cover

Something For All of Us...

Brendan Canning

CD (2008) - Arts & Crafts / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Indierock / Shoegaze

Spor:
Something for All of Us
Chameleon

Hit the Wall

Snowballs & Icicles
Churches Under the Stairs
Love Is New
Antique Bull

All the Best Wooden Toys Are Made in Germany
Been at It So Long
Possible Grenade
Take Care, Look Up

Referanser:
Broken Social Scene
Sonic Youth
Yo La Tengo
Grandaddy
Radiohead

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Something = litt meir enn Nothing

Ein sympatisk og groove-god bassmann, men ingen frontmann.

Eg skal gje Brendan Canning rett i at det er Something på denne plata hans. Kor vidt det er Something For All of Us kjem vel meir an på korleis mannen definerer Us. Vidt eller indie-smalt. For eg trur neppe stoffet hans er av det slaget som vil få innpass hos den store hop av menneskeslekta. Og kanskje ikkje hos så altfor mange i eit smalare segment heller? Når det er sagt, dette er ikkje særlig smalare enn det bandet hans, Broken Social Scene, har presentert for oss gjennom ei handfull utgjevingar. Men det er langt unna å vere like interesseskapande.

Det var Brendan Canning som saman med Kevin Drew stifta Broken Social Scene for 6-7 år sidan. Men der Drew har stått fram i rolla som låtskrivar, vokalist og kreativt midtpunkt, har Canning helst helde seg nokre skritt bak og grove fram pumpande og effektfulle groove frå bassgitaren sin.

Det har vore fleire deltakarar med på Broken Social Scene innspelingar enn kva denne lyttar har planar om å finne ut av. Mange av dei har også gitt ut plater, enten som soloartistar eller i andre bandsamansetningar. For eitt år sidan kom Kevin Drew med sitt første soloalbum, Spirit of... Det var det første i ein, sannsynlegvis lausleg påtenkt, serie kalla Broken Social Scene Presents. Det var eit innhaldsrikt og vitalt album, med ei sonisk utforming som gjorde at det greitt kunne fått tildelt rolla som oppfylgjaralbum til moderkollektivet sitt sjølvtitulerte frå 2005.

Something For All of Us er plate nummer to i BSS Presents-serien. Det er mykje innhald her også, berre litt mindre enn hos Drew. Men det langt unna å vere eit like vitalt stykke musikk. Det soniske landskapet Canning beveger seg i er også lenger unna BSS enn det Drew var. Utan at eg har tenkt å gje han noko minus for nett det.

Minus får han for at fleire av låtane har eit grunnleggande uinteressant vesen. Vidare gjer eg han trekk for ei songstemme som vel må kallast temmelig veik og karakterlaus. Og det kan nok heller ikkje definerast som positivt at det er eit nokså matt og stasjonært preg over store deler av albumet.

Canning har på ingen måte gjort dette åleine. Til saman tjue musikarar har vore innom og gitt lyd frå seg under innspelinga. Folk frå både BSS, vennekrins og nabolag. Dei har gitt godt med lyd frå seg også. Det er nemlig eit lydgrandiost preg over store deler av plata. Ein til tider nesten ugjennomtrengelig vegg av lyd, der den elektriske gitaren har ei dominerande rolle. Då kan det minne litt om både Sonic Youth og diverse shoegaze-akter. Best utført i tittelsporet og i den rytmisk yppale Hit the Wall. Men elementa av kvit støy vert også dyssa ned i enkelte samanhengar, og det atmosfæriske blir hengande der som eit skånsamare, men ikkje altfor innhaldsrikt, monumentalt bilete. Eit lite pluss til sorgtunge Been At It So Long, som sym seg mot natt med langsame tak i eit vakkert svirlande modus. Eit anna pluss, frå eit meir pågåande sonisk hjørne, skal også bli gitt til melodisk oppegåande og bassdrivande Churches Under the Stairs.

Something er det her altså, men langt frå nok til at eg synest Canning eigentlig hadde trengt å ta seg bryet med å spele inn denne plata.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo