cover

Chávez Ravine

Ry Cooder

CD (2005) - Nonesuch / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Latino / World / Country / Blues / Jazz / Rock'n'Roll / Tex-Mex

Spor:
Poor Man's Shangri-La
Onda Callejera
Don't Call Me Red
Corrido de Boxeo
Muy Fifí
Los Chucos Suaves
Chinito Chinito
3 Cool Cats
El U.F.O. Cayó
It's Just Work For Me
In My Town
Ejercito Militar
Barrio Viejo
3rd Base, Dodger Stadium
Soy Luz y Sombra

Referanser:
Los Lobos
Thee Midniters
Van Dyke Parks

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Dei fattige sitt Shangri-La

Cooder har samla artistar med meksikansk opphav til å skape eit levande bilete av ein stad og ei tid som er borte.

Etter å ha reist eit drygt tiår i verdensmusikk frå Ganges via Timbuktu til Havana har Ry Cooder no enda opp i heimbyen Los Angeles. Der har han greve fram ein skammelig historie, frå andre sida av byen enn sin barndomsheim i Santa Monica. I dei austlege deler av LA kunne ein for mange år sidan finne bustadområdet Chávez Ravine. Her budde det stort sett folk av meksikansk avstamming. Dei var ikkje rike, og mange av bustadane var skrale, men dei hadde songen, kjærleiken, livet og kvarandre. Eller som Cooder syng i opningssporet; "Na na na na na, living in a poor man's Shangri-La". Men i dei straumlineforma tankane til sjellause byutviklarar er ikkje slikt noko å legge vekt på. Så i utviklinga sitt namn sendte den amerikanske staten, ein gong på femtitalet, ein hærskare bulldozarar inn på området for å jamne det med jorda. Opp av ruinane reiste det seg i staden ein gigantisk murkoloss. Ein baseball-arena til den nyinnflytta klubben Dodgers.

Sidan midten av sekstitalet har Ry Cooder og hans gitar tråla tonar nær røtene til den moderne musikken. Først som gitarist i banda til Taj Mahal og Cpt. Beefheart, seinare som soloartist. På 70-talet kom det frå Cooder-hand ein jamn straum med plater. Med sin spenstige gitarstil og si tørre røyst gjorde han personlege tolkingar av låtar frå eit breitt spekter av sjangrar. Det var få eigenkomponerte saker, men som oftast ulastelige versjonar av andre sine komposisjonar (Leadbelly, Woody Guthrie, Johnny Cash, Joe South, Leiber & Stoller etc.). To favorittalbum frå denne perioden er Chicken Skin Music (1976) og Borderline (1980).

I 1980 gjorde han musikken til Walter Hill sin westernfilm The Long Riders. Dette vart startskotet for ein tiårsperiode der Cooder stort sett konsentrerte seg om filmmusikk. Det store høgdepunktet frå denne epoken er utvilsamt hans vemodsfulle og lengtande gitar-tonar i Wim Wenders sin fabelaktige Paris, Texas.

Eit møte med den klassisk gitar-spelande indaren V.M. Bhatt, dokumentert på albumet A Meeting By the River (1993), skulle verte starten for ei oppdagingsferd etter musikalske røter utanfor det nordamerikanske kontinentet. Ei reise som fekk ein overraskande, men ikkje desto mindre hyggeleg, kommersiell suksess gjennom hans virke med cubanske musikkveteranar (Buena Vista Social Club). Litt av det same grepet som i sine Havana-dagar har Cooder også gjort i sitt arbeid med Chávez Ravine. Han har kontakta og fått tak i fleire tilårskomne representantar for den meksikanske musikktradisjonen i LA. Forskjellen frå Buena Vista-prosjektet er at denne gongen har Cooder tildelt seg sjølv ei meir framtredande rolle. For i tillegg til å vere initiativtakar og produsent har han komponert fleire av spora, og han tar den leiande vokalrolla på fleire av kutta. Derfor er det vel heilt greit at han nyttar sjargongen "A record by Ry Cooder" på coverframsida.

Spiren til prosjektet vart sådd i 2001 då fotografen Don Normark spurde Cooder om han kunne lage musikk til ein dokumentar om Chávez Ravine. Normark snubla over ravinen på førtitalet ein gong, og lot seg freiste og inspirere til heftig fotografering (bileta er tidlegare presentert i boka Chávez Ravine, 1949: A Los Angeles Story). Cooder vart fascinert av historia, og det heile utvikla seg etterkvart til noko langt meir enn berre musikk til ein filmdokumentar. Fire år har det tatt å fullføre prosjektet. I løpet av av den tida har mellom anna to av dei medverkande veteranane gått bort. Chicano-kongen Lalo Guerrero som syng tre sjølvkomponerte låtar på albumet døydde i mars i år, medan pachuco-boogie meisteren Don Tosti, som er stemma til ein alien i den atmosfæriske åtteminuttaren El U.F.O Cayó, trakk sitt siste pust i august i fjor.

Med hjelp av 15 songar (nokre er gamle andre er nylaga, nokre i spansk språkdrakt andre i engelsk) skapar Cooder og hans medsamansvorne eit skarpt og fengslande bilete av eit samfunn, ei tid og ei rekkje livsskjebnar. Her er glede og sorg, kamp og resignasjon, realisme og mystisme i ei musikalsk mangslungen framstilling.

Bore fram av Flaco Jimenez sine friske trekkspel-tonar, Joe Rotondi sitt livlige pianospel og Cooder sin smidige produksjon syng nemnte Guerrero om skjebnen til eit boksande brødrepar (Corrido De Boxeo) og om lidenskapelege laurdagsdansar (Los Chucos Suaves). Litt meir melodisk grå er hans skildring av eit tilsvarande statleg-styrt angrep på meksikansk busetnad på hans fødestad i Tucson, Arizona (Barrio Viejo).

"Little" William Garcia, med ei fortid i latinorock-bandet Thee Midniters, er oppført som medkomponist på fem spor. Saman med David Hidalgo (frå Los Lobos) har han skrive låta om masseslagsmålet mellom marinegastar og pachucoar på Broadway i 1943 (Onda Callajera). Garcia syng sjølv denne låta, som meir enn hintar om at det sannsynlegvis sto pengesterke og tvilsame maktmenneske bakom hendinga. Han er også mann for det vokale i Leiber/Stoller sin knipsebluesy og meir bekymringslause 3 Cool Cats.

Søstrene Juliette og Carla Commagere som har kora på eit par Cooder-produserte album tidlegare blir gitt hovudmikrofonen i den sprelske og sjarmerande Chinito Chinito. Ein ertande hyllest til ein pengeflink kinesisk vaskeri-eigar. Ei låt førnemnte Don Tosti hadde ein lokal liten hit med på slutten av 40-talet. Kvinnestemme i førarsete har også den småfunky Muy Fifí. Ersi Arvizu framfører på elegant vis ein heit diskusjon mellom mor og datter vedrørande ein viss Smiley.

Cooder trakterer gitaren på sitt vanlige elegante, treffsikre og spenstige vis plata igjennom. Sonen Joachim Cooder og Jim Keltner slår og lirkar fram rytmar frå både konvensjonelle og ukonvensjonelle rytmeinstrument. Medan folk som Jon Hassell (trompet), Gil Bernal (saksofon) og Joe Rotondi (piano) er med og fyller ut biletet på fargerikt vis. Hassell gjer avgjort sitt til at den Waitsk-jazzy historia til Frank Wilkinson, Don't Call Me Red, er attråverdig. Wilkinson var på femtitalet leiar for ei gruppe som rehabiliterte husmassen i mellom anna Chávez Ravine. Prisen han mottok frå amerikanske styresmakter for den jobben var forfølging og skuldingar om å være kommunist. Her ser han tilbake og kan lett sarkastiske slenge ut: "Fritz Burns, Chief Parker, and J. Edgar, I outlived those bastards after all."

To oppdikta skikkelsar (men likefullt verkelige nok) kjem til ordet i låtane It's Just Work For Me og In My Town. To spor som også har enkelte Tom Waitske klangfargar i seg. Den første er ein spartansk og funky blues, der bulldozarsjøferen fortel korleis han ser på rolla si i saneringsopplegget. Den andre er ein langsam jazzballade med eit kvikt midtparti, og her er det den mildt sagt usympatiske utbyggaren som fører ordet; "can't you see a 50-story building, where a palm tree used to be?". Med ei stemme ikkje heilt ulik Willie Nelson syng Hawaii-fødte Bla Pahinui den luftig arrangerte og vagt countryfarga 3rd Base Dodger Stadium. Her ein kar går rundt og minnast, og ser for seg bustadane til slekt, naboar og venner rundt omkring på den svære arenaen. Både tekstlig effektfullt og melodisk flott. Den kanskje beste av Cooder sine komposisjonar på plata. Reint melodisk er det nok ikkje alle låtane som dreg seg i land som sikre vinnarar. Til dømes overlever førnemnte In My Town mest på sitt tankevekkande innhald, og opningssporet Poor Man's Shangri-La lener seg mot litt for glaserte tonar. Medan El U.F.O Cayo søkjer mot for utsvevande og lite handfaste tonelandskap.

Alt i alt er Chávez Ravine likevel ei svært solid og ikkje minst raus utgjeving. 70 minuttar med hovudsaklig grøderik musikk, men også eit fyldig hefte med låt-tekstar (dei spanske tekstane er oversatt til engelsk og vice versa), små essay til kvar låt, samt talande illustrasjonar og bilete. Så dette er ikkje plata du går inn på næraste fildelingsstad og skaffar deg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo