cover

Pilegrim

Odd Nordstoga

CD (2008) - Universal / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Vise / Folk

Spor:
Pilegrim I
Min Eigen Song
Min Veg
Når Du Kjem Til Meg
Vidare Min Song
Tomt Hus Blues
Ser Deg No
I Byen Samarkand
Ein Annan Måte
Liten Narr
Eit Land, Ei Elv, Ei Bru
Aude Strand
Pilegrim II

Referanser:
Bjørn Eidsvåg
Vamp
Geirr Lystrup

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Ei vandring på ein annan veg

Med vandrarens retorikk, og både trompet og fiolinar som følgjesvener, kjem ein velkjent luring i ein ny, men ikkje spesielt spennande, kledning.

Det er ein Nordstoga i nokså andre lyd- og ordelag som presenterer seg på Pilegrim, enn han som introduserte seg med bygderomantiske formuleringar i eit folkeamericana tonelag for fire år sidan (og som fylgde dette opp eit par år seinare med eit ynskje om å ville Heim Te Mor). Denne gongen har han tatt på seg finkleda, fått med seg eit par jazzmusikarar og ein liten gjeng med strykarar mellom henda.

Prosjektet vart fødd i 2005 då Nordstoga fekk førespurnad om å lage tingingsverk til festspela i Bergen. Han starta då ut i kjente omgjevnader, med å få tak i tekstar hos to karar han hadde fått slikt frå før. Frå sin gode venn Stein Versto, og frå vestlendingen som forsynte han med teksten til ei ikkje heilt ukjent vise om ein noko høglytt gris, Ragnar Hovland. Sistnemnte sine vart opphavlig presentert i 1999, i Dr. Munks Andre Reviderte Songbok. Det kan vel vanskelig seiast å vere anna enn godt dugande tekstar, både dei fem frå Hovland, og dei åtte ført i penn av Versto. Samstundes som dei har eit noko meir vemodsfullt drag over seg enn mykje av det Nordstoga har presentert ved sine to førre korsvegar.

Kva så med tonane Nordstoga har tilført desse orda? Dei fylgjer opp det vemodige utgangspunktet ved å ha godt med både lengt og skumring i seg. Av og til ber dei nok preg av at dei er konstruert rundt ord som var der først, og ikkje er blitt til på eit fritt trallande grunnlag. Det fører med seg at opplegget til tider kan ha eit litt stivt og tilgjort preg over seg. Eit anna minus er at fleire av songane har eit litt for likt tonegrunnlag, og såleis slit med å finne sin eigen identitet. Utan at eg vil hevde at desse innseiingane fører til eit totalhavari. For Nordstoga har eit og anna å fare med på dette viset også han. Ja endå til om ei tredje innseiing handlar om at han innimellom skaper noko som får fram ei ikkje spesielt godgjerande Vamp-møter-Bjørn Eidsvåg kjensle i meg.

Strykarane får aldri ta overhand og smekte til, dei kolorerer helst i bakgrunnen. Det synst eg er ei god løysing. Trompetist Arve Henriksen bles helst varleg og sjeldan verken spesielt jazzig eller fritt vandrande i hornet sitt. Det siste burde han kanskje fått lov til å prøve seg på. Gjerne også tangenttraktør Ståle Storløkken. Eg trur det hadde gjort plata litt meir utrygg og overrumplande. Noko som i mine auger sjeldan kan seiast å vere dårlige eigenskapar hos ei plate.

Den funky og rett så friske Tomt Hus Blues er eksponenten for at eit vitalt og framoverbøygd driv med hell kunne blitt gitt meir rom på plata. Medan det hektiske tospannet I Byen Samarkand og Ein Annan Måte viser at det kanskje ikkje hadde vore ein god idé likevel. Den vesle fint tempererte og folketoneprega visa Min Veg er ein god eksponent for at Nordstoga og hans mannskap maktar å feste eit dugande grep om den varlege melankolien. Det same kan seiast om Min Eigen Song, med sine kløktige akkordar, samt den melodisikre Liten Narr. Tittelsporet som rammar inn plata i to versjonar ber på si side fram ein vandrars ettertanke og livsvisdom på eit habilt, men ikkje særlig spenningsfullt folketonalt vis.

Kva veg han Nordstoga har tenkt å vandre neste gong veit eg ingenting om. Men har han ein gong tenkt å vandre på liknande stiar som dette att, trur eg han bør tenke på å gjere det litt meir dansande, frigjort og respektlaust. Og ditto mindre konvensjonelt, taktfullt og snilt.

comments powered by Disqus

 



Øystein Trædal
2009-08-03Nei du

For en håpløs anmeldelse, det holder ikke med en gjennomlytting av dette albumet, noe som jeg tror har vært tilfellet her. Og hva er hensikten med å sammenlikne med tidligere utgivelser? Referanser som er helt tankeløse. Nei, hør på musikken med et åpent sinn, tenkt at det du hører er noe som skal stå helt for seg selv.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo