cover

Lucky Doggies

Sister Sonny

CD (2004) - HoneyMilk / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Psykedelia

Spor:
Poor Harold
Kompis
Sir James Fitzjames
Miss Low
Small Errors Grow Heads
Pistedust
I Phone You Fresh
Kopykat Krimes
Cheapest Chips
My First Love, John Green

Referanser:
Motorpsycho
Barbie Bones
Love
Small Faces

Vis flere data

Se også:
.. presents The Hot Butter Band - Sister Sonny (2001)
The Bandit Lab - Sister Sonny (2001)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Friskt regn

Sister Sonny komprimerer uttrykket og blir meir tilgjengelige, men slett ikkje dårligare.

Drøyt to år etter den mangslungne og stappfulle Bandit Lab er Sister Sonny klar med sitt femte album. Og i forhold til forgjengaren og det eg har høyrt av bandet sine tidlegare musikalske krumspring kan det virke som om dei denne gangen har gått inn for å komprimere uttrykket og tetta igjen ein del gluggar. Det er lengre mellom dei brokete lydreisene som var ein del av bildet på Bandit Lab, dei 38 minuttane Lucky Doggies ber om merksemda er nok av det meir einsretta slaget. Utan at dette meir tilgjengelige sporet gjer Sister Sonny til eit mindre medrivande band av den grunn. Det er nemlig meir enn nok av godsaker å finne i denne pakka også.

Nå skal eg ikkje påstå at dette er ein revolusjonerande omvelting. Poptonane Bergen-kvintetten serverer har sine slektningar på tidlegare utgjevingar, og psykedeliaen med det markante 60-tals tilsnittet er kanskje vel så mykje tilstades her. Men dei har altså fininnstilt siktet i retning endå meir hooks og velturnerte refreng enn kva som har vore vanlig frå denne kanten.

Åpningsnummeret Poor Harold set tinga på plass umiddelbart. Ein kvass gitar og pumpande keyboards-tonar driv fram ei låt med livgjevande melodiførsel, og maniske tekstlinjer om den ikkje altfor vellykka Harold. Vokalist og låtskrivar (og forfattar) Pedro Carmona-Alvarez drar fleire pussige historiar plata igjennom, ikkje alle er så lett å få grep på, men dei pirrar fantasinerva og det er i grunnen vel så kjekt. Slik tilfellet er med Sir James Fitzjames, der Pedro nærmast minner om ein Ian Hunter i pophumør, medan han tryllar fram surrealistiske problemstillingar som fører til den noko resignerte konklusjonen; "now call for her, the mother of all sorrows". I det samme melodi-riket svevar vemodige og harmonisterke I Phone You Fresh rundt og fangar attraktive tonar. Verkelig hastverk har søstrene i dei korte, kjappe og funky garasje-tilfella Pistedust og Cheapest Chips. Medan dei dreg det lenger ut i bredden på Kopykat Krimes, som åpnar i eit laidback jazzig bilde, før den kastar seg ut i heftige poptonar. Det heile når sin avslutning med sju minuttar lange og særdeles vakre My First Love, John Green, ein sår pianoballade kledd i duse fargar som midtvegs lurer seg inn i eit halsbrekkande mellomspel, før den endar opp med å stå heilt avkledd tilbake; "my friend he drinks a bottle, two buckets and a cup, twentyfour glasses straight down just in case she shows up".

Så sjølv om det er eit par tilfeller (Kompis, Small Errors Grow Heads) som slit litt med tiltrekkingskrafta blir det rådande inntrykket at Sister Sonny er både tøffe, smarte og ikkje minst eggande også i desse litt enklare skoa. Eller som Pedro påpeikar ved fleire anledningar på albumet; "all you need is cuban heels".

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo