cover

Last Night On Earth

Noah And The Whale

CD (2011) - V2 / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indierock / Synth / Poprock / Folkpop

Spor:
Life Is Life
Tonight's The Kind Of Night
L.I.F.E.G.O.E.S.O.N.
Wild Thing
Give It All Back
Just Me Before We Met
Paradise Stars
Waiting For My Chance To Come
The Line
Old Joy

Referanser:
Brian Eno
The Magnetic Fields
Pet Shop Boys
The Postal Service
Belle & Sebastian
Mumford & Sons

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Folk med synth

Det er ikkje så mykje folk att i popen til Noah & The Whale. Dessverre ikkje så mange gode låtar heller.

Tittelen på Noah & the Whale sitt tredje album er inspirert av tittelen på ei diktsamling av Charles Bukowski. Så har eg lest. I eit intervju med frontfigur Charlie Fink. Det ville eg aldri ha høyrt. Aldri. Fornamna til dei to, Fink og Bukowski, er vel den einaste likskapen eg klarar finne mellom dei to. Sånn elles klarer eg ikkje sjå dei føre meg i same rom, i same gate. Der Bukowski skriv linjer det luktar sveitte, piss, sæd og gårsdagens alkoholinntak av, opplever eg at det luktar temmelig så nyvaska og reingjort av det Fink har føre seg.

Og ikkje noko galt i det. Å lukta nyvaska og reingjort altså. Det finst mange måtar å gjere sakene sine på. Mange måtar å skrive sine songar, dikt og slikt på. Og å vaska og gjere fint det ein skriblar ned kan vere ein bra måte det. Samstundes opplever eg at dette, denne Bukowski-koplinga, illustrerer litt av det som er problemet med Last Night On Earth. Albumet vil noko, det er ein tanke med det (for ikkje å seie fleire tankar), det er ein ambisjon. Men det blir så sjeldan til noko. På eit par unntak nær klarer det ikkje å tre fram frå sitt pop-pertentlige tablå og uttrykke seg som noko interessant.

Dei kom til oss leikne og plystrande for tre år sidan. Med singelen 5 Years Time, albumet Peaceful, The World Lays Me Down, og Laura Marling som eit av bandmedlemmene, viste dei seg som eit rett så trivelig lite folkpopband. Så drog Laura, i frå bandet, og i frå Charlie. Og må nok ta på seg sin del av ansvaret for at oppfylgjaren The First Days Of Spring vart eit album dyppa i tristesse. Men trist musikk kan vere bra musikk det, og det var i grunn The First Days Of Spring også, bra.

Last Night On Earth er lite folkpop. Last Night On Earth er mykje synthpop. Trommebroder Doug Fink forsvann etter førre album. Han som er komme inn i staden, slik at dei framleis er ein kvartett, spelar på keyboard og gitar. Tromminga er det ei maskin som tek seg av. Lyden trengte ikkje ha blitt meir steril og livlaus av den grunn, men den har blitt det. Låtane si tiltrekningskraft trengte heller ikkje å ha blitt svekka, men det har den blitt, gitt.

Last Night On Earth er ikkje eit dystert dommedagsopplegg. Albumet er i grunn ganske så positivt i sitt vesen. Det mest positive og håpefulle dei har laga. Eit slags hovudtema på plata er endring. "He used to be somebody, now he's someone else" statuerer Fink i første strofe. "Tonights the kind of night, where everything could change" syng han, saman med fleire andre, i refrenget til Tonight's The Kind Of Night. Ein spenstig og for så vidt finfin poplåt. Ein låt som i tospann med singelvalet L.I.F.E.G.O.E.S.O.N. viser fram popevner dei resterande åtte spora slit med å gje til kjenne. L.I.F.E.G.O.E.S.O.N. ein fiffig og trøystande popsak som først og fremst handlar om at "what you don't have now will come back again". Enten du er rock'n roll overlevaren Lisa, eller den mislykka kunstnaren Joey som gjorde sine beste arbeid i breva han skreiv heim. Ein sak som viser at Fink kan formulere både tekst og tonar på eit attraktivt vis. Det skulle berre ha skjedd noko oftare.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo