cover

The Wind

Warren Zevon

CD (2003) - Artemis / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Americana

Spor:
Dirty Life & Times
Disorder in the House
Knockin' on Heaven's Door
Numb as a Statue
She's Too Good for Me
Prison Grove
El Amor de mi Vida
The Rest of the Night
Please Stay
Rub Me Raw
Keep Me in Your Heart

Referanser:
Bob Dylan
Jackson Browne
Randy Newman
Neil Young
Bruce Springsteen

Vis flere data

Se også:
Stand in the Fire (live) - Warren Zevon (1981)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Med døden i lungene

Med døden i sikte, og litt hjelp frå gode venner stablar Zevon på plass sitt beste album sidan 80-talet.

Livet kan være slitsamt og beint fram nådelaust. Likevel, dei fleste klorar seg fast til det, uansett kor motlaust det kan fortone seg. Alternativet virkar nemlig endå mindre forlokkande. Eller som nettopp Warren Zevon ein gong sang: "I'd rather feel bad than not feel anything at all". Eit utsagn som nok fekk fornya gyldighet då Zevon 20 år seinare stod ansikt til ansikt med sin eigen dødsdom. For det er vanskelig å forestille seg mange omstendighetar meir smertelig å oppleve enn å vite at eins eigen død er kun få månader unna.

Når Warren Zevon i september 2002 fekk beskjed frå legen sin om at han leid av uhelbredelig lungekreft, og at døden neppe låg meir enn tre månader fram i tid, sette han straks i gang med å komponere og spele inn sine siste sangar. Nå slo han legen sin prognose med ni månader, og rakk dermed å gjere ferdig eit heilt album. Og eit forbløffande fengslande album har det blitt. Noko eg påstår med heva hovud, sjølv om eg er fullt klar over at omstenda kring fødselen av dette verket gjer at at alle forsøk på objektivitet nok er kasta på overbord.

Sjølv om Zevon først og fremst har blitt sett på som ein låtskrivar der den svarte humoren, respektlausheten, galskapen, slagferdigheten og kynismen har fått fritt spelerom, har det heile tida lege ein ikkje så liten eim av sårbarhet og desperasjon under. Det er vel ikkje så vanskeleg å skjøne at just slike følelsar får ei langt meir dominerande rolle i sangane denne gangen. Likevel, det hadde ikkje vore Zevon hvis satirikaren i han skulle bli heilt borte. Og nettopp denne sida av mannen, saman med den nådelause ærligheten han legg for dagen, er med på å halde dei store sentimentale utskeielsane på minst ein armlengdes avstand, sjølv når han stirrar døden i kvitauget.

Dei 11 låtane på The Wind spenner frå nennsomme balladar, via dampande bluesnummer til drivande rockelåtar. Åpningssporet ber tittelen Dirty Life and Times og er ein skeiv mixtur av sørstatsboogie og country, der den haltar uimotståelig av gårde mens ein angrande syndar ser seg om etter ei "woman with low self-esteem, to lay me out and ease my worried mind". I ein sang der Zevon i kjent stil blandar humor med mismot, og sjølvironi med anger. I det litt for rutinemessige rocketilfellet Disorder In the House (med ein viss Springsteen på gitar) er ting for alvor i ferd med å gå av hengslene. Om det er hans eigen situasjon eller verdenssituasjonen i all sin absurde meiningslaushet han har i tankane skal eg imidlertid ikkje ha nokon klar meining om. Meir rock i frå samme gate blir levert gjennom partylåta The Rest of the Night. Denne saman med før nevnte Disorder utgjer i mine øyrer albumets einaste middelmådige låtar.

Rub Me Raw er eit frenetisk bluesangrep, med Joe Walsh i storslag på slide-gitar, der Zevon opererer i eit slags krysningspunkt mellom Bo Diddley, Howlin' Wolf, Stevie Ray Vaughan og John Campbell. Og der mannen febrilsk prøver å stå oppreist, samstundes som han på det kraftigaste avslår alle forsøk på medynk: "I don't want your pity or your fifty-dollar words, I don't share your need to discuss the absurd". Prison Grove er også blues, men ein langt meir smygande og mindre høgmælt variant. Med Ry Cooder sin ulmande, dansande slide gitar i ei sentral rolle, samt eit "klagekor" beståande av mellom andre Bruce Springsteen, Jackson Browne og Billy Bob Thornton, syng Zevon ein lumsk og mørk sak om mannen som ventar på henrettelsen. Ein slett ikkje ueffen parabel i denne samanheng. I den morfinistiske Numb as a Statue, der han ber om i det minste å bli tildelt litt overfladisk ømhet, kjem igjen sjølvironien til syne med linjer som "I'm pale as a ghost". Kanskje er det litt for opplagt å spele inn Dylan sin Knockin' On Heaven's Door når det er nett det ein gjer. På den andre side har vel kanskje aldri desse linjene nett av den grunn blitt sunget med djupare relevanse.

Dei mest hjerteskjærande tekstlinjene finn vi i albumets balladar. She's Too Good For Me er ein kjærleiks-erklæring og ei oppmodning til kjæresten om å finne lykka andre stader, men fortald til ein venn, i staden for direkte til den det gjeld. Dermed får han inn eit element av dobbeltkommunikasjon, samstundes som han tilfører teksten meir dybde. Nærast i å bli utålelig sentimental er sangen El Amor De Mi Vida, om ho han ikkje fekk, ho han kanskje elska høgast av alle, men som glapp unna. Mens den mest fortvila redsel om å måtte møte døden i einsemd er tema for Please Stay, her Emmylou Harris bidrar med effektfull harmonisang. Sjeldan har klisjéen sårt og vakkert vore meir treffande. Tilslutt forlet han oss på eit inderleg vis med ei bønn om ikkje å bli gløymt, i den Dylanske Keep Me in Your Heart.

Og eg lovar; musikken din, Warren, skal i alle fall leve vidare i mitt hus så lenge eg vandrar rundt her.

Takk.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Hex-Trem? Nostalgie de la Boue

Geir Levi Nilsen har lest boken XTRM - Krig I Oslos Gater av Jan Kallevik.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo