cover

The Monkey's Raincoat

AdamCain

CD (2006)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Poprock

Spor:
Stay
Light of Day
A Place Called the Original Sin
Together Again
January Rain
Home
Sometimes
Justice
The Last Place on Earth
Human Kind
Lies of Silence

Referanser:
Midnight Choir
James McMurtry
Chris Rea
The Saints
The Triffids

Vis flere data

Se også:
No Stone Unturned - AdamCain (2004)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Sorgmildt og vennlegsinna

Ein godhjarta syndar kjem vandrande, med sekken full av velbrukt melankoli.

Eg har ingen problem med å tru på AdamCain sin frontfigur Arnstein Hammershaug når han proklamerer seg som ein syndar med eit godt hjarta. For gjennom tolv melodisk vennlegsinna låtar høyrer vi han her i rolla som den omtenksame og humanistiske formidlar. Han har ei varm stemme som heile tida held seg i eit avmålt lende. Han skaper tonar som aldri smyg seg utanfor ei poprock/rootsrock ramme. Og han skriv tekstar som enten dveler ved dei nære og litt vemodsfulle ting, eller som tar føre seg meir globale problemstillingar på ein politisk korrekt måte.

For eit par år sidan gav AdamCain ut ein firespors EP. Den varsla om ein låtskrivar med dugande forstand på korleis ein kan få tonar til å låte vel i hop. Problemet den gongen var eit litt einsarta, tamt og sjansefattig lydbilde. I eit forsøk på å rette opp i dette har dei på denne fullformat-debuten fått med seg Eystein Hopland som produsent. Ein kar som for underteikna er mest kjent som gitarist i det smått legendariske bandet Sister Rain, men som dei seinare åra har miksa og produsert både elektroniske saker, popting og meir rockbaserte uttrykk. Og ja, det har blitt ein meir organisk og levande lyd på The Monkey's Raincoat.

Skal ein gjere eit forsøk på å plassere AdamCain på ein referanseskala så ligg dei til tider ganske så nær opp til Midnight Choir. Ved nokre høve, som i den fire linjer lange brua i Together Again, finn vi dei endåtil igjen midt blant lånte midnattstonar. Dei har ting tilfelles med amerikanske singer/songwriters som James McMurtry og John Mellencamp. Her er fleire treffpunkt mot australske aktørar som The Triffids (Calenture) og The Saints (andre utgåve). Og den svale og tilknappa stilen deira har vel også ein del tilfelles med Chris Rea sin lakoniske stil.

Ein meir levande lyd nemnte eg. Meir variert bør eg vel også legge til. Instrumenta går aldri i vegen for kvarandre og kladdar det til. Her er pusterom, og her er handlingsrom der kvar enkelt for komme innom og spele. La oss ta Stay, til dømes. Den er fundert på eit dugande, om enn kanskje ikkje altfor spennande melodisk mønster, men duvande orgeltonar, fylgt opp av latino-inspirerte og deretter ørkenfarga gitarinnspel løftar den fram i eit fint lys.

Sjølv om låtane individuelt sett får ei luftig og gagnleg handsaming, blir det til slutt kanskje litt vel mange av dei. Eller rettare sagt, dei skil seg i litt for liten grad frå kvarandre. Eit noko breiare tonalt skjema, med innslag av litt meir rufsete kantar trur eg i alle fall ville vore ein effektiv katalysator for å fange denne lyttaren sin interesse i samfulle 50 minuttar til ende.

Uansett, ein god halvpart av låtane har særpreg nok til leve vidare også etter at neste hauststemte trubadur har meldt sin komme. Og den aller beste av dei er den som skil seg mest ut frå dei gjengse formene. A Place Called the Original Sin, låta som fremjar credoet eg nemnte i første avsnitt. Med frisk hjelp av eit par blåsarar ifrå ska-bandet The Uptowners blir ein invitert med på ein velgjerande tur til dette "sinful, holy land", der ein kan la vemodet ta friminutt. Det dukkar snart opp igjen, og gjer nok aller sterkast inntrykk når Hammershaug syng om det komplette mørket og rimar pain med rain i January Rain.

Ein blir altså ikkje utsett for dei store og grensesprengande krumspringa, verken i tone eller ord. Det er det kjente og det milde, det er lammet og ikkje ulven, Abel og ikkje Kain. Og kvifor ikkje? Skjemaet skulle berre ha femna litt breiare.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo