cover

Lights and Wires

Jake Ziah

CD (2008) - Psycling Birdwing / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Ørkenrock / Psykedelia / Cinematisk / Countryrock / Folkrock

Spor:
Leave No Stone
Come Join
Long Gone (the assassin)
Iberian Slug
No Direction
Alarms
This Time
The Kingdom
The Making
The Hammering
Innocence (the assassin part II)

Referanser:
Nick Cave and the Bad Seeds
Willard Grant Conspiracy
Tom Waits
The Walkabouts
Helldorado
Cinnamoon

Vis flere data

Se også:
Jake Ziah - Jake Ziah (2003)
These Days Do You No Justice - Jake Ziah (2004)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Syndig og nådelaust

Med dramatiske fakter, filmatiske evner og eit ikkje altfor lettfattelig melodimønster grip Jake Ziah etterkvart tak i deg.

Eit godt stykke på sida av dei beine og straumlinjeforma tonar er det at Jake Ziah kjem sigande i eit ikkje altfor oppløftande tempo. Dei har vore her før, med eit debutalbum, som overtydde i alle fall denne lyttaren om at sidesporet dei hadde pensa inn på var av det slaget eg meir enn gjerne kunne fylgje nokre mil. Dei er stadig på det same sidesporet, dei er stadig verdt å fylgje.

Dei vart slett ikkje profetar i eige kongerike med det dvelande og skittengrå debutalbumet sitt These Days Do You No Justice. Ei viss rettferd vart dei likevel til del, då det smått om senn byrja dukke opp små fanskarar i utlandet. I Amerika, i Japan og i Frankrike. Ja særlig i Frankrike. Derfor kanskje ikkje så underlig at dei fekk spele under MIDEM 2008 i Cannes, som einaste norske rockeband.

Jake Ziah sine to dominerande skikkelsar er, som det alltid har vore, Syvert Feed og Arnar Vågen. Dei deler på låtskrivinga, dei har begge ei rusten røyst som ber songane langs eit spor av blødande, primitive og tidvis slitne strenger, forbi truande feedback og fyrige orgeltonar, ofte med eit ikkje altfor gangbart rytmemønster i ryggen. Det siste er det trommis Kristian Husby som skal få mykje av æra for. Når albumet no ser dagens lys er han visstnok ikkje lenger ein Jake Ziah, han har dratt heim til garden sin. Dei siste månadane har bandet i staden hatt med seg trommeveteranen Paolo Vinaccia når dei har spelt live. Det fjerde (men no altså tredje) faste medlem i banden heiter Daniel Henriksen. Kva han gjer er noko uklart. Men han har sikkert gjort sitt til at Lights and Wires har blitt ein verdig oppfylgjar til det tre år gamle debutalbumet.

Ånda som driv dei er stadig den same. Det er ei ånd som kjem blåsande frå Americanasteppene sør for bibelbeltet. Men ikkje strake vegen. Eg har den også mistenkt for å ha vore innom eit par slaviske kneiper og kanskje eit medtatt sirkus i ei Parisisk bakgate før den slo ned som eit lettare forstyrra lyn i sofaen til dei unge herrane. Frå dette ulmande opphavet tyner så Jake Ziah fram tonar som aldri finn snarvegen til lyttarens hjerte.

Med marginal melodiøsitet og ein hang til å flørte med både monotoni og mørkleggjande tonegods og tankegods ber dei ikkje akkurat om å bli omfamna og sendt til topps på hitlister og slikt. Jake Ziah er nok snarare av den sorten som kjem krypande. Sakte, litt lumskt og utan ei fargesprakande drakt gjer dei sine framstøyt. Når ein har latt dei få lov til å gjere dette nokre gonger byrjar det inne i det grålege mylderet å vekse fram noko som kan minne om meir forgylte saker.

Aller først til å melde seg er Leave No Stone, i ein countryrockande og Walkabouts-gyngande valsetakt, med kraftfullt lengtande orgelsus, og med eit uttalt ynskje om å "leave nothing undone, no stone unthrown". Med bibelske referansar til djevelen i epletreet festar dei etterkvart eit kjellarklamt bluesgrep i Long Gone (the assassin). Grepet dei festar i This Time er på si side av det lausare og meir avstemte slaget, der dei i eit slepande, strengeraffinert og tidvis jazzstemt mønster slepp ein bakgatevandrar til med lovnader om at "this time my love, this time I'll make it across". Utan at ein heilt klarer å tru på han.

Den mest intense og kanskje største stunda på plata er det seks minuttar lange kapittelet The Hammering. Ein skingrande saktedans der innbydande tonalitet sloss mot ramnsvart atonalitet i eit tiltakande kaos med religiøse undertonar og alt anna enn skuldfrie overtonar. Noko mindre givande synst eg at den lange klagande og monotone instrumentalutgangen på niminuttars opplegget The Kingdom er. Dei innleiande minuttane i same låt derimot, er akkurat så truande mørke og gnagande gode som det Jake Ziah kan vere. Og som dei ofte er på Lights and Wires.

I alle fall ofte nok til at plata fort kan snuse på tittelen årets norske, når året ein gong er omme.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo