattar han som ein popsnekker med legning for å skape vinnande tonekombinasjonar. Samstundes driv han også i lydkonstruksjonsbransjen og puttar inn godt med ambiente parti. Av det Eno-farga slaget. Tydeligast i det lett knirkande og fint blomstrande instrumentale tittelsporet.

Van Pelt syng med ei lys og uskuldig røyst om tilstandar der melankolien spelar ei rolle. Nokon gongar ei lita rolle, andre gonger ei meir dominerande, men aldri ei totalt lammande rolle. Han skildrar aldri sår eller smerter det ikkje finst håp for. Ikkje når han i intense Poetaster går ned i kneståande og ber "Mother free me, they beat my body blue, bloody". Og heller ikkje når han i eit nydelig refreng i Little Trees, etter å ha fått dei harde realitetar servert med raud tekst, hevdar at "I won't ask a cure, not for a verse, not for a glimpse from the Heavens of Earth".

Han fell vel av og til for freistinga å komme opp med lydleik som nødvendigvis ikkje er heilt på parti med låta. Då står han i fare for å ta litt av brodden av den. Blasphemy er ein av desse. Den har popsmekre vendingar, men får litt av sitt gode rykte øydelagt i ein noko rotete siste halvdel. Eit dårlig rykte kan eg ikkje sjå at avsluttande This Thing About You nokon gong vil komme til å slite med. Ein liten spretten poptrave, med optimistiske overtonar og kjærleikserklærande undertonar.

Eit mirakel er det nok ikkje, men nok av gode popvibrasjonar til å gjere seg fortent til fem groove-roser skulle det vel vere her.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo