cover

The Opening Act

Home Groan

CD (2004) - Me / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Americana

Spor:
Cowboys and Cactus
Kids On the Bridge
A Guitar She Holds In Her Hands
I Drive
Masked Man
The Opening Act
White Dwarf
Dog In a Tavern
Moral Lies
Market Value
Easy Terms
Too Much Sympathy

Referanser:
HGH
Groan Alone
Neil Young
The Jayhawks
Tom Petty

Vis flere data

Se også:
Astrodome - Home Groan (1999)
Addicted - Home Groan (2001)
Raccoon - Home Groan (2002)
The Cream of the Crop - Home Groan (2003)
Hey Revolution Now! - Home Groan (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Den evige toar

Den driftige, produktive og countryrockande Martin Hagfors gjer ein Home Groan for sjuande gong.

Sidan Martin Hagfors platedebuterte med sitt countryrock-foretak Home Groan i 1997 har han gjort det til ei sånn cirka årleg hending å komme med ny plate. Årets forsøk er bandet sitt sjuande album med nytt materiell (pluss at det har komme rekande både ei live-plate og ei samleplate). Når vi så også veit at mannen er aktiv i sideprosjekt som HGH og Groan Alone, har skreve låtar for fleire andre (Askil Holm, Helldorado, National Bank), samt produserer og spelar litt både her og der, er det ikkje å ta hardt i å kalle fyren driftig og produktiv. Lik mange andre produktive sjeler er ikkje alt Hagfors har føre seg like interessant, men mykje er det. Slik er stoda på The Opening Act også.

Høgt oppe på hitlister eller dominerande aktør på store konsert-evenement har Hagfors og hans band aldri vore. Så det skulle være ein mann med erfaringane innabords som talar, når han tek føre seg problematikken rundt dette å være oppvarmingsband. I eit sparsomt og akustisk tittelkutt syng han om å møte likegyldigheten, om håpet som renn ut i sanden, og om barske tider og den store einsemda. Ingen oppløftande skildring, altså. Plata som heilhet er likevel ingen dyster affære. Vel så typisk for albumet sin stemning er refrenget i melodivennlige og fine I Drive:

"Let this night go on forever
I'm lighter than a feather
I feel too good just to be alive"

På den noko kantete rockesaken Market Value plasserer han seg på populariteten sitt musikk-kart, med ein solid dose sjølvironi samt glimtet i augekroken intakt:

"I love to hear those rich guys
sing about how poor they've been
I wanted to go watch Neil Young
But it cost a hundred dollars so I could not get in"

Faktisk er det slik hos Hagfors at tekstane er vel så interessante som melodiane. Det er små historiar, artige observasjonar, og enkel kvardagsfilosofi dei fleste som har vandra rundt med augene åpne og kjenslene intakt sikkert kjenner seg igjen i. Og sjølv om han ikkje heilt kan måle seg med dei aller største poetane i bransjen, fører han ein elegant og treffsikker penn. Ei fin og karaktersterk stemme i eit Tom Petty-nasalt leie har han også. Litt meir på det jevne opplever eg fyren når det kjem over på melodi-planet. På The Opening Act, som på det eg har fått med meg av Home Groan tidlegare, dukkar det fram mykje småfint. Men dei veldig store opplevingane kjem ikkje så altfor tett. Eit par av låtane eg nemnte lenger oppe (tittelkuttet, I Drive) touchar imidlertid slike karakteristika. I tillegg er det eit tiltalande snitt av godtonar over White Dwarf. Den intense litt John Darnielle-aktige viriliteten som ligg over Easy Terms lever eg også godt i hop med. Det same går det an å gjere i selskap med Cowboys and Cactus, der den både stiller med refreng som har vind i segla, og friskt Jaga Jazzist-blås under vengene. Folk frå Jaga Jazzist har for øvrig vore gjester hos Home Groan ved tidlegare innspelingar også.

The Opening Act representerer slett ingen invasjon av originale tankar og takter. Men mykje fin tilnærming til velbrukte og stadig besøkte countryrock-tomter. Og skippar ein bort tre-fire litt tamme saker, går det fint an å ha ei trivelig stund i selskap med Hagfors og kompani denne gongen også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo