cover

Avvikerike

Æ/Æ og Dem

CD (2012) - Clearpass / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Folk / Psykedelia

Spor:
Gode Gamle Galskapen
La Det Vær Med Det
Heimsøkt Hus
Mjuke Hjerteslag
Tas
Gamle Hunda
La De Gamle Drømman Dø
Hospitalt
Tida E Knapp
Kanskje Samme Vei
Voggis

Referanser:
Schtimm
Stefan Sundström
Terje Nilsen
Kråkesølv
IHAB

Vis flere data

Se også:
Gjendødsligheta - Æ/Æ og Dem (2014)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Liv og pine

Dunkle og opne viser, om heimsøkte hus, gamle hundar, og kjærleiken.

Å bygge eit heimsøkt hus, male det svart og så sparke døra ut, må vel kunne definerast som ein idé av det ikkje heilt friske slaget. Å hevde at det ikkje finst nokon nye startar, og ingen blanke ark, kan vel neppe definerast å være innafor ramma av eit lystelig syn på livet. Å utstyre plata som desse utsegna er henta frå med eit coverbildet som bringe tankane i retning av dei mest forhutla skikkelsane i ein Dostojevski-roman må vel sjåast på som ei annonse for heller dystre tilhøve. Å gje den same plata tittelen Avvikerike gjer vel ikkje all verda for å retta opp att slike inntrykk. Men det er i grunn ikkje så ille, eller eksepsjonelt avvikande om du vil, det er ikkje det.

Æ kallar han seg, av grunnar eg ikkje har detaljerte kunnskapar om. Erling Ramskjell er namnet han sånn elles brukar. Han er av nordnorsk avstamming, og held for tida til i Træna. Saman med B, K og P utgjorde Æ over ein tiårsperiode bandet Schtimm. Dei gav ut ei handfull plater, og nytta det engelske språket til å formidle seg. Æ syng på norsk. Det har han gjort på sine tre føregåande plater som soloartist, og det gjer han på Avvikerike. Han er ikkje heilt åleine forresten, han har med seg Dem. Ein gjeng med karar som gjer sonisk støtte ved hjelp av diverse instrument, av både akustisk, elektrisk og rytmisk avstamming. I tillegg tre damer som duetterar med songaren på nokre av låtane.

Det er berre eitt år sidan Æ varta opp med dobbelalbumet Udyrbarmark. Ei utgjeving der visene hans både kom i dempa saktegåande former og i meir jumpande energiske former. Dei eksepsjonelle endringane har han ikkje gjort sidan dess. Songaren si røyst er å finne sentralt og tydelig i midten av bildet. Eit organisk kolorert bilde med luft mellom tonane. Der syng han om slikt eg innleia omtalen med, men først og fremst handlar det vel om å ønske/håpe/lengte seg inn i ein eller anna slags varme.

Han syng om den Gode Gamle Galskapen, og stiller spørsmålet "kan det være du som har gjort meg meir enn sinnsyk". Eg legg merke til nokre blåvakre pianotonar, før låta dansar seg større, og eg dristar meg til å konkludere med at galskapen han viser til nok er synonymt med forelsking. Lengre ute i platas gang listar han fram det audmjuke spørsmålet "kanskje for e lov å føll deg nesten hjem?". Då er vi inne i pianoballaden Kanskje Same Vei, og coverbildet virkar å være veldig langt borte.

Atskilleg nærare dette bildet er han i La Det Vær Med Det. Ein varleg song der han saman med søstera si syng om tru og overtru, tvil og fornekting. Både på det guddommelig plan og det kjærleiksfabulerande plan. Ei anna dame (Ingeborg S. Edvardsen) syng saman med han i La De Gamle Drømman Dø. Ein song som røskar og riv, og handlar om slike frigjerande ting som å komme seg ut av tvangstrøya og "ta verden før verden tar deg". Prisen "Platas høgdepunkt" deler eg imidlertid ut til den tredje songen her som han syng i hop med ei dame (Eva Trones). Tida E Knapp heiter den, og er ein intens sak om å ikkje sette begjæret på vent. Den blir gjennomført med feber i versa, og brann i refrenget, "så kom nu, kom nu, kom nu, kom nu, kom nu, kom nu, kom kjære kom".

Æ har dei siste somrar og vintrar, og der imellom, turnert og sunge ein del i hop med Stefan Sundström. Og ein liten Sundström kan ein vel høyre att det går igjennom han. Noko som vi jo veit langt ifrå er det verste som kan gå igjennom ein. Berre høyr på Æ.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo