cover

We Like It Wild

The Impossible Shapes

CD (2003) - Secretly Canadian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indiepop / Poprock / Indierock / Psykedelia

Spor:
Give Me a Note
The Perfect Timing
She Let Me Run
We Like It Wild
Sharing Out Space
What About the Other Side
To Be Wild
You Are Not the Target
Breathing In the Burning Room
Birds
What the Winter Does
Naked Bull Rush
Its Hard to Lose a Member
Lovers Living Up Hill

Referanser:
Beulah
Love
Essex Green
Apples In Stereo
The Who
Beach Boys

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ikkje så umulig

Ulastelige poptonar frå unge amerikanarar.

Nok eingang er det den lovpriste poptonen slik The Beatles og dess like introduserte den på 60-talet som står i sentrum. Spesielt er det lyden frå den siste halvdel av tiåret dei unge amerikanarane i Impossible Shapes på eit eller anna vis har fått fatt i. Nå er dei jo ikkje akkurat åleine her i verden om å ha klart det. Men når det resulterer i eit såpass velklingande album som We Like It Wild, skal i alle fall ikkje underteikna stille seg i fremste rekkje for å rope etter meir originale påfunn.

Bandet platedebuterte i 2000 med albumet The Great Migration, og har sidan gjort det til ei årlig hending å komme med ny plate. We Like It Wild er såleis Bloomington, Indiana kvartetten sitt fjerde framstøt. I tillegg har låtskrivar, vokalist og frontfigur Chris Barth eit soloalbum ute. Så det er med andre ord ein produktiv gjeng vi har med å gjere.

Som bandnavnet jo gjer uttrykk for, prøver The Impossible Shapes å bringe musikken sin nokre små skritt utanfor dei mest standardiserte oppfatningane av korleis ein poplåt skal lyde. Derfor gjer dei innimellom sine små uventa (om ikkje akkurat revolusjonerande) krumspring i melodi-konstruksjonen. Dei strør med psykedeliserte klangar. Rett nok blir det gjort med ei nennsom hånd, hypnotiske gitar-ritt i Arthur Lee (Love) eller Dick Taylor (Pretty Things) sfærer, for å nevne to som var med å sette farge på slutten av 60-talet, vil ein nok ikkje finne her. The Impossible Shapes har istaden valgt å legge seg i eit noko meir yndefullt lydbilde, så sjølv om slektskapet til nevnte artistar, samt band som The Who og for den saks skyld Beach Boys så absolutt er merkbart, blir kanskje ei samanlikning i retning forførande Elephant Six-eskapader som Essex Green og Beulah endå meir treffande.

Dei bruker cirka fire og eit halvt minutt på å overbevise. Den vesle vakre akustiske oden Give Me a Note, og den tett etterfølgande gudbenåda poplåta The Perfect Timing sender lyttaren omgåande inn i ein lutrande hauststemning. Nå blir ein rett nok dratt ut av denne stemninga idet låt nummer tre She Let Me Run introduserar seg, med noko som nærmast kan kategoriserast som glamrock-fakter, slett ikkje ueffent det heller. Det påfølgande tittelsporet svevar frå senga via himmelen til kanten av stupet. What the Winter Does er ein naken illustrasjon av mismotets vesen. Sharing Out Space kan minne om eit harmonisk The Who. What About the Other Side er ein seig og kraftfull popaffære. Mens Naked Bull Rush er litt intrikat, litt gitarheftig, litt smykka med vakker harmonisering, men aller mest er den ein tre minuttar lang poptriumf.

Dei tek ikkje fyr, dei skyt ikkje frå hofta, dei er ikkje ukultiverte eller bøllete, og når alt kjem til alt er dei i grunnen ikkje så umulige heller. Faktisk er dei ganske eksemplariske, og driv stort sett av gårde på reine tonar. Men det er vel ingenting ivegen for at ein kan ha ei fin oppleving på slike betingelser også, er det vel?

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo