cover

Niko et la Berlue

Uské Orchestra

CD (2006) - Sonig / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Avantgarde / Frifolk / Psykedelia

Spor:
The Ghost
According to Plan
Lights
The Owl
Today
We Choose Faces
Last Ride Together
At Last Is All
Long Walk
Untitled
Fear Is On Our Side
If It Was Me

Referanser:
Frank Zappa
Tom Ze
Marc Ribot
Mouse on Mars
CocoRosie
Animal Collective

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Uskéladden i hønsegarden

Eit belgisk åtak på den gode tone, slik vi kjenner den.

Inntrykket eg sat igjen med etter første gjennomlytting av belgiske Uské Orchestra sitt album Niko Et La Berlue var at dette hadde sterk likskap mot kva ein ville få av lyd om ein gav kvar sitt instrument til 10 sukkerstappa førskulebarn og plasserte dei i ein hønsegard med 10 hyperkaklande høner. Med andre ord, sterkt usymmetrisk og slitsamt leven med minimal interesse for utanforståande.

Så vidt eg kan forstå er Uské Orchestra eit einmannsføretak. Eg finn i alle fall ingen andre enn Niko Uské nemnt her. Kva som er intensjonane hans for dette føretaket har eg ikkje funne beskrive nokon stad. Men hadde ein gjort eit intervju med mannen, ville han kanskje ha svara noko i denne retning:
- Du skal ikkje streve så inderlig med å finne ein bås for dette, ville han heilt sikkert ha sagt.
– Dette er nemlig eit tiltak frigjort frå alle reglar og hevdvunne former, ville han antakelig helde fram.
– Her har eg prøvd å fjerne meg frå normaliteten, samstundes som eg grip tak i banale strofer og lar dei prøve å finne seg til rette i eit utfordrande lydvirvar, kunne han kanskje ha funne på å konkludere med.

Dei seinare åra har terminologiar som anti-folk og fri-folk dukka opp for å kategorisere nyare framtoningar av folk-musikk. Det har vore mykje inspirert og friskt som er blitt plassert i båsane (Banhart, Newsom, Espers etc.), men tonane deira har vel berre på moderat vis utfordra mønsteret som har grodd fram gjennom generasjonar. Derfor går det kanskje også an å stille eit spørsmål eller to med gehalten i dei nemnte omgrepa. Ja, for kva skal ein i tilfelle kalle lyden av Uské Orchestra. Anti-musikk?

Du har kanskje høyrt Animal Collective. Du har kanskje høyrt CocoRosie. Tenk deg desse to banda i ein ustrukturert fusjon, der vokalen er utydeligare og to oktavar høgare, og fokuset meir kuriøst og endå fjernare. Då er vi kanskje inne på noko, men berre så vidt, eigentlig.

Årsaka til at eg prøver meg på å knyte Uské opp mot folk-musikken ligg nok ein del i det faktum at det er organiske og akustiske instrument som utgjer ei slags drivkraft i framstøyta hans. Gitar, banjo, horn, fløyte, piano, xylofon, perkusjon og ikkje minst eit rimelig stort utval av leiketøy-instrumenter. Dette krydrar han så med eit og anna innspel frå digitale lydkjelder. Kva han syng om hadde eg antakelig ikkje fått med meg om eg så hadde hovudfag i fransk. Det verkar nemlig å vere nokså uartikulerte stemmeutskeiingar han har føre seg.

Å få eit forhold til låtane, der ein kjem i posisjon til å kunne utbasunere at "dette, ja, det er jo Un Tintamarre Bleu det," er eit bortimot umogeleg prosjekt. For sjølv om ein etterkvart oppdagar at dei fleste spora har eit melodisk grunntema så får ikkje dette vere i fred, men må stadig tåle å bli hersa med av merkelige lydanfall. Låtane endrar ansikt, fasong og tempo fleire gonger undervegs. Samstundes går enkelte tema og lydløysingar igjen i fleire av låtane. Dermed er det vel mest fruktbart å sjå på albumet som eit samanhengande verk.

Legg ein den første forskrekkinga på hylla, og prøver å møte Uské med eit ope sinn vil nok ein god del av avsmaken bli borte. Det er rett nok ei utfordring, og det er langt ifrå eit meisterverk ein finn bakom virvaret, så det er lov å spørje seg om det er verdt bryet. Dessutan blir det nok litt i meste laget, men eg har oppdaga at ein liten rørete tur blant dei fire-fem første spora her slett ikkje er heilt å forakte.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo