cover

Strays Don't Sleep

Strays Don't Sleep

CD (2005) - One Little Indian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Americana / Countrypop

Spor:
Love Don't Owe You Anything
Pretty Girl
Martin Luther Ave.
Night Is Still
For Blue Skies
Spirit Fingers
April's Smiling At Me
Cars and History
Falling Asleep With You

Referanser:
Matthew Ryan
Neilson Hubbard

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Sovemedisin

Det er mulig at Strays Don't Sleep, men det er litt meir usikkert om lyttaren vil halde seg vaken.

Matthew Ryan er ein singer/songwriter i americana-klassen frå Pennsylvania, av den høgst gjennomsnittlege sorten. Neilson Hubbard frå Mississippi har pleidd å uttrykke seg musikalsk i eit nedstemt folkpop-landskap, og har skapt eit og anna av absolutt godkjent karakter. Begge har vore aktive på platefronten sidan midten av nittitalet. No har dei eit fellesprosjekt på gang som dei kallar Strays Don't Sleep.

I presseskrivet blir det freista med ein "filmatisk mikstur av Sinatra, Roxy Music og Curtis Mayfield sett gjennom linsene til ambient urban folk", kva no det måtte bli for noko. Vel, det virka no i alle fall spennande nok til at eg verkelig hadde visse forhåpningar til dette prosjektet. At det låg ved ein DVD med små filmar til kvar låt (ikkje videoar, ifølgje dei to herrane) var eg nok litt meir usikker i forhold til. Var dette eit utslag av vel høgtravande pretensjonar, eller eit kreativt og interessant innfall? Etter første runde med lyd-dingsen i stereoen var skuffelsen total, og tinga betra seg ikkje etter ein omgang i selskap med dei visuelle hjelpetiltaka heller. Dette høyrdest (og såg) flatt og søvndyssande ut, og levde på ingen måte opp til kva labelen sin skriveføre luring hadde lova.

Etter nokre veker langt nede i bunken kom albumet til overflata igjen. Ny sjanse. Og..., neida dette er ikkje historia om den totale omvendinga, men det har faktisk dukka fram eit og anna spor av dugande art etterkvart. Opplegget har imidlertid ingenting med dei tre som det er referert til i presseskrivet å gjere. Det der med det filmatiske derimot, og det med ambient urban folk er kanskje ikkje så håplause karakteristikkar.

Dei serverer tonane sine i ei dvelande og av og til nesten stilleståande form, der låtane liknar veldig på kvarandre. Bakteppet er spartanske synthetiske lydtepper, unnselige loops og nennsam rytmikk. Lenger framme høyrer vi den akustiske gitaren og klunkande pianotonar. Aller lengst framme i miksen er stemmene. Matthew Ryan si håse og nesten kviskrande, og Neilson Hubbard si litt reinare og lysare. Det er når sistnemnte syng at ein finn det meste av det som er verdt å notere seg. Night Is Still og April's Smiling At Me er to fine folkpop-balladar med Hubbard si røyst i framgrunnen. Av dei Ryan sungne har For Blue Skies og Cars and History litt for seg. Særlig sistnemnte med Hubbard sin responderande og opponerande vokalisering skil seg noko ut.

Desse filmane dei har laga til låtane er handlingstomme og minst like dvelande som låtane. Veit ikkje heilt om dei har den store bruksverdien, det er trass alt kjekkare å skape bileta sjølv. Det spørst berre om ein vil finne fram att til albumet igjen nokon gong for å la det skje, det heile blir liksom litt for temperaturlaust til å sette merkbare spor etter seg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo