cover

Same Trailer Different Park

Kacey Musgraves

CD (2013) - Mercury / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Poprock / Blues

Spor:
Silver Lining
My House
Merry Go 'Round
Dandelion
Blowin' Smoke
I Miss You
Step Off
Back on the Map
Keep It To Yourself
Stupid
Follow Your Arrow
It Is What It Is

Referanser:
John Prine
Loretta Lynn
Dolly Parton
Lucinda Williams
Shania Twain
Ashley Monroe
Miranda Lambert
Pistol Annies

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Slagferdig

Countrytonen er konvensjonell, men umåtelig frisk. Det tekstlige er minst like friskt.

Alt er ikkje lov i Nashville, det er vi vel informert om. Blant alle ting ein skal vere forsiktig med å gje seg inn på er det særskilt to tema som skal handterast med største varsemd. Rus og sex. I alle fall den rusen som kjem frå andre saker enn alkoholen, og den sexen som involverar personar av same kjønn. Kacey Musgraves er 24 år, kjem frå Texas, kan sin John Prine, står midt i Nashville, og gjer denne barrieren ein liten dytt, i ein og same song. Slik lyde refrenget i Follow Your Arrow:

So make lots of noise, kiss lots of boys.
Or kiss lots of girls, if that's something you're into.
When the straight and narrow gets a little too straight
roll up a joint, or don't.
Just follow your arrow wherever it points.
Yeah, follow your arrow wherever it points.


Og sånn berre for å gjere det endå klarare, når ho syng refrenget for siste gong erstattar ho like godt "or don't"-oppmodinga i forhold til den der jointen med eit "I would". I våre dagar, i dei fleste samanhengar, er slikt noko som ikkje ein gong forårsakar eit skuldertrekk, det skulle då berre mangle, men i ein countryindustri der det fremste målet er å vere eit lytefritt vegg til vegg teppe i dei velmøblerte heimar kan slik ein song kalla fram atskillig med stressveitte. Kacey Musgraves står der berre og smiler litt lurt.

Musikk har ho, trass sin unge alder, drive med lenge. Countrymusikk også. Plater har ho endåtil spelt inn, fleire, og gitt ut. På knøttsmå, og uavhengige plateselskap. Med Same Trailer Different Park debuterar ho på eit stort og velrenommert selskap. Den har lyden til ei plate som veldig vel kan slå an i dei større lag av folket. Den har songar som nesten på permanent basis svingar seg inn på eit fengande spor. Men den skrur seg ikkje fullstendig opp. Det er noko som held den att, som jordar den. Ein flittig bruk av akustiske instrument. Eit fråvær av glimmer og fjas. Ein friskleik, ein varme, eit mot.

Songane har ho laga sjølv (i kompaniskap med nokre av sine medspelarar). Ei handfull av dei har sett seg bra fast i meg. Fordi dei har melodilinjer som korresponderar med mi oppfatning av korleis slike gjerne bør vere. Fordi den for så vidt konvensjonelle produksjonen evnar å halde tak i gnisten. Fordi dama skriv tekstar av den markante og slagferdige sorten.

Det er noko med måten ho turnerer ord og melodilinjer på som får meg til å tenke på ærverdige John Prine. Også fordi eg har høyrt ein song ho har laga som ganske enkelt heiter John Prine. Og mellom anna byr på denne premielinja: "My idea of heaven is to burn one with John Prine". Den songen har ho ikkje tatt med på plata. Det synst eg gjerne ho kunne ha gjort. Du finn den på YouTube.

Ho ser, ho tenker, ho skildrar. Ho er ingen introspektiv, resignert og sterkt hjerte/smerte-orientert countrydame. Ho kan oppfattast litt kynisk, og å ha ein humor på lur som rammar, men samstundes høyrer eg ei medkjensle hos henne, ho vil berre dei som verkelig har fortent det noko vondt.

Småbylivet får sitt. Fordi det er ein evig runddans av gjentakingar. "We get bored so we get married, and just like dust we settle in this town" er berre ei av fleire lakoniske linjer som gjer Merry Go 'Round til ein liten triumf av ein song. Noko liknande kunne eg også ha sagt om Silver Lining, med sin Fleetwood Mac-eleganse og tekst om å ofre og satse for å kunne sigre. "If you wanna fill your bottle up with lightning, you're gonna have to stand in the rain".

Eg har allereie ganske så grundig nemnt Follow Your Arrow, og korleis den forbannar moralismen og prisar fridomen. Eit liknande ærend gjer Musgraves med den steamy og banjodrivne saken Step Off, der ein ryktespreiar får passet sitt påskrive. "You look real pretty in your glasshouse, you probably think you're too good to take the trash out". Medan ho i den southern-groovy Blowin' Smoke igjen er tilbake i småbyen, og tar for seg desse draumane om å skaffe seg ein einvegsbillett med bussen/båten/toget bort derifrå. Men det blir nok stort sett med draumen, eller praten. "We all say that we'll quit someday, when our nerves ain't shot, and our hands don't shake".

Og så syng ho sjølvsagt om kjærleiken. Ho også. Men eg opplever henne nok ikkje like bra kvar gong ho gjer det. Nokre gonger gjer eg det imidlertid. Når ho gjer det på sin måte. Kjærleiken er ein einsam ting, skreiv diktaren. Kjærleiken er ein tåpelig ting, hevdar Kacey Musgraves. I den rock'n roll-friske Stupid. "I drink to feel, I smoke to breathe, just look what love has done to me". Men den kan også ha andre kår. Kjærleiken. Den kan vere god å ha. I alle fall til noko anna dukkar opp, høyrer eg ho fabulere over på noko fatalistisk vis i nesten-balladen ho avsluttar plata med. "It is what it is, till it ain't anymore".

Men Kacey Musgraves er, og vil vere. Om ikkje Nashville skulle få eit for klamt grep om henne då. Måtte Gud forby.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo