cover

The Street Was Always There (Great American Song Series vol. 1)

Eric Andersen

CD (2004) - Appleseed

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Poprock / Visepop

Spor:
A Little Bit of Rain
These 23 Days in September
Universal Soldier
Johnny Half-Breed
Waves of Freedom
I Ain't a-Marchin' Anymore
Louise
Misty Roses
White Boots Marching in a Yellow Land
A Hard Rain's a-Gonna Fall
Many a Mile
Other Side of This Life
The Street Was Always There
Phil Ochs Speaks

Referanser:
Fred Neil
David Blue
Tim Hardin
Rick Danko
Jonas Fjeld

Vis flere data

Se også:
Waves (Great American Song Series vol. 2) - Eric Andersen (2005)
Beat Avenue - Eric Andersen (2003)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Det var ein gong

Protestviser og andre viser, om igjen.

Som ein fortropp til hippiebevegelsen og dets like, blomstra det tidleg på 60-talet fram eit miljø av folksingers (på norsk visesangarar) på gatene, kafeane, klubbane og grøntarealene i Greenwich Village, New York. Ein av aktørane som fant seg til rette i denne gjengen var Eric Andersen. Ein ung mann frå Pittsburgh som høyrde til den delen av miljøet som skreiv personlige og poetiske viser, i motsetning til dei kanskje meir kjente "protestsangarane". Men hans varme røyst og det den hadde føre seg vann vel egentlig ikkje den veldig store åtgaumen før han i 1972 kom med albumet Blue River, der spesielt tittellåta står fram som ein ærbødig og flott vise kledd i ei mjuk men vinnande drakt. Her til lands er han seinare også blitt kjent som "amerikanar med norske røter", og som samarbeidspartnar med Rick Danko og Jonas Fjeld på eit par utgjevingar av roots-basert materiell.

På The Street Was Always There ser han tilbake mot tida då det starta, og tolkar songar av ein del av trubadurane han vandra rundt i Greenwich Village saman med (samt to sjølvskrevne låtar). Og skal vi tru undertittelen (Great American Song Series, vol. 1) kjem det kanskje til å dukke opp ein oppfylgjar ein gong i framtida også. Med på laget har han mellom anna veteranar som John Sebastian og Happy Traum, samt den yngre og ikkje heilt ukjente Wyclef Jean.

Med bakgrunn i at han var der, såg det, høyrde det og levde det, blir dette noko litt anna enn eit ordinært coverlåt eller "tribute"-opplegg. Intensjonane til Andersen og hans medhjelperar er sikkert dei aller beste, men det heile klarer likevel ikkje å erobre denne lyttaren i særlig grad. Stemma hans er blitt litt meir rusken med åra, og maktar ikkje alltid å omfamne sangane. Og arrangementa blir til tider for svulstige og drep det som berre er ein enkel, fin liten sang. Spesielt ille er den ti minuttar lange versjonen av Dylan sin A Hard Rain's a Gonna Fall, den høyrest mest av alt ut som eit fyllesjukt Dire Straits på tomgang, slapt og ullent.

Dei to antikrigssangane til Phil Ochs, han tolkar her, blir på si side trampa sundt av "militante" rytmar og andre brutale innfall. Buffy Sainte Marie sin klassiske fredssang Universal Soldier er eit greit forsøk men er nok å finne i langt betre tapningar andre stader. Noko heldigare er hans omgang med to av Fred Neil sine beste songar, sjølv om han nok ikkje heilt touchar originalen sin glød her heller. Men han skapar faktisk nokre mollstemte stemningar av medrivande art i David Blue-visa These 23 Days In September.

Sine eigne låtar har han også eit bra grep om, og spesielt Wave of Freedom (frå 1969) er ein melodisikker sak han finn den rette tonen i hop med. Men også tittelkuttet med sine strofer om både metaforiske gater og meir verkelige gater held seg med ålreite tonar.

Men når alt kjem til alt er eg ikkje så sikker på at det er ein så veldig god idé å spele inn ein vol. 2. Trur faktisk det ville vore ein god del lurare å ta ein telefon til ein rusten herre i Drammen.

comments powered by Disqus

 



norvald bakken
2008-01-20

det hadde vore kjempeflott for oss som diggar musikk og har lyst til å kjøpe plater og eventuellt fått ein link til dei forskjellige album som har lagt ut litt musikk for oss som kansje ikkje kjenner alle artistar. eg er litt spontan og kjøper musikk som eg fell for sjølv om eg ikkje har høyrt so mykje frå vedkomande artist

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo