cover

How You Spend Your Days

Dig Deeper

CD (2015) - Snertingdal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Psykedelia / Countryrock

Spor:
April Haze (How You Spend Your Days)
May 3rd
Let Me Ride
Dreaming With Einar
Tracks
Push It Away (Part 2)
Cast No Light
Time Trials

Referanser:
War on Drugs
The Dream Syndicate
True West
The Grateful Dead
Madrugada

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Som ein draum

Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.

Kva som skjedde den tredje mai står ikkje klart for meg. Kva som skjedde den tredje mai står kanskje heller ikkje klart for Einar Kaupang. Men morgonlyset han får i augo i det han vaknar denne dagen (den tredje mai, eller dagen etter, eller kanskje ein heilt annan dag) er klart, altfor klart. No kan det vere at det ikkje er Einar Kaupang som vaknar denne dagen og sitt der og gnir seg i augo, det kan godt vere ein heilt annan fyr. Ein eller anna som Einar Kaupang har fått for seg at han skal synge om, lage ein song om, og så kalle songen for May 3rd. Ein fyr som no, eit drygt minutt inn i songen, fortel kva han ser, kva han såg, denne dagen, då han vakna med morgonlyset i augo. Han såg bort på bordet, og der såg han restane "from the night before". "Oh" stønnar han, "well I guess thats just so wrong" sukkar han, og tonane dansar så barmhjertig i lag med han, og dei kunne kanskje ha komme frå The War On Drugs, men dei kjem frå Dig Deeper. "Last week I took to wheel and drove off" syng Einar Kaupang litt seinare, "out of town with a friend, he put Son Volt on, the wind blew hard on the bare hills, gone were the days of 2013". Eit salig vemod skyl over dei barmhjertige tonane. Glovarme tonar frå ein gitar driv inn i sentrum og fører låta vidare, og vidare, heilt til den er tilbake der den starta, seks minutt etter at den starta. Og eg tenker at eigentlig kunne den berre ha drive vidare og vidare og vidare. Eg hadde blitt med.

Den andre plata til Dig Deeper har fått tittelen sin frå opningssporet, frå parentesdelen av opningssporet. Kanskje kunne den like gjerne fått det frå hovuddelen, April Haze? Eg stiller ikkje spørsmålet berre fordi det hadde stått litt i stil med debutalbumets tittel, August Afternoon. Det hadde også sagt noko om plata, korleis den høyrest ut. Korleis den på energisk og grøderikt vis seglar framover i eit tynt slør, eit tynt psykedelisk slør. Når så er sagt, tittelen How You Spend Your Days seier sannsynlegvis vel så mykje om plata. Om kva songane på plata handlar om, og kva som blir grave fram av menneskelige (og kanskje også nokre meir umenneskelige) opplevingar plata igjennom. For det er ei slik plate. Ei plate der vi møter folk med ei fortid. Og den kunne ha vore betre, denne fortida, men det er no eingong den dei har. Så, på beddinga av ein ny dag, i det friske lyset, søker blikket å finne feste i ei anna tid, ei ukjent tid, tida som enno ikkje har gått sin veg, den som no skal gåast. Kor mykje av fortida blir med på den turen tru?

Amerika er med. Bandets medlemmer kjem frå Oslo og dei kjem frå Bergen, men tonar frå Amerika er inderlig til stades i det dei gjer. Eg nemnte The War On Drugs. Det blir det gjort i presseskrivet også, saman med Crazy Horse. Den siste referansen opplever eg kanskje ikkje like tydelig her. Meir nærliggande opplever eg det heller då er å komme drassande med eit og anna Paisley Underground band.

Men det er noko norsk her også, er det ikkje? Litt meir enn at det er visse tangeringspunkter til tidleg Madrugada?

Aust for Paisley Underground møter ein etterkvart på ein ørken. Mellom Bergen og Oslo er det fjell. Og meir enn ørken er det fjell og vidder ein kan høyre ekko av i det massive men samstundes vidopne lydbildet bandet har lagt seg til på denne plata. Som er noko annleis enn korleis stoda var på debutplata. Ei for all del solid plate det også, der countryrock med trykk på rock kom i form av medrivande låtar som til dømes tittelsporet og Memphis. Men det kan virke som at dei verkelig har tatt bandnamnet sitt på ordet sidan då, og grave djupare.

Inn til draumane blant anna. Dreaming With Einar er den ganske så fabelaktige tittelen på eit av spora. Ei psykedelisk ferd i utkanten av røyndomen, der både draumar blir drøymt i einsemd og i tosemd ("I was talking to a friend, yeah dreaming through him"). I April Haze høyrer vi om ein som driftar av garde utan heilt å finne feste. Men gjer det i grunn så mykje? "Just break your bones, break your heart, it doesn't matter how you spend your days" lyde det noko desillusjonert i refrenget. Det siste minuttet drive låta inn i ein reint fantastisk psykedelisk suggesjon, som sjølvsagt burde helde på og helde på mykje lenger enn den gjer.

Frå den noko meir konsise og kjappe sida til bandet kjem Tracks og Let Me Ride. Den første ein drivande og fengande rockelåt som det er lett å kaste seg i famnen på. Der pianoet si rolle er like sentral som gitaren. Den andre er platas mest grumsete og hardtrockande nummer.

Røft går det føre seg i Cast No Light også. Her er skinger og blues, og Dream Syndicate luskar i nabolaget. Ei forhutla sjel prøver å finne fram, men skuggane er sterkare enn lyset. "The shadows don't cast no light, just chase you where you go". Eit høgdepunkt blant lite anna enn høgdepunkt. Slik som Time Trials til dømes. Avslutningssporet. Ein slags ballade, som ikkje heilt finn roen, som slett ikkje finn roen. Om ein mann og hans fabuleringar kring ei kvinne, kjensler som går i fleire retningar, og ein desperat konklusjon: "Could it be that I'm losing, or that I already lost".

Midt i eit uttrykk, som om vi ser rockehistorisk på det ikkje akkurat er skrint befolka, viser Dig Deeper seg som alt anna enn bortkomne. Dei serverer stor musikk på meir enn eitt vis.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo