cover

The Stone Roses

The Stone Roses

CD (1989) - Silvertone / Sony Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Madchester / Britpop / Psykedelia / House

Spor:
I Wanna Be Adored
She Bangs the Drums
Waterfall
Don't Stop
Bye Bye Badman
Elizabeth My Dear
(Song for My) Sugar Spun Sister
Made of Stone
Shoot You Down
This Is the One
I Am the Resurrection

Referanser:
Inspiral Carpets
Happy Mondays
The Sundays
Oasis
New Order
The Smiths
Primal Scream
The Byrds
The Rolling Stones
The Beatles
Love
The Charlatans (UK)

Vis flere data

Se også:
The Stone Roses DVD - The Stone Roses (2004)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Pop, fargar og dans

Med ei sjølvsikker samansmelting av den evige poptonen og den groovy danserytmen skapte Stone Roses noko som alltid vil skine.

Tida er ikkje lett å få tak på, den står aldri stille. Den kjem og den går, og det meste legg den bak seg. Gårsdagens gode idé, har kanskje ikkje same susen over seg i morgon. Det meste ein gjorde i fjor har for lengst hamna i gløymeboka. Og om hundre år er allting gløymt, sa ein diktar ein gong. I fylgje ein gammal klisjé skal den også være utstyrt med ei tann, denne tida, som slett ikkje alle tåler like godt å stifte kjennskap med. Frå lovmakarar til skomakarar, frå matprodusentar til plateprodusentar, frå lyrikarar til musikarar.

Ta nå til dømes den der såkalla Madchester-scena frå det seine 80-talet (og nokre år inn på nittitalet). Korleis har tidas tann fare med den tru? Spurde eg meg nylig. Happy Mondays - Kinky Afro, The Charlatans - The Only One I Know, James - Sit Down, Inspiral Carpets - This Is How It Feels? Det nærmar seg vel tjue år sidan eg høyrde på fleire av desse. Så eg fant dei fram, og tok ein lytt. Og? Vel, The Charlatans er jo eit bra band, og deira album Tellin' Stories er eit sterkt og stadig like friskt eit. Når det gjeld resten av bølingen handlar det vel mest om ein og annan enkeltlåt, og ei moro som ein gong var men som i grunn er over.

Men det finst eit unntak. Eit gedigent unntak. Ei plate. Den tok eg ikkje fram. For den tar eg rett som det er fram. Den er noko meir. Meir enn ei scene anno 1989. Sjølv om den vel surfa høgast på bølgja som denne scena laga – ja er sjølve symbolet på scena – dampa den ikkje bort då bølgja stilna av. Den gjorde seg fri frå bølgja. Og etter kvart kunne ein konstatere at den er laga av slikt som tida tar med seg vidare. The Stone Roses si sjølvtitulerte debutplate.

Det er ingen sjølvsagt sak at det skulle bli slik. Dei tumla rundt i Manchester frå tidleg åttital, spelte i ulike band. I skuggen av The Smiths, New Order, og det meste. Stone Roses-namnet gav dei seg sjølve midt på åttitalet. Utan at så veldig mange fleire la merke til dei av den grunn. Ei plate blei imidlertid spelt inn, med legendariske Martin Hannett (Joy Division, The Buzzcocks, Magazine) som produsent. Dei likte den ikkje, så dei gav den ikkje ut. (Den kom ut elleve år seinare, mot bandets ynskje, med tittelen Garage Flowers. Og vitnar om at Stone Roses i 1985 var eit middelmåtig postpunk-band.)

Ein single (So Young) frå innspelingane gav dei likevel ut. Til bortimot null respons. I eit desperat forsøk på å endre på dette tok dei eit nattlig raid gjennom heimbyen og skreiv bandsignaturen på vegg etter vegg. Og fekk dugelig kjeft dagen etter. Var dette eigentlig liv laga? Må dei ha byrja å tenke. Hmm, kva med å lage ein popsong? Var det ein som ytra. Og så vart gjort. Sally Cinnamon blei namnet. På popsongen. Dei spelte den inn, med ringande gitarlyd, og høyrdest i grunnen ganske så annleis ut. Ganske så bra også. Men verda gjekk ikkje av hengslene, og bassisten ville ikkje vere med på leiken meir. Det var då underet skjedde, seier soga. Mani kom inn i rommet, aksla på seg bassgitaren, og eit nytt groove vart fødd. Og sjølvbildet ekspanderte.

"Vi er det viktigaste bandet i verda" fortalte songaren Ian Brown til NME i desember 1989 (eit halvår etter at debutalbumet hadde komme ut), "fordi vi har dei beste songane, og vi har ikkje eingong byrja å vise fram potensialet vårt endå". Vel, hovmod står for fall heiter det. Og fallet kom. Potensialet som skulle blomstre, og blomstre, det visna hen. Gjennom gjentakande kranglar med plateselskapet, dryge porsjonar dop, og humørlaus stormannsgalskap visna det hen. Så når dei endelig var klare, fem år etter debuten, med sin Second Coming, viste dei seg å berre være eit band blant mange andre. Og snart var dei ikkje det ein gong. Dei var oppløyst. Men alt dette, det var slikt som skjedde etterpå. Etter at dei hadde vist fram potensialet sitt.

For uansett kva Brown måtte meine, potensialet sitt viste dei fram på debuten. Og det var bra nok det. John Squire spelar gitar som han malar bilde, i fargar. Flytande, klare fargar, med innspel av noko forstyrrande. Psykedelisk. Skinande droner og ringande akkordar. Enkelt og greitt, sublimt og intrikat, og 1967. Som om bandet hans stod på plakaten midt mellom The Byrds og Love. Men groovet kjem frå ein annan stad. Det har tempo i seg, det har besøkt eit houseparty og ti, det er bitande, slepande og funky, ei drivande, dansande kraft.

"I wanna be adored" syng Ian Brown. Manande. Plaga. Eg dannar meg bilde av ein Dorian Gray-slekta skikkelse som vil bli beundra for sitt ytre, men som har eit herja indre, svartare enn synda. "I don't have to sell my soul, he's already in me" syng Brown. Slepande. Djevelsk. Og gjentek det, innimellom det stadig tilbakevendande mantraet om å bli beundra. Andre linjer finst knapt i den songen. Opningssongen. Dei er i gang.

"Your final flight can't be delayed" syng Ian Brown. Hutrande. Og bandet spelar illevarslande. Det handlar om død. Det handlar om Made Of Stone. Refrenget er annleis. Det er songaren sine fantasiar kring ein situasjon. Fortalt i lyst klingande popmelodiske former. Men slik er det ikkje i versa. Dei er midt i situasjonen. Midt i ei bilulukke. Den som tok livet av malaren Jackson Pollock i 1956. Ein malar som bandet, og spesielt John Squire, hadde eit nært forhold til. Dei leika endåtil litt med tanken å ha eit Pollock-maleri som cover på debutplata, men måtte erkjenne at det ville bli i dyraste laget å få til. Så John Squire laga i staden eit "Pollock-maleri" sjølv. Inspirert av ein av songane på plata. Bye Bye Badman. Som igjen skal vere inspirert av ein dokumentarfilm om studentopprøret i Paris våren 1968 (som Squire og Brown nylig hadde sett). Derfor er trikoloren med i bildet. "In this citrus sucking sunshine, I don't care you're not all there" syng Brown, og referer til studentane som sug på sitroner for å dempa verknaden av tåregassen som denne Badman sender over dei. Derfor er det tre sitronskiver med i bildet. "I'm throwing stones at you man … I'm gonna make you bleed" syng Brown, i rolla som opprøraren med "bad intention" som ikkje finn anna våpen enn steinen. Og songen dansar luftig og lett, som ein kontrast til sitt aggressive og opprørske innhald. Eit innhald som lett kan flyttast i tid og rom, til ein annan situasjon enn Paris 68. Eit innhald som det også kan leggast andre meiningar inn i enn gateslag mellom revolusjonære og makta. For Stone Roses er på ingen måte eit agitatorband, sjølv om dei også har andre songar ein kan tolke i politiske retningar.

Eg har høyrt nokon meine at kvinna i Waterfall eigentlig er gamle England, og den ho prøver å stå opp imot, eller snarare rømme i frå er USA. Kanskje det? Sjølv opplever eg vel songen meir som ein kamp på det personlige plan. Om ei kvinne som har sett seg føre å trasse motgang og jantelover, for så å "carry on through it all", og til slutt segla av stad med sigerens vind i ryggen. Og ein magisk Squire-solo i øyregangane. Det strøymer ein ekspanderande optimisme ut ifrå Waterfall. Etterpå kjem dens vonde tvilling og prøver å bryte tilstanden ned. "Don't stop, isn't it funny how you shine?" lyde det åtvarande mantraet. "Har vinden snudd?" blir det kviskra mellom linjene, og den psykedeliske baklengsdjevelen prøver å ta herredøme over Squire sin gitar.

Dei er altså ikkje eintydige i det dei formidlar, og takk for det. Men i eitt minutt opplever eg dei ganske så eintydige. Det er i den vesle akustiske visa Elizabeth My Dear. Der Elizabeth er dronninga, og meldinga er klar: "I'll not rest till she's lost her throne". Då slår nok hjertet ganske så annleis for jenta i She Bangs The Drums. "I hear my needle hit the groove" syng Brown og svevar inn i ein drivande fengande hyllest til henne han ser for seg skal bli både den første og den siste. Annleis slår også hjertet for jenta, og ikkje minst hjertet til jenta, i den heftige hymna This Is The One. Eit nummer der driftene og det store klimakset har hovudrolla. "This is the one, this is the one, oh this is the one, I've waited for".

Avslutninga er eit forrykande åtak. På ein person – "you're a no-one nowhere washed up baby who'd look better dead" –, eller på kristendommen – "don't waste your words, I don't need anything from you". Eller begge deler. Sjølv plasserar songaren seg i ei frelsarrolle – "I am the resurrection and I am the light, I couldn't ever bring myself to hate you as I'd like". Blasfemien rår, Mani spelar bass som om han tenker "We've Gotta Get Out Of This Place", og i tre og eit halvt minutt er dette ein snerrande og eldfull poplåt. Så går bandet progdjevelen i møte, dansar inn i eit suggererande funky syndefall, kveikjer opp den elektriske gitaren, og gjer seg ikkje før åtte minuttars merket er passert. Noko det sjølvsagt heller ikkje er den minste grunn til.

Før året er omme gjer dei ut singelen Fool's Gold. Ei låt eg reknar som albumets uoffisielle tolvtelåt. Den er så bra at det fortener den i alle fall. Eit stykke episk funk om dekadense, dop og grådigheit. Slike ting som vel kanskje var ein medverkande årsak til at dei aldri fekk vist fram potensialet sitt igjen. Men du verden som dei viste det i 1989.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: