cover

Astro Kopp

The Low Frequency in Stereo

CD-EP (2005) - Rec90 / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


The cool rulers

Fem låtar medan vi ventar på tredjeplata. Litt nytt og litt gamalt.

Under årets South by South West festival i Austin fekk Haugesund/København-kvartetten The Low Frequency In Stereo kjærkommen åtgaum frå den profilerte Rolling Stone-skribenten David Fricke. I ein artikkel i nemnte magasin trakk han fram bandet som "the cool rulers". Og ja, deira smidige og suggerande rytmeåtferd, og fabulerande og energiske gitar- og tangentytringar, slik det kjem til uttrykk i mykje av stoffet på det sjølvtitulerte debutalbumet (2002) og oppfølgjaren Travelling Ants Who Got Beaten By Moskus (2004), kan så avgjort fortene slike karakteristikkar.

The Low Frequency In Stereo syslar innafor musikalske områder som har fått merkelappar som spacerock, postrock og eksperimentell åtferd. Dei har med rimelig gode grunnar blitt samanlikna med band som Mogwai og Godspeed You Black Emperor!. Samstundes kan ein like gjerne også trekke fram folk som drog på instrumentale utfluktar for 30-40 år sidan.

Dei driv no med å spele inn sitt tredje album, men finn det likevel plausibelt å skjenke oss ein fem-spors EP med litt gammalt og litt nytt stoff. Astro Kopp er tittelen. Ei låt som opphavleg var å finne på deira andre album, men som gjennom å figurere på soundtracket til den populære danske filmen Nordkraft no har fått eit breiare nedslagsfelt. Så ein skal vel ikkje sjå heilt bort frå at denne utgjevinga er eit lite forsøk på å smi medan jernet er varmt. Og det er jo lov. Særlig sidan Astro Kopp er ei låt dei fleste bør finne hugnad i å groove både høgt og lavt til. Den er instrumental, som det meste av stoffet til The Low Frequency In Stereo (og alt på denne EPen). Den er eit gitar- og orgelvekslande ritt i eit funky rytmelandskap. Den er ein av bandet sine aller sterkaste låtar.

Ingen av dei tre nye låtane som har fått plass på EPen når vel heilt opp mot tittellåta, verken i melodisk vitalitet eller suggerande kraft, men er så avgjort dugande saker likevel (i alle fall to av dei). Hilversum er ei regnverslåt i to gjentakande akter. Den tilbakelente duskregn-akta og den meir pågåande og larmande styrtregn-akta. Strobecontroller er eit litt meir massivt tilfelle. Der den til skimrande tonar kjem svevande gjennom tåkelaget, gjer tenesta si og forsvinn ut i det opne rom ridande på ei einstonig støybølgje. Medan Space Echo 2 er ein 34 sekundar kort pling-plong parantes.

Frå debut EPen Moonlanding EP har dei henta fram igjen den 11 minuttar lange Desert. Eit nummer som lever i eit avmålt men stimulerande Can landskap. Rytmisk luftig og eggande, og med gitartonar som vekslar mellom varlege framlegg og meir høgaktive, skurrande og ulande åtak.

Til saman 26 minuttar som kanskje kan bringe The Low Frequency In Stereo ut til litt fleire, og som i alle fall stadfestar kva for eit sonisk raffinert og rytmisk velartikulert band dei er.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo