cover

American VI: Ain't No Grave

Johnny Cash

CD (2010) - Lost Highway / American Recordings / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Blues

Spor:
Ain't No Grave
Redemption Day
For the Good Times
I Corinthians 15:55
Can't Help But Wonder Where I'm Bound
Satisfied Mind
I Don't Hurt Anymore
Cool Water
Last Night I Had the Strangest Dream
Aloha Oe

Referanser:
The Carter Family
Hank Williams
Merle Haggard
Marty Robbins
Kris Kristofferson
Willie Nelson

Vis flere data

Se også:
Man In Black - The Very Best of Johnny Cash - Johnny Cash (2001)
Songs of Our Soil - Johnny Cash (1959)
Sings the Ballads of the True West - Johnny Cash (1965)
At Folsom Prison - Johnny Cash (1968)
Silver - Johnny Cash (1979)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Dei siste songane

Johnny Cash sluttar aldri å synge. Men no er det visst tomt på båndet til Rick Rubin.

Det er slutt no, blir det sagt. Ain't No Grave er siste sukk. Siste kapittel i ein føljetong som har prega moderne musikk sidan midten av nittitalet. Utrulig nok.

Johnny Cash var inga heit potet, eller stod særlig høgt i kredibilitetskurs på byrjinga av nittitalet. Det hadde gått eit tiårs tid sidan han song eit par Springsteen-songar, og gjorde noko minneverdig. Takka vere Rick Rubin og American-serien skulle han imidlertid bli noko av det mest kredible og uangripelige i heile musikkverda. Vel, ikkje berre takka vere denne Rubin og serien då. For, det er jo ein katalog bak der også, som ein absolutt ikkje skal kimse av. Frå Folsom Prison Blues til The Man In Black og tilbake igjen byr den på store countryaugeblikk. Nokre av dei største. Med American-serien har krafta i denne katalogen blitt endå sterkare.

Det er sagt at det var Rubin som styrte mykje av dette prosjektet. At dei fleste songane var det han som fant fram til. Men det var Cash som song dei. På sitt vis. Med si røyst, denne formidable signaturen av ei røyst som fyller kvar strofe med ein nesten usannsynlig kombinasjon av autoritet og eit audmjukt sinnelag. Mot slutten vart den noko skrøpeligare denne røysta, litt skjelven og vissen i kantane. Den var på veg mot døden. I september 2003 stilna den.

Men American-serien var ikkje komme til sin ende av den grunn. Rubin hadde nemlig litt av kvart på bånd han, som verda ikkje hadde fått høyre enno. For Cash song så lenge det var pust i han, og Rubin satt der med opptakaren sin. Den luringen. Og som luringar flest veit han ein god del om korleis det kan vere lurt å spele ut korta sine. Med omhu. Så han venta til 2006 før han gjorde eit utspel. Det bar tittelen A Hundred Highways, og gjorde for så vidt ikkje skam på serien. Den sterkt reduserte helsa til Cash er veldig nærverande albumet igjennom, men hans eineståande evne til å vere i songen hadde ikkje forvitra. Dermed vart det eit, om ikkje skilsettande så i alle fall, verdig punktum. Trudde eg.

Fire år etter viser det seg altså at Rubin har gøymt unna til eit utspel til. Eit som har sitt opphav frå dei same studiobesøka som A Hundred Highways vart til under. Så det har sine kvalitetar, det har sine manglar, og det har sine songar. Ti stykker, om døden, kjærleiken, og livets lærdommar.

Sonisk er det spartansk, slik vi er blitt vant til. Nokre gonger blir røysta berre akkompagnert av ein akustisk gitar, andre gonger fylles det på med litt meir. Bluestonane i tittelsporet blir til dømes rytmeforfulgt av noko som kan høyrast ut som tunge tramp frå kjettingbundne føter. Effektfullt. Cash sin aller siste sjølkomponerte song I Corinthians 15:55 prisar livet og ser inn i døden, og blir kolorert med dunkle strykartonar. Medan avsluttande Aloha Oe har så mykje smektande hawaii-gitar at det blir i drygaste laget.

Fastast er røysta til Cash der den hungrar etter å sløkke tørsten i Marty Robbins sin Cool Water. Sårast er røysta der den fortel om den siste timen av eit kjærleiksforhold i Kris Kristoffersen sin For the Good Times. Lunast er den i Tom Paxton si vemodige vandringsvise Can't Help But Wonder Where I'm Bound.

Plata har nok ikkje dei for all framtid kanoniserte augeblikka, slik dei første kapitla i serien hadde. Den tilfører vel heller ikkje noko av framtidig arkeologisk verdi, som ikkje A Hundred Highways tar seg av. Men den har då sine songar. Sine livskloke og sympatiske songar. Og det er då ikkje heilt utan verdi det.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo