cover

S/T II: The Cosmic Birth and Journey of Shinju TNT

Akron/Family

CD (2011) - Dead Oceans / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Psykedelia / Prog / Avantgarde / Pop

Spor:
Silly Bears
Island
A AAA O A WAY
So It Goes
Another Sky
Light Emerges
Cast a Net
Tatsuya Neon Purple Walkby
Fuji I (Global Dub)
Say What You Want To
Fuji II (Single Pane)
Canopy
Creator

Referanser:
The Flaming Lips
Animal Collective
Megafaun
Fleet Foxes
Wooden Wand and the Vanishing Voice
Yeasayer

Vis flere data

Se også:
Set 'Em Wild, Set 'Em Free - Akron/Family (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Honning og syre

Ein nokså eineståande kombinasjon av kosmiske krumspring og den melodiske lykketilstand.

Det skjer saker og ting når Akron/Family er på ferde. Ikkje fordi dei er ein stor familie, dei er berre tre. Det blir sagt at dei er frå både Brooklyn og Portland. Tonane dei har fanga, og ivrig spreier rundt seg kjem imidlertid langt vidare ifrå. Sånn har det vore før, sånn er det nå. Sånn var det då dei i 2009 kom med den friske oppfordringa Set 'Em Wild, Set 'Em Free. Sånn er det i år når dei lanserar The Cosmic Birth and Journey of Shinju TNT. Kva nå det måtte tyde, for å sitere dei sjølve.

Dei hevdar hardnakka at dei opphaldt seg i Japan då desse tretten songane vart skrivne. I Akan Nasjonalpark på den nordlige øya Hokkaido, i ei hytte like ved foten av den aktive vulkanen Mount Meakan. Sjølve innspelinga vart så gjort i ein nedlagt jernbanestasjon i Detroit. Dei neste månadane nytta dei til å spreie litt forvirring og skape litt myte omkring heile utgjevinga. Den blei oversendt plateselskapet Dead Oceans stykkevis og delt, saman med gåtefulle tingestar og mystiske meldingar. Men nå er plata altså her. Og, ironisk nok, meir heilskapelig i si form enn eg kan minnast å ha høyrt dei vere før.

Vel, vel, heilskapelig og heilskapelig, eg snakkar då naturligvis i Akron/Family-målestokk. For sjølvsagt humpar og sprett, trillar og trallar, dansar og svevar dette i fleire retningar enn kva dei fleste band for seg til å bestille. Den fridomsfulle folktonen er der, den psykedeliske fargerikdomen er rundelig, og dei er meir enn villige til å utøve litt avantgardistiske fakter. Det soniske spranget i frå, la meg seie, det barske rittet Silly Bears til finstemte Cast A Net kan vel heller ikkje seiast å vere anna enn betydelig. Like fullt sit eg med ei kjensle av å lytte til ei plate som heng i hop, og slett ikkje eit überkreativt lappeteppe.

Det handlar om kontrastar. Det handlar om sommartankar, vårdraumar og solskin, men også om sur blåst og smertefull nedbør. I ein krok kan ein ane dei temte tankar, og lene seg mot varlige tonar, men ikkje langt unna, berre like om hjørnet, lever dei sveitte ideane og desperate tonane. Dei naive og truskuldige utspela er aldri langt unna, men møter heile tida på uregjerlig sonisk motstand. Sakene deira både luktar og smakar av honning, men dei funkar som syre.

Ikkje minst Silly Bears. Med syregitar, skurrande bass og motoriske taktar driv den på, med sitt, medan den unisone songen handlar om andre ting. "Wherever its laughing, dancing and honey, I'll be there" er slikt som dei syng. Som om Ole Brum på tur med Merry Pranksters skulle vere ein god idé. Vel, dei får meg overtydd om at det er ein beint fram glimrande idé.

I ei langt meir kongruent form opptrer Cast A Net. Og byr på eit mantra, "cast a net, and cast it wide", lokkande harmonistemte "aa-aah-ooh", ein mild akustisk gitar, vennlige keyboard-skyer, og ein fjern tamburin. Eller, sympatisk folkpsykedelia som ein kunne få mistanke om var henta rett utav songboka til Fleet Foxes, for å nytte litt andre ord.

Det dempa, sfærisk lydstrøymande og svalt dansande overtar heilt i albumets siste fase. Frå Fuji II til Creator. Her er det klukk og klunk under ein vid og blid himmel, og særdeles lite gnissel. I albumet sin første halvdel er det berre Island som lever under slike tilhøve. Vakre Island med sine drøymande symjetak i varme soniske bølgjer, "la-la-la-la-la-la...the gulf of Mexico".

Det er andre tilstandar kring Island. Den elektriske gitaren gjer seg der sterkt gjeldande. I riff og prog og syreform. Lysten på å treffe dei høge tonar i Another Sky. Og den gjer det, og det blir nedbør og bråk, men slett ikkje berre det. Another Sky femner også kring dei flottaste melodiske linjene på heile plata, og lovar på det viset evig truskap mellom sonisk røvarverksemd og imøtekommande humanisme, "beneath another sky". So It Goes er ein litt annan historie. Ein to og eit halvt minutt kort rakkarphant på ei ikkje heilt stødig riff-ferd i nabolaget til You Really Got Me, og slike ting. Der songaren passerer heimlause og utstøytte, og kjem heim igjen utan vekslepengane han putta i lomma etter ein heldig og god handel på supermarknaden, "so it goes".

Akron/Family er ikkje bandet med dei poetiske eller spesielt tankevekkande tekstane. Til tider er vel tekstane heller noko einfaldige og prosaiske. Akron/Family er heller ikkje på langt nær det første bandet som miksar ihop eit folkpsykedelisk rockebrygg. Det er berre det at det er noko med miksen og innsatsen her som på eit vis glatt annullerer alle slags innseiingar. Kanskje har det noko med sjarm å gjere, kanskje noko med mystikk, eller kanskje noko med overskot. Til sjuande og sist blir dei nå i alle fall dei de er, og ingen andre. Sånn var det sist, sånn er det nå, og kanskje er årets plate den aller sterkaste dei har levert. Kanskje.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo