cover

Sloppy Ground

Eric Chenaux

CD (2008) - Constellation / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Jazz / Psykedelia / Countryrock

Spor:
Am I Lovely
Love Don't Change
Rest Your Daylights
Have I Lost My Eyes
Arms, Legs And Moonlight
Boon Harp
Old Peculiar
Dreaming of Stars
Sloppy Ground

Referanser:
The Incredible String Band
Richard Youngs
Little Wings
Will Oldham
Sandro Perri
Hayden
M. Ward

Vis flere data

Se også:
Dull Lights - Eric Chenaux (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Sløvt og godt

Ein jazzgitarist med duse psykedeliske folkgener prøver seg for andre gong under eige namn. Det set vi pris på.

"I'd lost all these tunes that were swimmin' all around," syng canadiske Eric Chenaux i tittelkuttet på sitt andre album under eige namn. Og sant nok, målt mot debuten Dull Lights frå 2006 så sym tonane på Sloppy Ground rundt i meir ordna og tilnærma konvensjonelle formasjonar.

Dull Lights var eit improvisasjonslystent, ikkje alltid like retningssikkert, men stort sett heile tida interesseskapande album. På Sloppy Ground vert improvisasjonslysta helde litt meir i taumane, og dei soniske variablane er færre. Chenaux har på eit vis samla seg om eit tydeligare meir einsarta folkprega uttrykk. Tru likevel ikkje at Chenaux har sett ein grå strek over signaturen sin, og blitt til ein anonym klatt i den store folkmelankolske mengda.

For sjølv om Sloppy Gound ligg noko nærare hovudgata enn Dull Lights gjorde oppheld vi oss framleis i kvartalet der hevdvunne reglar vert utfordra. Til venstre skimtar vi eit par blå buler der jazztonane har fleire former, men sjeldan av det slaget som truar med å blåse hol i veggene. Til høgre sit nokre uflidde trubadurar og stiller forsiktige spørsmål som "am I lovely?", "have I lost my eyes?" eller "are you dreaming of flowers or stars?". Lengst nede i gata dansar dei ein sober psykedelisk regndans, men vender ein blikket i motsatt retning kan ein helse på månen, og den byr opp til ein annan dans, ein dans som prisar morgondagen. Om lag slik er bildet her.

Du skjønar då sikkert at musiseringa på Sloppy Ground har bra med kontrastar i seg. Men ikkje kontrastar som skrik frå kvar sin stad, det er kontrastar som har samla seg, smelta i hop, og slik skaper eit rett så kongruent og dynamisk uttrykk.

Chenaux lar som oftast fingrane dansa på nylonstrengene, men han kan også produsere tonar av meir brennande karakter frå sin elektriske gitar, og innimellom legg han ein lap steel i fanget og hentar fram lyden av lengsel. Han har med seg sju medmusikantar. Ein som driv fram gnagande droner frå fiolinen sin. Ein strør varleg synth-pynt. Eit par stykker spelar nøkterne banjoakkordar, både av det akustiske og elektriske slaget. Og ein han dunkar nærast diskré på trommer. Dei har ein tålsam måte å spele på, er langt unna å støye, men har ein underliggande energi i det meste dei gjer.

Går ein songane til Eric Chenaux tett på klingen vil ein høyre at fyren ikkje ser så altfor mørkt på livet. Han syng jo trass alt strofer som "I'm lucky to watch the waves get moved by the moon, next to you" og "you could dream my dreams for me, like I've told you everything". Utan at han skal bli mistenkt for å fremje fryd og gammen og evig lykke av den grunn. Han snakkar vel heller om livet slik veldig mange av oss opplever det, som ein jamn og mild straum av gode dagar, der eit og anna mindre velkomme skaper kultne og mindre handterlige bølgjer innimellom.

Folktonen på plata har ofte eit skotsk preg over seg. Som i plata sitt friskaste nummer Old Peculiar, og i den forsiktig stampande marsjen Boon Harp. I Have I Lost My Eyes leikar strengene sekkepipeleiken, men også sitarleiken, og Incredible String Band-leiken, og loser på det viset låta inn dit dei funklande psykedeliske folktonar held til.

Med Love Don't Change derimot, lener Chenaux og gjengen seg bakover og spelar doven folkfunk. Dei legg armane kring nokre særdeles saktegåande og vakre tonar i Arms, Legs And Moonlight. Før tittelkuttet litt seinare avsluttar seansen på vindskeivt og nydelig feledronedrive og countrypsykedelisk vis.

Det vil forundre meg om det ikkje finst ei og anna sjel der ute som vil finne hugnad i ein tur innom Sloppy Ground.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo