cover

Hey Now/Being Here Is Everything

Ai Phoenix

CD (2014) - Solsystemet / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Folk / Drømmepop

Spor:
Halfway There
Where It Ends
Rom
If I Can't Take Care Of You
In Time
Things Go Wrong And It's Nobody's Fault
I Was Just About To Forget
Here's To You

Referanser:
Mazzy Star
The Velvet Underground
Chris & Carla
Low
Tindersticks
Slowdive

Vis flere data

Se også:
Lean That Way Forever - Ai Phoenix (2002)
I've Been Gone - Letter One - Ai Phoenix (2003)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Mjukt med taggar

Det tok si tid før Ai Phoenix dukka opp att. Men her er dei, med sine tonar utan hastverk, heldigvis.

Eg har ikkje gløymt Ai Phoenix. Ein gong iblant dei siste åra har eg då funne fram ei plate av dette innbydande Bergensbandet. Spelt den. Likt den. Og lurt litt på kor det blei av dei. Bandet var ganske så aktive på den tida då nittitalet vart avslutta og eit nytt årtusen opprant. Med fire album på ganske kort tid. Så gjekk det nokre år før det femte – The Light Shines Almost All the Way – dukka opp. Det var vel i 2007. Etter det har åra gått utan at eg har registrert det minste spor av ny lyd derifrå. Eg har vel i grunn tenkt at det var slutt, og tydd til det som allereie var gjort. Og då vel helst 2002 utgjevinga Lean That Way Forever, min personlege favoritt. Men hei, no trur eg jaggu den har fått litt konkurranse om den posisjonen.

Ai Phoenix har laga ny musikk igjen. Ei plate med åtte songar, og på same måte som den gongen driv dei framleis med sitt. Skapar desse tonane som aldri forhastar seg, som tilbyr seg å vere mjuke florlette puter ei kveldsstund, men som er noko meir enn det. Det mjuke er ikkje evig mjukt, her er taggar, og det ulmar og brenn. Songane har ei spenning. Her er kontrastar. Det vakre er ikkje berre vakkert, det blir gjerne litt tilsmussa. Innimellom harmoni og velklang er det ein usynkron krangel på gang.

Å kalla plata for Hey Now, Being Here Is Everything kan kanskje vere ei markering av at bandet er særdeles komfortable med å vere her igjen. Eg tenker at det kanskje handlar om litt større ting enn som så. Eg tenker at det handlar om livet. Om at det ikkje er så verst trass alt, dette livet. Det motsette er i alle fall ikkje noko å trakte etter, så derfor Being Here Is Everything.

Det er fort gjort å tenke at her er det ein god dose melankoli i arbeid. For det er det jo, men ikkje berre det. "I'm halfway there, I'm broken, I'm halfway there, that's something" meiner eg å høyre Mona Mørk kviskre fram gjennom nokre absolutt ikkje ugjennomtrengelige tonar i opningssporet. Det er avgjort mykje dystert over den songen, men også dette trøystande sukket. Eg høyrer liknande saker i songane som fylgjer. Og eg høyrer slektskapet til Mazzy Star. Dunkelpop har eg notert meg i margen utanfor fleire av songane. Det vil seie, utanfor Rom (ja den heiter så ein song her) har eg også notert meg sigøynardraum og Lambchop-varme. Og mellom linjene til Things Go Wrong And It's Nobody's Fault har eg skribla ned noko om at den har litt countrytonar i seg. Det er ikkje typisk. Trass den amerikanske snerten i bandnamnet er det denne gongen vel så mykje Europa som Amerika over tonane dei presenterer. Eit utstrakt Europa, ifrå krinklar og krokar, og over på eit lerret. Den aller første plata si kalla Ai Phoenix kort og greitt Film. Og ein film har vel surra langs det dei har gjort sidan. Denne gongen har eg fått det føre meg at filmen drar oss gjennom Berlin, og austover, ein omveg heimatt.

To songar langs denne reisa føler eg sterkast for.

In Time. Sentralt plassert, og noko annleis. Den kan minne meg om då Velvet Underground møtte Can på veg til Twin Peaks. Slik Ai Phoenix såg det. Ei monoton suggererande groovy søyle går tvers gjennom låta. Rundt virvlar eit mystikkens skjær. Inne i dette skjæret kan røysta til Mona Mørk skimtast. Tonane ho syng er vakre, orda er vanskelige å få tak på, men det synst eg absolutt dei skal vere. Det er stoff som dette favorittlåtar er laga av.

Eller så kan dei vere laga av det stoffet som Here's To You er laga av. Platas lysaste stund. Og så veldig mykje vakrare kan vel ikkje tonar bli enn dei som fyller denne songen. Frå den skjøre starten veks den seg nennsamt kraftigare, men ikkje veldig kraftig. Den er og blir ein elskelig poplåt, med upåklagelig substans, som handlar om ho og han, om det å gå arm i arm, om at "trouble is meaningless", men ikkje fråverande. Ho … "she was stealing a book of how to behave", og han … ja kva gjorde han i grunn? Vel uansett, tilslutt står det berre tre essensielle ord att å formidle: "I love you".

Tre ord med ein viss slektskap til kva eg synst om den sjette plata til Ai Phoenix.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo