cover

Babylon Fading

The Lovethugs

CD (2005) - Rainbow Quartz / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Powerpop / Psykedelia / Retropop

Spor:
Babylon Fading
Close Beside Her
Saturn Day
Save My Soul
Tired Girl
Wonder
I've Heard a Rumour
Love Machine
Up For Love
Let Me In
Night Time Séance
Make It Slow
The Midget

Referanser:
The Beatles
The Kinks
The Who
Love
Jefferson Airplane
The Smiths
Euroboys
The Jessica Fletchers

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ja vi elskar dette 60-talet

Med hovudet fullt av attraktive sekstitalstonar og ein heil del virilitet i ryggrada serverer Oslobandet Lovethugs ein forfriskande dose popdrops.

Coverbiletet viser fire alvorstynga unge menn samla i antikverte omgjevnader. Musikken som strøymer frå dingsen vi finn inni coveret har eit særdeles sterkt slektskap med tonar skapt for sånn cirka førti sidan. Så omgjevnadane er kanskje på sin plass. Men kvifor så alvorlege? Det er nemlig lite dystert over tonane her, snarare sprudlande vil no eg hevde.

Med hovudet fullt av attraktive sekstitalstonar og ein heil del virilitet i ryggrada serverer Oslobandet The Lovethugs ein forfriskande dose popdrops. Akkurat som Jessica Fletchers er også Lovethugs å finne på den amerikanske labelen Rainbow Quartz. Her dei jo også har selskap av andre på det same musikalske kjøret (Cotton Mather, The Singles, Gallygows). Som hos desse banda, og mange andre band med ei slik musikalsk innstilling, er det nok også The Beatles som har bete seg aller kraftigast fast i nervesystemet til denne gjengen. Plussar vi så på med litt The Kinks fakter, ein god porsjon psykedelia (Love og Jefferson Airplane) og nokre vage drag The Smiths sitt vemod byrjar vi å komme svært nær lyden dei skaper. Babylon Fading kjem to år etter debuten Playground Instructors og manifesterer det unge bandet som ein kvalifisert berar av denne gamle poparven.

Rytmeseksjonen sparkar tett og energisk, orgeltonar flyg luftig omkring, og gitaren til frontfigur Jørgen (dei fire presenterer seg berre med fornamn) høgg smarte riff og dreg på spenstige soloutflukter. Fyren har sannsynlegvis lytta mykje på Jimi Hendrix. Tekstmessig dukkar dei aldri ned i djupe problemstillingar, serverer i staden poptypiske refleksjonar kring det merkverdige kjærleikslivet. Den same Jørgen som trakterer gitaren med slik djervskap og glød er nok ikkje ein fullt så gnistrande vokalist. Han har ei litt karakterlaus røyst som til tider kan ha visse vanskar med å sette skikkelig merke etter seg, noko som også gjer sett til at variasjonen i uttrykket vert litt innskrenka. Kanskje ikkje ei heilt uvesentleg innvending, men så godt som den einaste.

Tretten låtar, der dei fleste sprett inn i hylla for smart popkonstruksjon. Close Beside Her med sin effektfulle call-response og sine sitarfriske innspel. Saturn Day med sine vene Rubber Soul møter Forever Changes tonar. Wonder med sitt inspirerte "feeling, feeling is believing" refreng. Og når vi snakkar om refreng, eit eg ikkje kjem til å få ut av hovudet før langt ut på hausten er "I've been up for love, love, love" frå den vitale og melodisk vinnande treminuttaren Up For Love. Dandert med luftige tangentdråpar og skarpe gitarriff er heller ikkje I've Heard a Rumour å forakte. Medan kvartetten er på sitt mest psykedeliserte i den elskelege og surrealistiske Night Time Séance.

Sånn, der var endå ei plate klarert for Sommarmoro 2005.

comments powered by Disqus

 



Carl Martin
2005-06-06Hyggelig tilbakemelding

Takk for en fin anmeldelse, selv om tekstene ofte er mer vemodige/absurde en det som kommer frem av anmeldelsen din!

Oddmund
2005-06-07Takk for responsen

Skal ikkje nekte for at det nok ligg meir under her enn kva eg får til overflata i min vesle tekst. Ymtar vel forresten frampå om litt vagt Smiths vemod. Har likevel eit klart inntrykk av at her er meir friskleik enn depping. Deriblant mykje levedyktig absurd tilnærming, absolutt.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo