cover

All Tomorrow's Tears - The Best Of Midnight Choir

Midnight Choir

2 x CD (2005) - S2 / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Americana / Countryrock / Poprock

Spor:
In The Shadow Of The Circus
Sister Of Mercy
Will You Carry Me Across The Water?
Neon Moon
Mercy Of Maria
Last Chapter
Dear Friend
Jeff Bridges
Batview (Time Ain’t No Friend)
Long Hard Ride
Talk To Me
Turning Of The Tide
When Wedding Bells Ring
Long Time Ago
Spiritual
Gypsy Rider
October 8
All Tomorrow’s Tears
Degas’s Eyes
Death’s Treshold Step #2/The Train
Amsterdam Stranded
Unsung Heroine
Muddy River Of Loneliness
Mercy On The Street
The Ballad Of Emma The Loner
Sad & Lonely
Poisoned Veins
Waiting for The Bricks To Fall

Referanser:
The Walkabouts
Gene Clark
Talk Talk
Spain
Scott Walker

Vis flere data

Se også:
Waiting For the Bricks to Fall - Midnight Choir (2003)
Waiting For the Bricks to Fall - Midnight Choir (2003)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Der mørket vert levandegjort

Ein vakker, verdig og nesten plettfri dokumentasjon over karrieren til eit stort band.

Frå ei verd der Rain rimar på Pain og Tears rimar på Fears har Midnight Choir skjenka oss mykje vakker musikk. Over ein tiårsperiode, og i skuggen av sirkuset og kaoset, var dei eit av dei aller beste banda her i landet. I fjor tok det slutt. Eit år etter at deira femte studioalbum Waiting For The Bricks To Fall hadde innteke hyllene proklamerte vokalist Paal Flaata Midnight Choir for oppløyst.

Dei tre Skiensgutane Atle Bystøm, Ronny Bystrøm og Paal Flaata byrja å spele saman i 1992, bandet døypte dei Hashbrowns. Tidleg i 1994 fekk dei jobb som husband på Gamla i Oslo. Ikkje lenge etterpå sat dei med ein platekontrakt i henda (på Sonet sin roots- og countryfikserte underlabel Fjording). Samstundes vart dei pålagt å skaffe seg eit mindre kontroversielt og meir sexy namn. I frå Leonard Cohen sin klassikar Bird On A Wire rispa dei ut namnet Midnight Choir.

Andrew Hardin, som også hadde gjort ein del spelejobbar på Gamla (som gitarist i Tom Russell sitt band), vart hyra inn for å produsere debutplata. Og i januar 1995, eit par månader etter planen, var den sjølvtitulerte plata på plass ute i butikkane. Ein fin bunke dugande låtar, der prototypen er å finne på ein del roots og countryfikserte gitarrock-adresser i USA. Det skorta nok litt på eigenarta, og dei heilt markante kvalitetane vart plassert på ventelista.

Tidleg i 1996 vart bandet kjent med Chris Eckman frå Walkabouts, og overtala han til å produsere andreplata (det skal vise seg at han heng med og gjer jobben på dei tre neste Midnight Choir-albuma også). Han gjorde nok sitt til at den amerikanske tonen på Olsens's Lot vart meir intens og særprega enn på debuten. Samstundes er det nok også ein modnare og meir visjonær trio vi møter denne gongen. Flaata si røyst markerte seg allereie på debuten som eit vokalt instrument av ynde, kraft, og eldfull rikdom. I samkvem med dei mørke og smygande spora på Olsen's Lot overtyder den endå meir. Vemodsfullt og elegant pendlar den mellom varleg og kraftfull tilstand. Bak, ved sida av, og innimellom Flaata sine eskapadar kolorerte Atle Bystrøm (eller Al deLoner som han no yndar å kalle seg) med nennsamt og uttrykksfullt gitarspel, lirkande pianotårer og andre passande lydpåfunn. Broder Ronny (som no kallar seg Ron Olsen) vekslar mellom å nytte sin elektriske Fender bass og ein kontrabass. Innleigt rytmehjelpar er trommis Atle Aamodt. Heilt i botn for det vellykka resultatet ligg deLoner sin låtskrivarkunst. Ein kar med den viktige evna å kunne skape tonekombinasjonar det går an å ha eit varig forhold til.

For eit midnattskor spelar sjølvsagt månen ei viktig rolle. Halvmånen var eit symbol for bandet dei første åra, og ulike månefasar dukka opp i fleire av tekstane. I den gitarrocktradisjonelle og bønnfallande Sister Of Mercy er ”the moon’s just right”. Medan den nesten heilakustiske Neon Moon snur lykke til undergang. The Ballad Of Emma Loner fortel i sjelestjelande stil om han som møter katastrofen med opne auger. Aller rikast på suveren melodiførsel er nok likevel Jeff Bridges. Låta handlar ikkje om den kjente skodespelaren, men om mellommenneskeleg klaustrofobi, skrantne kjensler og lengselen mot fridom. Det er i sistnemnte fase, i eit fantastisk refreng, at Bridges dukkar opp; "I wish I was Jeff Bridges, moving down the highway, with the wind blowing through my hair".

I staden for å turnere stoffet på Olsen's Lot gjekk dei tre nå kvar til sitt. Ja, i nokre månader var dei nesten å rekna som oppløyst. deLoner oppheld seg i lengre tid i England, lytta ein god del på Talk Talk, drog så til Amsterdam og får låtskrivarånda over seg. Bandet samlast igjen og saman med Walkaboutsvenner og Phill Brown frå Talk Talk drog dei til Lisboa. Her spelte dei inn sitt meisterverk.

Med Amsterdam Stranded dimma dei ned den amerikanske tonen og plasserer lyset meir i retning av eit europeisk uttrykk. Det er eit fryktlaust album. Ikkje i tydinga bråkete og sprelsk, for dei gjorde vel kanskje aldri sakene sine langsamare og meir pianofiksert enn på denne plata. Med fryktlaus tenkjer eg i denne samanhengen på korleis dei utfordrar låtstrukturen og improviserer seg inn i eit utrygt farvatn. Her er ikkje alltid eit refreng, eller kanskje kjem det til slutt. Dei vågar å kle låtane i gjennomsiktige drakter, men dei vågar også å sende dei mot mektige høgder. Resultatet vert ein kvilelaus, dvelande, magnetisk og dynamisk låtsyklus. Og sjølv om her stadig er mykje depresjonar og fortvila bøner å høyre, sansar ein også at Amsterdam Stranded tek eit lite skritt nærare morgonlyset, og håpet rundt hjørna.

Heilt utan dødpunkt og skippelyst er albumet også. Likevel er det nokre spor som glødar litt meir. Bayview (Time Ain't No Friend) er eit fortvilinga sitt gospel, der Flaata søkjer heile registeret frå varleg til veldig, samt litt call/respons-samkvem med deLoner. October 8 skildrar med melodisk enkle og elektriske tonar ein fyr som har snudd ryggen til dagslyset, men likevel ser refleksjonen av eit ørlite håp; "hear my plead, hear my plead". I nærleiken av countrytonar tøffar og vinglar Death's Treshold Step #2/The Train seg framover. Ei låt Walkabouts også har gjort ein versjon av. Den pianoborne tittellåta bygger seg opp frå stilla til ei erkjenning av at: "I've found that I been wrong for so long now". Muddy River Of Loneliness er langt ifrå den einaste Midnight Choir-låta med strykararrangement, men den har eit av dei aller vakraste. Magnifikt.

Ekstra kjekt at plata selde brukbart også. I løpet av dei nærmaste månadane gjorde over 20000 nordmenn seg kjende med innhaldet. Spelemannspris fekk den også, men langt viktigare var det nok at bandet igjennom denne plata fekk i stand ein distribusjonsavtale med den tyske labelen Glitterhouse. Eit samarbeid som også fortsetter for soloalbuma til karane, ser det ut til.

Neste album, og eit slags punktum i det deLoner omtalar som ein trilogi, vart Unsung Heroine. Den nådde butikkhyllene i mars 2000. Her er utrykket frå forgjengaren plassert inn i eit meir konvensjonelt låtuttrykk. Mange fine songar, men ikkje ei like tvers igjennom fryktlaus og sterk plate. Double Blank og She Came From West Virginia er blant høgdepunkta. Aller gjevast vert albumet i avslutningsfasen. Nesten ti minuttar lange Painting By Matisse, der Flaata får god vokalhjelp av deLoner, er med sitt håpefulle grunndrag i eit dvelande malerisk landskap bandet på sitt beste. Det siste kan også seiast om det jazzige tittelsporet (Nils Petter Molvær bles i trompeten). Akkurat som Johnny Cash gjorde nokre år tidlegare gjer Midnight Choir ein versjon av Spain-låta Spiritual, og tar den med som bonusspor i første opplaget. Ein finfin versjon, men ikkje heilt Johnny Cash då.

Så skulle altså deira femte album bli svanesongen. Og sjølv om det ikkje er bandet sitt beste, så sørgjer det i alle fall for at midnattskoret tar farvel med livet i bandland utan eit svakt album i kofferten. Det er likevel enkelte spor av stillstand, så kanskje det var greitt å stanse her. Flaata har funne tonen ein oktav (eller så) djupare. Melankolien (og til tider avmakta) rår, og tempoet er stadig dvelande. Den nesten ti minuttar lange, orgelsakrale og kordraperte Long Time Ago sine fire gjentakande tekstlinjer, oppheld seg på ein stad forbi der smerta tek tak. Medan Last Chapter, i tillegg til å ha ein passande tittel, held seg med svært så velfungerande tonar. Mens ein del av det resterande stoffet kanskje gjer litt plankekøyring-kjensler.

Den doble og 28 låtar fyldige samlinga All Tomorrow's Tears dekker desse fem albuma i kvalitetsprioritert orden. Frå Amsterdam Stranded er det med sju spor, og i tillegg to frå den same sessionen, derav låta som har gitt samlinga namn. Olsens's Lot har også med sju spor. Sett i lys av at dette er bandet sine to beste album, kjennest det heilt riktig at dei har fått mest plass. Debuten og sisteplata er representert med fire låtar kvar. Ettersom det er dei fire beste låtane er det vel ikkje så mykje å seie på dei valgene heller. Nokre få av låtane er her i alternative versjonar, og i alt fire singel b-spor har fått plass. At Unsung Heroine berre har med to låtar (tittelsporet og bonussporet Spiritual) er det einaste eg stiller meg noko undrande til. Kor er Double Blank? Og endå viktigare; kor er fantastiske Painting By Matisse? Den kunne til og med fått plass utan å skippe vekk nokon av dei utvalde. Eit lite, men likevel smertefullt sår i denne ellers så praktfulle, og herlig ukronologiske, historieforteljinga.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK-...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: