cover

Some Loud Thunder

Clap Your Hands Say Yeah

CD (2007) - Wichita / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Post-punk / Indierock

Spor:
Some Loud Thunder
Emily Jean Stock
Mama, Won't You Keep Them Castles in the Air and Burning?
Love Song No. 7
Satan Said Dance
Upon Encountering the Crippled Elephant
Goodbye to Mother and the Cove
Arm and Hammer
Yankee Go Home
Underwater (You and Me)
Five Easy Pieces

Referanser:
The Feelies
Pavement
Radiohead
Talking Heads
Roxy Music
Wolf Parade

Vis flere data

Se også:
Clap Your Hands Say Yeah - Clap Your Hands Say Yeah (2005)
Clap Your Hands Say Yeah - Clap Your Hands Say Yeah (2005)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Med ei hånd på rattet og trøbbel i sikringsboksen

Utan kompass, men med hovudet fullt av idear styrer dei seg bort frå sin hypa og fabelaktige debut.

"Gjer døri høg, gjer porten vid" heiter det i ei salme eg lærte ein gong i tida. Eg er temmelig overtydd om at Alec Ounsworth og hans kumpanar i Clap Your Hands Say Yeah lever etter eit ganske så motsatt prinsipp. I alle fall når det kjem til kva dei vel å gjere til opningsspor på platene sine.

Sist gong kom dei skrålande i selskap med eit pumpande orgel. Denne gongen har dei skurra til opningssporet sitt nokon sånn alldeles for mykje. Ja det er nesten fysisk pinsamt å høyre på det, i alle fall irriterande. For bakom denne skurringa, som mest av alt minnar meg om dagen derpå og ein herpa stift på grammofonen, kan eg ane konturane av ein spenstig og tiltalande poprockar. Difor reiser eg meg opp og forlangar låta ut i ny og funksjonell utgåve. Aller helst som neste singel?

"An idea in your head and a compass in your hand," syng Ounsworth ein annan stad. Idear skortar det ikkje på hos denne New York-kvintetten, sjølv om altså ikkje ratt alle kan kallast gode. Kompasset er eg derimot litt usikker på om ein kan seie ligg særlig trygt i handa. Utan at dei er i nærleiken av å drive med like feilnavigerande revestrekar på resten av plata som i det opnande tittelsporet.

Eg er forresten glad for at CYHSY ikkje har eit så fast grep om kompasset. Musikarar som har det, og som stakar ut kursen sin langs dei lettast gangbare stiar, og som aldri trør feil, blir stort sett trøyttande å vere i selskap med. Nei la oss heller gå saman med dei som er litt uforsiktige i sine kursval, som trør litt utafor oppgådde stiar, som snublar og kanskje til og med går seg vill. Ikkje at CYHSY er dei mest outrerte i så måte, men dei har litt av denne innstillinga, og meir av den her på sitt andre-album enn på debuten.

Debuten, ja, den var som kjent fabelaktig. Vital, spastisk, melodirammande og fabelaktig. Mange band vel å fylgje opp ein omfamna og vellykka debut med ein blåkopi. Den blir då ofte som blåkopiar flest, mattare enn originalen. CYHSY har ikkje laga ein blåkopi. Some Loud Thunder vidarefører rett nok såpass at vi kjenner dei att, men dei opptrer i ei lausare, mindre fokusert og meir utfordrande form denne gongen. Medskyldig i sluttresultatet er forresten Dave Fridmann, som har helde eit visst oppsyn frå sin plass i produsentstolen. Han har ikkje rissa inn signaturen sin like kraftig her som han har gjort i same rolla hos andre tidlegare.

Talking Heads-referansane, som det gjekk inflasjon i når debutalbumet skulle skildrast, kan ein denne gongen kanskje vere litt meir tilbakehaldne med. Det er vel helst i den "meir Byrne enn Byrne" røysta til Ounsworth desse framleis lever. Tittelen lovar torevêr, utan at dei heilt innfrir nett den lovnaden. Det skranglar og det hanglar, lydane er mange, støyen er til stades og gløden er stor, men CYHSY styrer unna dei mest eksplosive og kaotiske samanstøyta.

Av og til føler eg at dei bygger seg opp mot noko som ikkje heilt får si forløysing. Og då tar eg meg sjølv i å grunne på om dei no eigentlig gjorde seg heilt ferdig før dei pakka dingsen i coveret og sendte den ut til allmugen. Men det er ikkje hovudinntrykket som ser slik ut. Hovudinntrykket handlar om andre ting. Det handlar om at Some Loud Thunder har eit mørkare skjær over seg enn debuten. Og det handlar om pågåande åtferd, om overraskande retningsendringar, og om vinnande melodilinjer.

Dei aller beste låtane kjem rett i hælane på det famøse opningssporet. Der dette korrumperar i sin omgang med støyfaktoren, finn Emily Jean Stock den verknadsfulle måten å samordne støy og melodisk blomstring på. Det gnistrar til innimellom, og resulterer i stimulerande samtalar og ikkje slitsam masing. Den spektakulært titulerte Mama, Won't You Keep Them Castles in the Air and Burning? er vel kanskje den låta på plata det går raskast å bli venn med. Det fine er at vennskapet ikkje falmar bort etter ei stund av den grunn. I si dynamiske ferd inn i eit stadig meir oppjaga mønster gløymer den aldri å vere melodiøs. Tekstlig opplever eg den som ein ikkje heilt handgripelig illustrasjon av det politiske verdsbildet post 11. september 2001.

Så altfor handgripelige kan ein vel vanskelig skulde nokon av tekstane til Ounsworth å vere. Ja sjølv i den energiske og sing-a-long påkallande Yankee Go Home, der han ikkje legg skjul på kva han synst om ein viss krig, skeinar han også tidvis ut i absurditetar. Kor på linja mellom det totalt irrasjonelle og høgst rasjonelle eg skal plassere Satan Said Dance, vil eg helst ikkje ha noko meining om. Anna enn at den neppe ville stått i ro der uansett. Rundt eit insisterande groove kretsar lydar og ulydar medan Ounsworth frikjenner Satan sin velkjente tilhaldsstad for både lenking, pisking og pinsler, her er det berre "dancing, dancing, dancing ...........".

Så kunne eg kanskje ha sagt noko om dei Beatleske assosiasjonane eg får når eg høyrer den pianodraperte Love Song No. 7, eller Radiohead-vibben eg kjenner fare gjennom meg når det vert sagt Goodbye to Mother and the Cove. Men eigentlig kan både det og resten eg har notert meg få bli usagt. I staden vil eg berre sånn heilt til slutt skyte inn at eg er fornøgd denne gongen også. Og ikkje minst, eg har ein mistanke om at dei bryggar på noko skikkelig saftig.

Yeah!

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo