cover

Take Me Home

The Redlands Palomino Co.

CD (2007) - Laughing Outlaw / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Folk / Americana

Spor:
Wasted On You
Take Me Home
Coastline
Please Come Running
Burning It Down
Empty Feeling
She Is Yours
Harbour Lights
Friend in the Dark
Don't Know Why
Pick Up, Shut Up
Take Me Home (Reprise)

Referanser:
Whiskeytown
Over the Rhine
10 000 Maniacs
Son Volt

Vis flere data

Se også:
By the Time You Hear This... We'll Be Gone - The Redlands Palomino Co. (2004)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


For mykje tomrom

Eit litt dovent forsøk på å fylgje opp ein fin debut.

By the Time You Hear This... We'll Be Gone stod det å lese på London-bandet Redlands Palomino Company sitt debutalbum for drygt to år sidan. Underteikna avslutta sin omtale av den plate med eit håp om at det ikkje måtte vere heilt hald i den kunngjeringa. Håpet mitt er gått i oppfylling. For her er dei igjen. Men jublar eg?

Nei, eg gjer ikkje det, gitt.

Akkurat som sist gong har dei tatt turen til americana. Men dei malar eit fyldigare sonisk bilde denne gongen. Det er ikkje eit betre bilde. Det er eit meir satt bilde. Eit bilde som slørar til personlegdomen.

Under sitt americana-besøk har dei sannsynlegvis spankulert og svetta langs dei same gatene, og frekventert dei same barane i Whiskeytown som Ryan Adams i si nittitals-tid herja rundt i. Dei har funne ei verd av smerte langs ruter der både Drive-By Truckers og Son Volt har vore. Dei har tatt turen Over the Rhine og møtt på 10 000 Maniacs. Og dei har prøvd å finne ånda frå Joshua Tree. Dei hadde eit visst tak i den sist, men no held det på å glippa.

Det er ekteparet Hannah og Alex Elton-Wall som er frontfigurane i bandet. Dei deler på låtskrivinga og synginga, og spelar begge gitar. Ho har ei krystallklar og fin røyst, hans er av det meir rufsete slaget. Hennar låtar hellar litt meir mot folk og pop, men har absolutt ein tydelig countrytwang i seg. Hans låtar har oftast eit meir skranglete preg. Slik var det vel sist også. Då var fleirtalet av låtane gode. No er det berre eit mindretal som er gode.

Dei to er som sagt gift, lukkeleg får ein håpe. I tilfelle blir ikkje dette avspegla i songane dei skriv. Tematikken krinsar stort sett rundt det trøblete kjærleikslivet. Einsemd, sakn, sjalusi, svik og slike ting. "I've got that sinking feeling coming over me", "I'm sitting here my love, with a beer and an empty feeling", "just spare my broken heart the lies", og slike ting.

"You got married in the summer ten years too soon" lyde opningslinja. Ein desillusjonert ektemann sit helst og stirer i taket, eller på jentene i byens barar. Wasted On You syng Hannah og Alex i lag. Låta kunne vore henta rett frå Whiskeytown sitt Pneumonia album. Den er dugande nok. Og blir avslutta med eit ikkje heilt ueffent råd idet dei ber fyren om å "go home and ask her to dance".

Ein annan dugande låt er Friend In the Dark, som gyngar seg fram på linjer eg meinar å ha høyrt før, men som eg like fullt synst om å høyre nok ein gong. Ein tredje eg finn ei viss meining i er Please Come Running med sitt friske sing-a-long refreng.

Men det er berre ei låt som set skikkelig merke etter seg. Det er Harbour Lights. Ein vakker ballade om svik, og fortvilinga som fylgjer. Den er Hannah sin. Låta sin kvinnelige hovudperson kjenner nok at tungsinnet overmannar henne, men tonane som skildra dette overmannar aldri. Dei er nennsame, luftige, enkle og har eit par subtile løysingar, som til dømes nokre vemodstunge trekkspeltonar.

Harbour Lights er ikkje representativ. Dei representative er vel helst dei flate og dei fargelause. Dessverre.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo